Stortinget - Møte onsdag den 25. november 2009 kl. 10

Dato: 25.11.2009

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Knut Arild Hareide (KrF) [11:44:38]: Eg har gleda av å stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

«I Nasjonal transportplan lovet Regjeringen å bruke 3,47 milliardar kr over 10 år til universell utforming av jernbanestasjoner. Vi vet at behovet er stort, og vi har en lang vei å gå før transportsystemet er tilrettelagt for alle. I budsjettet for 2010 settes det kun av 30 mill. kr til dette, mens 347 mill. kr ville vært i tråd med Regjeringens eget løfte.

Hva vil statsråden gjøre for at arbeidet med universelt utformede togstasjoner ikke skal stoppe opp?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:45:21]: Eg er særs oppteken av at jernbanen skal opplevast som eit tilgjengeleg, trygt og miljøvennleg transportalternativ til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar. I Nasjonal transportplan 2010–2019 er det, som representanten Hareide peikar på, sett av 3,47 milliardar kr til investeringar i jernbaneinfrastruktur innanfor programområdet stasjonar og knutepunkt. Programområdet omfattar

«tiltak for å forbedre publikumsrettede fasiliteter på stasjoner og knutepunkt med vekt på sikkerhet, informasjon, universell utforming og tilgjengelighet for alle.»

I tillegg til investeringar under programområdet stasjonar og knutepunkt skal det òg brukast investeringsmiddel til stasjonar som inngår i større infrastrukturprosjekt.

I 2010 foreslår Regjeringa å setja av 278 mill. kr til programområdet stasjonar og knutepunkt, slik det går fram av Samferdselsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2010. I denne proposisjonen er det ikkje spesifisert at det skal brukast 30 mill. kr til arbeidet med universell utforming av jernbanestasjonar, slik representanten Hareide legg til grunn i sitt spørsmål. Innanfor ramma av foreslått løyving på programområdet stasjonar og knutepunkt vil Jernbaneverket kunne avgjera kor mykje som kan brukast til universell utforming av stasjonar. Jernbaneverket har dessutan fullmakt til å omdisponera middel innanfor post 30 Investeringar, dersom det skulle vere mogleg å bruka meir middel til universell utforming.

At det føreligg tilgjengelege planar for universell utforming på den einskilde stasjonen, vil vera eit moment som må telja med i spørsmålet om kor mykje som kan brukast på denne typen tiltak i 2010.

Knut Arild Hareide (KrF) [11:47:32]: Eg vil takke for det gode svaret. Eg opplever at statsråden her er tydeleg på at dette er eit område som ho ønskjer å prioritere, og eg forstår òg at her er det moglegheit for – som det blir sagt òg i svaret – omprioriteringar, slik at dette temaet blir lyfta opp.

Da har eg lyst til å vise til at det er store ambisjonar på dette området no, og det er veldig viktig at vi får lyfta det opp. Eg har òg lyst til å vise til eit eksempel frå det eg vil kalle nye stasjonar, som Lysaker stasjon. Der ser vi f.eks. at svaksynte har problem på grunn av at kontrastane er for dårlege, og blinde opplever at dei ikkje kan gjere billettkjøp – ein blir på ein måte avhengig av å få hjelp. Vi har no hatt nokre år da det ikkje har vore satsa sterkt nok på dette. Så eg har lyst til å utfordre statsråden på det ho òg seier i svaret: Vil det da seie at dette området – universell utforming – vil bli lyfta no dei neste åra?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:48:41]: Eg kan stadfesta på Hareide sitt spørsmål at her er store ambisjonar for dei komande åra, noko òg beløpet – 3,47 milliardar kr dei fyrste ti åra – seier noko om. Slik sett er svaret ja. Eg er òg av den meining at det ikkje alltid skal så mykje til, dersom ein berre er merksam ved planlegging og utforming av ein stasjon. Kontrastfargar og bruk av lys er nettopp eksempel på at det ikkje er dei svære kostnadene, dersom ein er føre var.

Det er òg slik at arbeidet til neste år vil gå sin gang: Det er fleire stasjonar som skal byggjast om, og det skal gå føre seg forlenging og tilpassing av plattformer og tiltak for betre publikumsinformasjon, som òg vil koma funksjonshemma til gode.

Knut Arild Hareide (KrF) [11:49:50]: Eg vil på ny takke for svaret, som eg opplever er meir offensivt enn det dei siste åra har vist kva me har fått til på dette området. Det eg vil utfordre statsråden på, er: Me veit at me har i dag ein infrastruktur som gjer dette krevjande. Det gjeld ikkje berre Noreg, det gjeld dei fleste land. Men det eg synest er viktig, ikkje minst når me no går inn og tek nye grep, er at universell uforming ligg på ein måte som ein grunnmur for det arbeidet som skjer. Eg synest det er ekstra vondt å sjå at vi framleis lagar nye ting utan at universell utforming er teken inn i arbeidet.

Eg vil òg utfordre statsråden på korleis ho jobbar når det gjeld t.d. kompetanse innanfor dette området, innanfor sin sektor, for det er ikkje alltid vond vilje det står på, men mangel på medvit.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:50:55]: Lat meg berre aller fyrst seia at i 2010 vil løyvingane m.a. bli brukte til vidareføring av planlegging og til start av ombygging av bl.a. Voss og Holmlia stasjonar. Så er det foreslått ca. 100 mill. kr til forlenging og tilpassing av plattformer og tiltak for betre publikumsinformasjon, noko som i seg sjølv vil fortelja at arbeidet i 2010 langt frå er stoppa opp.

Så vil eg ha ein god – skal vi seia – styrkt dialog med Jernbaneverket, nettopp for å få sett søkjelyset på kor det no har svikta. Det må ikkje stå på kompetanse, særleg sett i lys av at vi har fått eit nytt lovverk frå 1. januar 2009. Vi skal òg setja i verk ny bygningsdel av plan- og bygningsloven i 2010. Det betyr at vi må få plass nødvendig kompetanse.