Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 2009 kl. 10

Dato: 16.12.2009

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Jan-Henrik Fredriksen til samferdselsministeren, vil bli besvart av kommunal- og regionalministeren på vegne av samferdselsministeren.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:52:39]: «Hver høst opplever befolkningen i Finnmark vinterruter i flytrafikken. Dette medfører at forbindelsen til Oslo blir kraftig svekket, med det resultat at veldig mange må fly over Tromsø eller Alta og bytte til Widerøe. Dette innebærer at enkeltmennesker, bedrifter og institusjoner må betale langt mer for å fly enn med sommerruter. Billett tur-retur Kirkenes–Oslo koster sjelden mer enn 3 300 kr, mens tur-retur Tromsø–Kirkenes koster ca. 5 500 kr.

Hva vil statsråden foreta seg for å endre dagens regime?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:53:18]: Norsk luftfart er gjennom EØS-avtalen ein del av ein open europeisk marknad for flytrafikk. Innanfor dette liberaliserte regimet er hovudregelen at flyselskapa sjølve avgjer kva rutetilbod dei vil ha på sine ruter. Flyselskapa set òg billettprisane sine sjølve. Staten kan ikkje påleggje flyselskapa å endre rutetilbodet eller setja ned billettprisane på kommersielle ruter.

Staten kan derimot kjøpe flyruter der marknaden ikkje på eiga hand produserer eit rutetilbod. I statsbudsjettet for 2010 legg me opp til at staten skal kjøpe regionale flyruter for nærare 630 mill. kr. Men det statlege flyrutekjøpet skjer i dag i hovudsak på regionale lufthamner. Det har førebels ikkje vore på tale å ta flyrutene mellom Finnmark og Austlandet ut av marknaden og kjøpe ruter der, så lenge det er eit fungerande rutetilbod på kommersielle vilkår.

Noreg er eit langt og langstrakt land, der luftfart er eit svært viktig transportmiddel. Eg meiner det er bra at flyselskapa har moglegheit til å gjere kommersielle tilpassingar i rutetilbodet sitt, slik at dei ikkje flyr med mange tomme sete.

Eg meiner det er eit langsiktig mål å auke reise- og næringsaktiviteten i nord. Mellom anna håper og trur eg at den satsinga som no skjer i reiselivsnæringa, der Regjeringa òg er ein pådrivar, vil gi grunnlag for eit utvida rutetilbod og lågare prisar.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:54:44]: Jeg takker for svaret.

Det er jo slik at Finnmark på mange områder ikke er et fylke på lik linje med de fleste andre. Behovet for flyvinger er stort, og derfor har vi både to stamflyplasser og ni kortbaneflyplasser i Finnmark.

Det er klart at det på den ene siden dreier seg om å ivareta kommersielle interesser for flyselskapene, men på den andre siden dreier det seg om å ivareta behovet for en samfunnsutvikling på et generelt grunnlag. Når vi vet at man må betale like mye for en flybillett turretur Tromsø–Kirkenes som man betaler for en flybillett tur-retur Amerika, er det klart at noen grep må gjøres.

Jeg vil spørre statsråden om det ikke er mulig å gå inn og se på konsesjonstiden, og få forlenget konsesjonstiden for kortbanenettet i Finnmark på en slik måte at andre, konkurrerende selskaper faktisk blir gitt muligheter til å komme inn på markedet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:55:58]: Det har vore ei målsetjing for Regjeringa å få forlengd konsesjonstid på det regionale nettet. Vi har hatt mange samtalar med EU sine representantar om det spørsmålet, for å få forlengd konsesjonstid og slik kanskje få opp konkurransen på nettet. Det har vore ei målsetjing, det har ein arbeidt med, og det har ein òg delvis fått gjennomslag for, men ikkje fullt ut, slik ein kanskje kunne ha ynskt det.

Det er ei krevjande øving å vere operatør på det regionale flyplassnettet. Det kan nok vere ei årsak til at mange selskap som kanskje kunne tenkt seg å prøve det, ikkje gjer det. Det kostar når det gjeld utstyr, og som sagt er det òg krevjande forhold å fly under. Men målsetjinga som representanten står for, at me skal ha ei samfunnsutvikling, og at infrastrukturen bidreg til det, er me heilt einige om.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:57:05]: Jeg synes det var et heller defensivt svar. Selvfølgelig vet jeg at det blir arbeidet med konsesjonstiden, men spørsmålet er: Når skal vi få dette ut i anbudsdokumenter? Det har vært en pågående prosess i veldig mange år, og vi ser at veldig lite skjer. Det er helt klart at både privatpersoner, næringsliv og institusjoner i Finnmark lider under dette i vinterhalvåret.

Det er nesten så man må spørre: Er det slik at hver mann, på lik linje med Statsministerens kontor, skal ha sitt eget fly for å kunne få på plass en forbindelse for befolkningen som faktisk er til å leve med i vinterhalvåret?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:57:57]: Det er overraskande å høyre representanten Fredriksen ta til orde for sterkare statleg styring. Eg trudde faktisk representanten representerte eit parti som hadde eit noko anna syn, men det verkar jo som om ein tilpassar synet alt etter kva for sak det gjeld. I dette tilfellet ynskjer ein altså sterkare statleg styring over kommersielle selskap, noko som betyr å leve i ein marknad som er styrt av nettopp marknaden. Så det er i seg sjølv overraskande.

Denne regjeringa har sytt for at me har gode tilbod på det regionale flyplassnettet. Finnmark er spesielt utfordrande med dei store avstandane. Til dels gjeld det òg andre delar av Nord-Noreg og delar av Sør-Noreg, men nettopp derfor har me auka bruken av statlege midlar betydeleg for å finansiere eit tilbod som for dei aller fleste føremål fungerer tilfredsstillande.