Stortinget - Møte onsdag den 9. mars 2011 kl. 10

Dato: 09.03.2011

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 12

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Bjørn Lødemel til landbruks- og matministeren, vil bli besvart av samferdselsministeren på vegne av landbruks- og matministeren.

Bjørn Lødemel (H) [11:50:37]: Eg har følgjande spørsmål til landbruks- og matministeren:

«Rovviltforliket skulle skape ro om rovviltpolitikken. Alle kan sjå at det ikkje har skjedd. Ut frå avisoppslag og saker i media er det tydeleg at mange senterpartirepresentantar, inklusiv statsråden, er ueinige i den rovviltpolitikken som har vorte ført etter at rovviltforliket vart inngått. Det verkar som om Senterpartiet har fråskrive seg alt ansvar for rovviltpolitikken som regjeringa fører.

Kvifor har ikkje statsråden sørgt for at regjeringa orienterte Stortinget om at føresetnadane for rovviltforliket er brotne?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:51:16]: Eg er einig i at det framleis er store utfordringar i rovviltpolitikken.

Regjeringa har i si politiske plattform for perioden 2009–2013, Soria Moria II-erklæringa, sagt at hovudtrekka i stortingsforliket om rovviltpolitikken frå 2004 skal vidareførast. Med dette vidarefører vi òg den todelte målsetjinga som skal sikra rovviltbestandane si overleving på den eine sida og næringsdrift basert på beitebruk i utmark på den andre sida.

Regjeringa har med utgangspunkt i rovviltforliket lagt opp til ei rekkje tiltak i Soria Moria II for å redusera tap og konfliktar knytte til rovvilt og beitedyr. Regjeringa legg m.a. vekt på truverdige bestandsestimat, førebyggjande tiltak mot rovviltskadar, aktiv forvaltning av rovviltbestandane og forbetring av erstatningsordningane. Opprettinga av Rovdata 1. desember 2010 som ei sjølvstendig eining under NINA er ei styrking av bestandsovervakinga og har opna for meir lokal deltaking i arbeidet.

Regjeringa har auka løyvingane til førebyggjande og konfliktdempande tiltak betydeleg, frå 37 mill. kr i 2006 til 68 mill. kr for 2011. Dette gjev moglegheit for akutttiltak og meir langsiktige tilpassingar i driftsopplegget. Skadefellinga er òg betydeleg effektivisert. Tap på grunn av rovvilt skal erstattast fullt ut. Erstatningsordningane for husdyr blir no gått igjennom av eit ekspertutval som skal kome med forslag til meir rett erstatning.

Regjeringa sin politikk vil vera eit resultat av drøftingar mellom dei forskjellige regjeringspartia. Den politikken som er nedfelt i Soria Moria II, stiller regjeringa seg samla bak.

Så må eg understreka at det er miljøvernministeren som har ansvaret for oppfølginga av den vedtekne rovdyrpolitikken.

Øyvind Korsberg hadde her overtatt presidentplassen.

Bjørn Lødemel (H) [11:53:34]: Eg takkar for svaret og for at statsråden ville kome for å svare på dette.

Tidlegare landbruksminister Riis-Johansen sa 23. januar i 2008 at no vil regjeringa ta krafttak for å dempe rovviltkonfliktane og redusere tapa på sau og rein. Liv Signe Navarsete, partileiar i Senterpartiet, har sagt at over lang tid er det mange eksempel på arroganse frå rovviltforvaltinga, og det fører til mistillit. Statsråd Brekk har sagt at situasjonen er prekær, og det er for mykje gaupe, jerv og bjørn.

Det har vore systematisk dobbeltkommunikasjon frå Senterpartiet i heile denne regjeringsperioden. Høgre hadde framlegg om ei evaluering av rovviltforliket allereie i 2007, men det vart nedstemt bl.a. av Senterpartiet. Kva konkret har Senterpartiet gjort for å få ei evaluering av rovviltforliket?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:54:32]: Eg kan helsa frå statsråd Brekk, som er indisponert, som ligg på sjukehus, men som vil tilbake i arbeid som landbruks- og matminister så fort han berre kan.

Han kunne nok svart meir fyllestgjerande på kva som er gjort på desse åra enn det eg no kan, men lat meg understreka: Det er slik at i ei trepartiregjering kan det vera ulike innfallsvinklar til dei ulike sakene. Det kan til og med vera usemje. Vi skriv oss saman. Det gjorde vi òg i rovdyrpolitikken i det forliket som ligg føre.

Så er det utolmod etter å konkretisera og følgja opp endå betre, så no har regjeringa innleidd eit samarbeid med Stortinget med sikte på å få eit breitt fleirtal for nye bestandsmål for ulv og bjørn. Det er miljøvernministeren som handterer det, i lag med Stortingets næringskomité og Stortingets energi- og miljøkomité.

Bjørn Lødemel (H) [11:55:45]: Eg takkar for svaret.

Det er interessant å sjå at Senterpartiets statsrådar langt på veg tek avstand frå den politikken regjeringa fører når det gjeld rovvilt. Det kunne sjølvsagt vore interessant å høyre kva dei andre partia har å seie til den kritikken som Senterpartiets representantar reiser rundt med, og den dobbeltkommunikasjonen som ligg i det.

Spørsmålet mitt til statsråden er: Er det ikkje slik at regjeringas politikk er Senterpartiets politikk også når det gjeld rovvilt og rovviltsaker?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:56:19]: Der er svaret ja – det er slik. Senterpartiet står på regjeringa sin politikk på dette feltet. Samtidig er det slik at i dette forliket som vart inngått i Stortinget i 2004, er det sett bestemte mål for talet på ynglingar av store rovvilt, både bjørn, ulv og jerv og gaupe, og mål for beitebruk i heile landet. Det var elles eit forlik der Senterpartiet og Framstegspartiet ikkje inngjekk.

Så har det vore ein nær samanheng mellom storleiken på bestandane og tapa av beitedyr til rovvilt. Bestandane har vore under oppbygging, talet på sau som er erstatta på grunn av rovvilt, har auka jamnt fram mot 2000. Talet har lege i overkant av det ein rekna med. Det er med bakgrunn i dette at ein no går ein runde for å sjå på korleis ein vidare skal følgja opp.

Presidenten: Vi går da til spørsmål 6.