Stortinget - Møte onsdag den 9. november 2011 kl. 10

Dato: 09.11.2011

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 3

Bjørn Lødemel (H) [11:28:34]: Eg har følgjande spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Det kommunale sjølvstyret er ein viktig del av lokaldemokratiet. Det gjeld t.d. prioritering av inntekter og utgifter i ein kommune. Alt tyder på at Eid kommune blir straffa for at dei ikkje har innført eigedomsskatt. Retningslinjene for tildeling av skjønsmidlar har blitt endra av regjeringa, og det har skapt opning for at fylkesmennene kan halde tilbake skjønsmidlar til dei kommunane som ikkje har innført eigedomsskatt.

Vil statsråden sørgje for at kommunar som ikkje innfører eigedomsskatt, ikkje blir straffa?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:29:16]: I samband med skjønstildelinga skal fylkesmennene gjere ei total vurdering av økonomien i kommunane. Lokale styresmakter har ansvaret for eigen økonomi, og for å betre økonomien kan kommunane både auke inntektene og redusere utgiftene. Det har alltid gått fram av retningslinjene at fylkesmennene skal ta omsyn til at kommunane utnyttar inntektspotensialet sitt, men fylkesmennene kan ikkje krevje at kommunane skal auke bestemte inntekter, t.d. eigedomsskatt, eller føreslå kutt i konkrete utgifter.

Dette kjem fram av departementet sine retningslinjer for tildeling av skjønsmidlar frå fylkesmannen i 2011. Her står det under omtalen av kommunane sitt inntektsgrunnlag på side 3:

«Foruten rammetilskudd og skatt på inntekt på formue fra personer, har kommuner også andre typer inntekter. Fylkesmennene kan ta hensyn til andre typer inntekter i forbindelse med en totalvurdering av kommunens økonomi. Fylkesmennene bør være varsomme med å tildele skjønnsmidler til kommuner som ikke utnytter sitt eget inntektsgrunnlag eller som motsetter seg gjennomføring av forsvarlige utgiftsreduserende tiltak. Fylkesmennene skal legge til grunn at det er opp til det enkelte kommunestyre selv å prioritere økte inntekter eller reduserte utgifter, samt hvilke inntektskilder som bør økes eller hvilke utgiftsområder som bør reduseres.»

Departementet har i brev av 5. september i år gjort klart overfor fylkesmennene at det ved tildeling av skjønsmidlar er opp til det einskilde kommunestyre sjølv å velje kva for inntektskjelder som skal aukast, eller kva for utgifter som skal kuttast. Det er altså ikkje eigedomsskatten i seg sjølv som skal vere utslagsgivande for skjønstildelinga, men ei total vurdering av økonomien i den enkelte kommune.

Bjørn Lødemel (H) [11:31:07]: Eg takkar for svaret.

Eid kommune er den kommunen i Sogn og Fjordane som har lågast utgiftskorrigerte inntekter. Eid kommune er den einaste kommunen i fylket med inntekter under 100 pst. som ikkje får skjønsmidlar. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skriv i brevet sitt til departementet 13. september at med grunnlag i retningslinjene har fylkesmannen etter ei samla vurdering teke omsyn til kommunane som ikkje har eigedomsskatt. Etter mitt syn er dette eit klart bevis på at Eid kommune blir straffa for ikkje å ha innført eigedomsskatt.

Då Erna Solberg var kommunalminister nekta ho fylkesmennene å be kommunane om å innføre eigedomsskatt. Vil statsråden leggje inn att i retningslinjene setninga som tidlegare statsråd Haga fjerna, som sa at fylkesmannen ikkje skal stille krav om innføring av eigedomsskatt som føresetnad for å få skjønsmidlar?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:32:03]: Punkt ein: Det er ikkje noko slikt krav i dag. Det har eg sitert frå retningslinjene. Punkt to: Det må vere opp til det einskilde kommunestyre om ein heller vil auke eigedomsskatten enn å seie opp tilsette på sjukeheimen og sende gamle heim, gi eit dårlegare velferdstilbod, viss det er alternativet – viss ein må stramme inn økonomien. Det vert heilt feil om ein skal halde utanfor einskildområde som om dei var heilage kyr, medan andre område skal vere utsette for kutt eller auka inntekter av ulike slag.

Eg har ikkje til hensikt å gjere endringar. Det som ligg her no, legg til rette for at det lokale sjølvstyret kan rå, ein kan velje om ein vil auke inntekter, redusere utgifter. Fylkesmannen må ta omsyn til båe delar, men la det vere opp til det einskilde kommunestyre å avgjere kva som skal leggjast til grunn.

Bjørn Lødemel (H) [11:33:01]: Eg takkar for svaret.

Når ein ser på reaksjonane i kommunane, er eg ikkje i tvil om at mange kommunar føler seg tvinga til å innføre eigedomsskatt. Etter mitt syn er det heller ikkje tvil om at denne regjeringa ønskjer å tvinge kommunane til å innføre denne skatten. Vi har ei skatteglad regjering, og ikkje minst har vi ei regjering som har så lite tillit til lokaldemokratiet at dei stadig kjem med nye statlege pålegg som kveler det lokale sjølvstyret. Det er eit paradoks at dette har Senterpartiet vore ein del av i seks år. Høgre ønskte å gje meir makt til kommunane framfor til staten.

Ser ikkje statsråden at Senterpartiet og regjeringa er på ville vegar, når ein stadig spenner beinkrok på reelt og ekte lokaldemokrati?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:33:50]: Snakk om å skrive om røyndomen! I dei åra denne regjeringa har sete, har det vore ein formidabel vekst i inntektene. Me kan setje oss ned og sjå på tala som var då Høgre sat i regjering. Det er nesten så det vert ei fornærming. Det har vore ein formidabel vekst i talet på årsverk. Det var 8 000 i dei fire åra Erna Solberg sat som kommunalminister. No har me ein formidabel vekst på nær 50 000 årsverk. Det har vore langt mindre øyremerking og detaljstyring av kommunane. Øyremerking er detaljstyring. Det var langt meir øyremerking under Høgre enn det har vore under denne regjeringa. Det er historisk låg øyremerking av midlane til kommunesektoren.

Eg ynskjer at dei skal prioritere. Ja, staten legg føringar. Det har staten alltid gjort. Staten har også ei plikt til å gjere det for at me skal ha både likeverd og ei retning i politikken som både regjering og storting har både rett og plikt til å fastleggje. Men innanfor dei rammene har kommunane atskilleg meir økonomisk handlingsrom og moglegheit til å prioritere lokalt. Det er også det som gjeld i denne saka som me diskuterer i dag – det skal prioriterast lokalt.