Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 2010 kl. 10

Dato: 10.02.2010

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Borghild Tenden (V) [11:42:54]: «En ny rapport laget på oppdrag for NHO Oslo og Akershus viser at den viktige jernbanestrekningen mellom Oslo og Ski kan stå ferdig i 2015.

Kan statsråden love å være en pådriver for at dette skjer?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:43:12]: Eg er oppteken av å realisera nytt dobbeltspor Oslo–Ski så snart som mogleg. Det nye dobbeltsporet er eit av dei største jernbaneprosjekta i nyare tid, og mange spørsmål må greiast ut før prosjektet er byggjeklart. Prosjektet vil gje store effektar for togtrafikken både lokalt, regionalt og mot utlandet. Det nye dobbeltsporet vil gje store positive effektar, men i byggjeperioden kan eit så stort anlegg potensielt òg ha negative konsekvensar for menneske, natur og miljø.

Samferdselsdepartementet er oppteke av at Jernbaneverket skal sikra ein føreseieleg byggjeperiode med kontroll over kostnader, framdrift og konsekvensar for omgjevnadene.

Prosjektet nytt dobbeltspor Oslo–Ski er i Nasjonal transportplan 2010–2019 planlagt gjennomført med oppstart i 2013–2014 og med ferdigstilling i 2018–2019. Prosjektet vil bli finansiert over ein eigen post skilt frå dei andre jernbaneprosjekta på statsbudsjettet, kap. 1350, post 30, Investeringar i lina.

Det er lagt opp til ein byggjeperiode på fem–seks år, noko som er anleggsmessig rasjonelt for eit prosjekt i denne storleiken. For å sikra ein forsvarleg og demokratisk planprosess er det behov for ytterlegare tre–fire år med planlegging før anleggsarbeidet kan starta. Bl.a. er det svært viktig å gjennomføra grundige grunnundersøkingar, slik at ein ikkje støyter på unødige overraskingar undervegs.

Den nye togstrekninga har høg tunnelandel, og det er viktig at ein vel riktig drivemetode, profil og trasering. God planlegging er svært sentralt for å lukkast. Det er nok av eksempel på tunellprosjekt som er blitt sette i gang for tidleg. I tillegg vil innføringa mot Oslo S bli utfordrande både plan- og gjennomføringsmessig, bl.a. i høve til kultur- og fornminne.

Nytt dobbeltspor Oslo–Ski er eit svært høgt prioritert prosjekt. Ut frå dei opplysningane Samferdselsdepartementet har i dag, kan eg ikkje sjå at det er forsvarleg eller at det er grunnlag for å forsera prosjektet utover det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2010–2019.

Eg har no registrert rapporten som er lagd fram av NHO. Eg kjem til å sjå veldig nøye på han og ha eit eige møte om grunnlaget for han, for eg ynskjer at dobbeltsporet Oslo–Ski skal ha så rask framdrift som mogleg.

Borghild Tenden (V) [11:46:07]: Jeg takker statsråden for svaret, og for at hun vil ta kontakt med NHO Oslo og Akershus og studere rapporten nøye.

Faktum er at Ski stasjon, som er en del av dobbeltsporet, har blitt utsatt gang på gang. I budsjettet for 2007, 2008 og 2009 ble prosjektet utsatt med ulike begrunnelser hver gang. I valgkampen mente representanter fra Regjeringen og regjeringspartiene at det var mulig å forsere dobbeltsporet. Det bør vel være sånn at det man sier i et valg, og det man gjør når man kommer i regjering igjen, henger sammen.

Igjen: Jeg takker for at statsråden vil gå i dialog med NHO Oslo og Akershus. Men hva er årsaken til at hun ikke kan være like offensiv som hennes regjeringspartnere var i valgkampen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:47:04]: Eg har ikkje oversikt over alle detaljar i høve til kva som vart sagt i valkampen, men eg antek at òg representantar for dei raud-grøne der heldt seg til Nasjonal transportplan, som er ein svært ambisiøs nasjonal transportplan, der det altså dei komande ti åra er planlagt å bruka 322 milliardar kr til samferdsel.

Så er det særleg planleggingsfasen som det no i denne omgang er viktig å gjera nøye. Det handlar om til dels vanskelege grunnforhold, og det handlar om stor tunellandel.

Eg kjenner eit stort ansvar frå no av og framover. Eg veit kva dette dobbeltsporet betyr. Samtidig må eg òg sørgja for at høgst nødvendig planlegging blir gjord.

Borghild Tenden (V) [11:48:10]: Jeg takker igjen for svaret.

Jeg registrerer at statsråden fremhever planprosesser og god planlegging i begge svarene sine. Og det er nettopp disse hensyn som har vært Venstres utgangspunkt i denne saken. Det er også sånn at det mangler planleggingspenger i kommunene. Det har vært med på å forskyve dette dobbeltsporet eller gjort at kommunene ikke kan jobbe så raskt som de ønsker.

Venstre har i sine alternative statsbudsjett satt av 50 mill. kr til å styrke de berørte kommunenes planleggingsarbeid, både med hensyn til fremdrift og kvalitet. Er dette noe statsråden kan tenke seg å støtte eller komme tilbake til i revidert?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:49:00]: No har jo Jernbaneverket lagt fram sitt forslag til planarbeid for denne strekninga, og eg går ut frå at dette går både så grundig og så raskt som føresett.

Så vil eg nytta høvet til å seia at etter planleggingsperioden kjem det òg ein byggjeperiode, og skulle det der visa seg at det er moglegheit for ytterlegare forseringar i høve til det som ligg i Nasjonal transportplan, så meiner eg at det bør takast opp i samband med rulleringa om fire år. Det er altså det største prosjektet i Nasjonal transportplan, og det er òg svært viktig, både for mange enkeltpersonar og for næringslivet i dette området.