Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Morten Høglund (FrP) [11:58:32]: «Fornebu-området er i stadig vekst med nye boliger og arbeidsplasser. Det er viktig å få på plass en god kollektivløsning til området så snart som mulig. I Aftenposten 2. februar i år signaliserer statsråden en vilje til at staten skal bidra mer til kollektivtilbudet i byområder.

Kan Oslo og Akershus forvente at statsråden er villig til å øke statens andel av et baneprosjekt til Fornebu, slik at prosjektet kan realiseres i nær fremtid?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:59:02]: Det er Akershus fylkeskommune og Ruter som står for planlegginga av bane til Fornebu. Det er ikkje endeleg konkludert med kva løysing som skal veljast. Kostnadene for prosjektet er det på det noverande tidspunkt ikkje mogleg å seia noko om.

Prosjektet ligg inne i Oslopakke 3. Det pågår no eit arbeid i regi av styringsgruppa for Oslopakke 3 med sikte på å framskaffa eit vedtaksgrunnlag for langsiktige prioriteringar i pakken. Det finansielle grunnlaget for pakken er eit sentralt element i denne samanhengen. Ei baneløysing til Fornebu må vurderast i samband med dette.

Etter gjennomføringa av forvaltningsreforma inngår dei statlege midlane som vart sette av til prosjektet, i den generelle rammeoverføringa til fylkeskommunane. Lokal kollektivtransport er eit fylkeskommunalt ansvar, og fylkeskommunane har såleis eit sjølvstendig ansvar for finansiering av kollektivtransporten og må prioritera innanfor tilgjengelege midlar.

I retningsline 1 for arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023 vart transportetaten og Avinor bedne om å sjå på viktige problemstillingar som krev spesiell merksemd i utfordringane av eit framtidsretta transportsystem. Saman med fiskeri- og kystministeren mottok eg resultatet av dette arbeidet den 1. februar i år. I utgreiingsrapporten meiner etatane bl.a. at det må satsast meir. Det bør satsast meir på kollektivtrafikk, og kollektivtrafikken må ta ein større del av trafikken i dei største byane. Det var dette eg kommenterte til Aftenposten. Eg kjem tilbake til dette temaet i samband med regjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan 2014–2023.

Morten Høglund (FrP) [12:00:54]: Jeg takker statsråden for svaret.

Vi er kjent med at kollektivløsningen til Fornebu ligger inne i Oslopakke 3, en pakke som har et betydelig press på alle sine prosjekter. I den artikkelen som jeg refererte til i mitt første spørsmål, vises det til nettopp befolkningsveksten i Oslo-Akershus, som vil være, for å si det slik, ganske enorm i de neste tiår. Det må gjøres noe med kollektivtilbudet. Fornebu har ligget inne i planene lenge. At staten vil være med, har også vært signalisert. Jeg skjønner at statsråden skal komme tilbake til dette, men vil ikke dette være en type prosjekt det er veldig naturlig at staten prioriterer i sine samtaler og i sin dialog med fylkeskommunene fremover?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:01:56]: For det fyrste ligg prosjektet inne i Oslopakke 3. Der er det avklart kva som skal prioriterast for 2011. Vi har til og med i den samanhengen stilt opp for at det kan takast opp lån for å realisera det som er planlagt for 2011, og så har vi bede om at dei føretek dei avvegingane som skal gjerast vidare i Oslopakke 3.

Så er svaret på spørsmålet: Ja, det er naturleg. Det er naturleg at både baneløysing til Fornebu og andre spørsmål knytte til Oslo-området blir tekne opp i dei samtalane som vi no begynner med allereie i februar. Lat meg òg nemna at det er ei eiga gruppe som ser på utviklinga og kollektivløysingane i Oslo-området. Der er både Akershus fylkeskommune og Oslo kommune representerte i tillegg til etatane. Det er òg grunnlag for neste nasjonale transportplan.

Morten Høglund (FrP) [12:03:02]: Igjen vil jeg takke statsråden og takke for at hun ser positivt på dette. Jeg er kjent med at både i Akershus og Oslo jobbes det nå med å få frem et prosjekt. Men dette er et relativt kostnadskrevende prosjekt, det er i et tett befolket område, og det vil kreve mye fra mange parter. Det at staten på denne måten signaliserer en vilje til å bidra – og bidra skikkelig – er bra. Alt henger sammen med alt, og mens vi venter på bl.a. E18-forbedring fra Oslo og vestover, er det veldig viktig å få på plass tingene her, ikke minst med tanke på at nye arbeidsplasser og nye boliger kommer på plass i Fornebu-området. Skal de boligene og de arbeidsplassene ha den kollektivandelen vi ønsker, må en moderne kollektivløsning være på plass. Jeg bare konstaterer at det synes som om statsråden er enig i de premissene fremover.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:04:08]: Lat meg understreka at mitt ja var i tilknyting til spørsmålet om det er naturleg at dette blir eit tema i regjeringa sine samtalar med kommunane og fylkeskommunane òg. På det må eg svara ja. Så er det rett at dette er eit kostnadskrevjande prosjekt, og det er mange kostnadskrevjande prosjekt som det nok vil vera eit engasjement for å få inn i neste Nasjonal transportplan. Mitt arbeid no går altså på den eine sida på å få realisert så mange prosjekt som i det heile mogleg av dei som no er lovde i inneverande fireårsperiode, altså fram til 2013. Samtidig må eg sørgja for ein prosess, eit samarbeid, lyttemøte med både fylkeskommunar, kommunar og næringsliv. Fyrste fase på det føregår no. I februar/mars er det ny retningsline og nye utgreiingar frå etatane. Så her er enno eit stykke fram.

: