Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 2009 kl. 10

Dato: 16.12.2009

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 7

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Sortevik til samferdselsministeren, vil bli besvart av kommunal- og regionalministeren på vegne av samferdselsministeren.

Arne Sortevik (FrP) [11:40:28]: Det er jo en god vikar. Spørsmålet lyder:

«De fire største byene, Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim, har alle stort behov for å modernisere sine transportnett. Voksende transportbehov for både gods- og persontransport må dekkes med effektive, sikre og energieffektive løsninger. Gjennomgangstrafikk må få effektive korridorer. Gode løsninger i disse byene er også av nasjonal interesse.

Vil statsråden ta initiativ til at Regjeringen gjennom Samferdselsdepartementet i sterkere grad styrer prosess, planlegging og tidsbruk og i sterkere grad også bidrar med statlig finansiering?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:09]: Staten har det overordna ansvaret for transportpolitikken. Regjeringa meiner difor det er viktig at staten kjem tidleg inn i arbeidet med å finne gode transportløysingar i dei store byane. Samstundes er dei store byområda komplekse både med omsyn til utfordringar, mål og aktuelle verkemiddel. I tillegg er ansvaret for verkemidla fordelte mellom ulike forvaltningsnivå. Dette stiller store krav til koordinering og godt samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege styresmakter.

Gjennom etablering av ordninga med ekstern kvalitetssikring av konseptval, KS1, meiner eg at staten har fått eit viktig verktøy for å styre framtidige statlege investeringar. Som opplyst i samferdsleministeren sitt skriftlege svar på spørsmål nr. 199, frå representanten Sortevik, er det gjennomført KS1 for Oslopakke 3. Den vidare oppfølginga av Oslopakke 3 skjer under statleg styring og i nært samarbeid med Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Arbeid med konseptvalutgreiingar/KS1 er godt i gang både i Stavanger og i Bergen, og i Trondheim vil arbeidet starte opp med det fyrste. Etter at arbeidet med KS1 er sluttført, vil det verte teke stilling til korleis planleggingsarbeidet skal vidareførast.

Gjennom Ot.prp. nr. 15 for 2007–2008 er det varsla at det for komande bypakker vil verte stilt krav om heilskapleg verkemiddelbruk. Eg ser fram til å ha tett dialog med dei ulike byområda om korleis framtidige bypakker bør sjå ut. Eg vil tru det mest effektive vil vere ein kombinasjon av større satsing på kollektiv- og sykkeltilbod og meir effektive restriktive tiltak for å dempe veksten i privatbilbruken, i tillegg til at det mange stader framleis er behov for å byggje ut vegnettet.

Eg vil òg nytte høvet til å nemne beløningsordninga for mindre biltrafikk og betre kollektivtilbod og prosjektet Framtidens byer som Miljøverndepartementet har hovudansvar for. Både belønningsordninga og Framtidens byer gir staten moglegheit til å påverke lokale styresmakter i retning av ein heilskapleg areal- og transportpolitikk. Det er eit mål at den samla statlege og lokale verkemiddelbruken i bypakker, beløningsordninga og Framtidens byer er heilskapleg.

Arne Sortevik (FrP) [11:43:24]: Takk for svaret. På spørsmålet, som er todelt, går jeg videre på den andre biten, nemlig dette med økt statlig finansiering.

De samlede investeringene i samferdselsnettet i disse fire byene de siste 20 årene har vært på henimot 53 milliarder kr. Staten har bidratt med 44 pst., altså vel 24 mill. kr, og bilistene med 55 pst., nesten 30 mill. kr. I tillegg har de betalt 7 milliarder kr i renter og innkreving. Bompengefinansierte pakker videreføres også de neste 20 årene med mindre statlig finansiering, økt bompengeandel og bruk av bompenger til andre formål enn vei. Da blir oppfølgingsspørsmålet: Bør ikke staten øke sin finansiering i de største byene? Er det mangel på penger som gjør at ikke staten og Regjeringen er villige til å øke det statlige bidraget til de nye pakkene og det nye innholdet i videreførte pakker som vi nå står i ferd med å sette i gang?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:29]: Med den nye reforma, Forvaltningsreforma, som trer i kraft 1. januar, får fylka større ansvar for eit større vegnett og eit større sjølvstendig ansvar for investering i gang- og sykkelvegar og kollektivtransport. Prioriteringa av midlane vil i større grad skje innanfor rammetilskotet til fylka. Gjennom Forvaltningsreforma har Regjeringa styrkt løyvingane til det nye fylkesvegnettet vesentleg. Det har òg Regjeringa gjort gjennom Nasjonal transportplan, der Regjeringa har vist vilje til å satse tungt, både på veg og på jernbane. Me veit at jernbane fyrst og fremst er eit tilbod til dei store byområda. Regjeringa har – og kjem til å ha – ein differensiert politikk, der me satsar mest på kollektivtransport i og kring dei store byane, og der satsinga på veg er størst utanfor dei store byane, der kollektivtransport ikkje er eit alternativ for veldig mange.

Arne Sortevik (FrP) [11:45:32]: : Takk igjen for svaret. Jeg må igjen understreke at disse fire byene selvsagt også har behov for å bygge ut og modernisere og effektivisere sine veinett. Det er utgangspunktet for både dette og andre spørsmål knyttet til de store byenes situasjon.

Et fellestrekk for disse pakkene er jo at prosjektene blir dyrere, og at trafikkbegrensende tiltak faktisk reduserer bompengeinntektene, som er selve hovedbasisen i den fremtidige finansieringen. Regjeringen fører en politikk som faktisk går inn for å redusere de inntektene ytterligere, samtidig som man øker bompengefinansieringens andel i prosjekter som skal nybygges.

Vil Regjeringen kompensere at prosjektene blir dyrere, og at bompengeinntektene reduseres? Hvordan vil man eventuelt gjøre det? Eller stiller man seg helt utenfor dette bildet og serverer hele regningen videre til bilistene?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:46:39]: Som eg sa i mitt førre svar, ligg det ei kraftig satsing frå Regjeringa på både veg, jernbane og transportsektoren totalt sett i løpet av neste tiårsperiode.

I St.meld. nr. 16 for 2008–2009 er det gjort greie for prioriteringane på riksvegnettet. Dei står fast som Regjeringa sine prioriteringar. Så snart Statens vegvesen og fylkeskommunane er ferdige med si handtering av handlingsprogrammet for komande planperiode, vil det òg liggje føre ei oversikt over dei samla satsingane i dei fire storbyområda i komande planperiode. Der vil ein òg finne dei svara som er etterspurde her, kor stor del statlege midlar som er lagde inn, og kor stor del bompengemidlar som vil verte lagde inn.