Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 28. mars 2012 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Arne Sortevik (FrP) [11:57:29]: «Transportetatenes planforslag til ny Nasjonal transportplan for 2014–2023 setter på nytt fokus på det omfattende behovet for modernisering og oppgradering av veinettet i Norge. Både riksveier og fylkesveier har omfattende vedlikeholdsetterslep. Økt og økende transportbehov gjør at landet trenger nye moderne og sikre veier med større kapasitet. Planutkastet gjenspeiler i liten grad behovet, fordi regjeringen har lagt planføringer.

Hva er regjeringens plan for å dekke behovet for oppgradering og nybygg på 20 år?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:58:16]: Aller fyrst: Representanten Sortevik og eg er einige om at det er mykje ugjort innan norsk samferdsel. Det er nettopp difor regjeringa har lagt opp til ein slik kraftig auke i løyvingane til samferdselssektoren dei siste åra.

Eg må jo òg nytta denne anledninga til å minna om at i inneverande Nasjonal transportplan auka regjeringa dei økonomiske rammene kraftig, med 100 mrd. kr meir enn i førre NTP. Regjeringa har følgt opp Nasjonal transportplan i dei årlege budsjetta. Vi meiner alvor.

Når det gjeld forslaget frå transportetatane og Avinor, som vart lagt fram 29. februar i år, er dette faglege råd bl.a. om korleis regjeringa bør prioritera ressursbruken i neste Nasjonal transportplan. I dette forslaget har etatane og Avinor fått visse føringar frå regjeringa, bl.a. er dei bedne om å prioritera innanfor ulike rammer – den høgste 45 pst. opp frå gjeldande NTP. Om dei ikkje skulle prioritera, kunne dette forslaget verka ganske tannlaust. Heller ikkje på samferdselsområdet er det slik at vi kan gjera alt samtidig.

Vi må velja, og når etatane og Avinor må velja, peiker dei nettopp på at det er eit stort behov for auka midlar til vedlikehald, drift og fornying. Eg har merka meg det.

Det er altså store behov, og regjeringa har trappa kraftig opp arbeidet med å rusta opp både vegnettet og jernbanen. Representanten Sortevik nemner berre vegsektoren i sitt spørsmål. Det er òg naudsynt med midlar til andre sektorar, f.eks. til luftfart, jernbane og annan kollektivtrafikk. Vegsektoren åleine kan ikkje løysa alle dei transportutfordringane vi vil få i åra som kjem. Eg håpar at representanten vil vera einig med meg i at det trengst òg midlar til jernbanen. Ikkje minst vil dette vera viktig i byområda – det kjem òg fram i forslaget vi har fått frå etatane og Avinor.

Vi er no godt i gang med neste Nasjonal transportplan. Han vil bli lagd fram for Stortinget neste vår. Eg skal lova at regjeringa tek utfordringane på alvor. Ambisjonen min om eit fullgodt transportsystem innan 20 år ligg fast. Når den neste transportplanen kjem, trur eg representanten Sortevik – og òg andre – vil sjå at planen vil vera eit godt steg i den retninga som vi alle ynskjer.

Arne Sortevik (FrP) [12:01:09]: Takk for svaret, som var som forventet.

Så blir resten en replikkordveksling mellom to utålmodige. Men mange har vært utålmodige. Samferdselsminister Trygve Bratteli la i 1962 frem en plan om 785 km firefelts motorvei i Norge innen 1980. Til tross for at det har gått 32 år siden det skulle vært gjennomført, mangler det fortsatt mye motorvei.

Mitt poeng med å spørre om perspektivet forbi de ti årene som ligger i en ny nasjonal transportplan, er at både samferdselsministeren og andre ønsker seg et sluttresultat etter 20–25 år. Da må det sannsynliggjøres og vises frem. Min utfordring til samferdselsministeren er om hun og regjeringen vil gjøre det i forbindelse med NTP og kanskje legge frem en perspektivanalyse som viser hvor vi er etter 20 år – om vi da er i mål eller ikke.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:02:15]: Lat meg fyrst gå tilbake til inneverande plan. Der vart etatane bedne om å planleggja for ulike rammer og då til høgaste 20 pst. pluss. No har dei ulike rammer som dei har planlagt ut frå med den høgaste ramma – 45 pst. pluss. Samtidig er dei òg bedne om å beskriva større satsingar. Der har dei svart med å beskriva nokre større satsingar som dei meiner går utover den planen som skal leggjast fram neste vår. Eg antek at det blir eit spørsmål om kvar vi er etter dei komande ti åra – så eg tek med meg representanten Sortevik sitt råd – utan at eg kan svara på det i dag.

Arne Sortevik (FrP) [12:03:20]: Det var litt mer imøtekommende og litt mer spennende.

Poenget for de utålmodige – som både statsråden og undertegnede befinner seg blant – er at de gjerne vil se litt tydeligere hvor veien vil gå, og om det er hold i påstanden om at, som blant andre samferdselsministeren bruker, vi skal ha et moderne veinett etter 20 år. Hittil finnes det verken troverdige perspektiv, planer eller tall som tyder på at det vil være tilfellet med regjeringens fart. Selv om kronebeløpet øker, er det et stort sprik mellom behovet og det som faktisk kommer gjennom kroneoppfylling gjennom planverket. Faren er jo at det vil ta både 50 og 70 år med regjeringens tempo – Gud forby at man får lov til å fortsette så lenge – men vi har et behov for å få moderne veinett. Derfor gjentar jeg mitt ønske om at vi må få en perspektivanalyse i forbindelse med ny NTP som viser at vi i alle fall er nærmere målet.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:04:29]: Kanskje eg aller fyrst skulle drista meg til å seia at eg reknar sjølvsagt med at òg representanten Sortevik ser det som skjer av forbetring for tida, både når det gjeld vedlikehald og fornying, og når det gjeld nye prosjekt. Auka rammer har gjeve oss moglegheit til å planleggja og byggja langt meir samanhengande enn for få år tilbake. Auka rammer har òg gjeve langt fleire, både folk og næringsliv, moglegheit til å få ein tryggare og betre veg. Aktiviteten har auka betydeleg.

Så er vi einige om at trass i mykje godt som skjer, er det mykje ugjort. Eg gjentek: Eg tek med meg representanten sine råd i det vidare arbeidet.

: