Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 2016 kl. 10

Dato: 10.02.2016

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Per Olaf Lundteigen (Sp) [12:06:08]: «Forskerne Magne Kaldhusdal, Anne Margrete Urdahl og Kari Grave ved Veterinærinstituttet skriver i Nationen 23. desember 2015: «Narasin er et antibiotikum, men det er ikke slik at alle antibiotika er årsak til den typen resistens vi snakker om her.» Veterinærinstituttet er en virksomhet under Landbruks- og matdepartementet.

Kan statsråden bekrefte at narasin er et antibiotikum, slik forskerne ved Veterinærinstituttet skriver?»

Statsråd Jon Georg Dale [12:06:41]: I EØS-regelverket er narasin ikkje rekna som eit antibiotikum, men eit middel mot ein type snyltarar i tarmen som særleg kan vere eit problem hos slaktekylling.

Det er ulike meiningar om bruk av narasin som fôrtilsetting. Enkelte ekspertar hevdar at narasin er viktig for å vareta god dyrehelse, andre peiker på, som representanten presiserer her, at det er ei form for antibiotikum. Men dersom narasin blir forbode i produksjon av kyllingkjøt, risikerer vi auka forbruk av det som alle meiner er antibiotika.

Bransjen har på bakgrunn av reaksjonar frå forbrukarar sett i verk omfattande tiltak for å prøve å fase ut denne fôrtilsettinga. Dersom ein ser på reklame, er det ein god del eksempel på det.

Vitskapskomiteen for mattryggleik seier at det er ekstremt lite sannsynleg at vanlege forbrukarar i Noreg får i seg narasin frå kyllingkjøt. Det er òg ekstremt lite sannsynleg at menneske får i seg narasinresistente bakteriar ved å ete kylling så lenge kjøtet er gjennomsteikt.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det ikkje dokumentert negative helseeffektar på menneske som følgje av bruk av narasin til fjørfe.

Eg vil følgje utviklinga nøye på dette området og eventuelt setje i verk andre tiltak dersom ny kunnskap tilseier det.

Per Olaf Lundteigen (Sp) [12:08:11]: I Norge er narasin i all hovedsak brukt i kyllingproduksjon. Forbruket økte fra 5,2 tonn i 2004 til hele 12,4 tonn i 2014. Dette utgjør mer enn det dobbelte av volumet av antibiotika som brukes til behandling av alle dyr i norsk husdyrproduksjon – det er et faktum. Det er videre et faktum at legemiddelfirmaet Eli Lilly and Company fikk amerikansk patent på narasin i 1982. Det er videre et faktum at i henhold til norsk lov om fôrtilsetninger er det forbudt å tilsette antibiotika i maten til husdyrene våre. Altså: Narasin er et legemiddel som må brukes til å behandle sykdom, ikke gis i maten til kylling.

Er statsråden enig i det?

Statsråd Jon Georg Dale [12:09:03]: Dersom føresetnaden i spørsmålsstillinga hadde vore rett, hadde statsråden vore einig i det. Men som eg sa, ser verken norske eller europeiske myndigheiter på narasin som eit antibiotikum, ergo er spørsmålsstillinga basert på ein premiss som eg starta mitt første svar med å seie at eg ikkje deler.

Eg er oppteken av at vi skal fortsetje kampen mot antibiotikaresistens. Det gjer regjeringa på veldig mange område: Eg tok opp spørsmålet om antibiotikaresistens i mitt første ministermøte i Berlin for nokre få veker sidan, i desse dagar er både min eigen statssekretær og helseministeren i Amsterdam og diskuterer det same, og eg vil leggje fram ein handlingsplan mot antibiotikaresistens seinare i år.

Det aller viktigaste spørsmålet ein må stille seg, er: Viss vi ikkje fortset å bruke narasin, må vi då bruke meir antibiotika i behandlinga? Det er eg openbert redd for, og difor følgjer eg den utviklinga som no skjer, når produsentane sjølve fasar ut dette, nøye, for å sjå kva resultatet av det vert.

Per Olaf Lundteigen (Sp) [12:10:08]: Erfaringene så langt fra de forbildene som tar narasin ut av produksjonen sin, er at det ikke fører til økt antibiotikabruk. Det som er det sentrale her, er at statsråden mener at mine premisser er feil. Da er det viktig å få et offentlig ordskifte om de premissene. Ifølge det dokumentet fra USA fra 3. august 1982, Process for preparing narasin, som jeg refererte til, er kjernen i saken at det er et internasjonalt patent som antibiotikum. Kan statsråden medvirke til at det patentet blir lagt ut på Landbruksdepartementets hjemmesider, slik at forskere og allmennheten sjøl kan vurdere hva som er korrekt faktum i denne saken?

Statsråd Jon Georg Dale [12:11:00]: På dette området som på mange andre er eg oppteken av at vi skal ha ei kunnskapsbasert tilnærming. Det håpar eg at vi klarer å bidra til. Representanten Lundteigen har heilt rett i at hos dei produksjonane som har fasa ut bruken av narasin, ser vi ikkje ein betydeleg auke i bruken av antibiotika. Det er grunnleggjande bra. Eg er for å ha minst mogleg tilsetjing av behandlingsmiddel i fôret. Det er eit konkurransefortrinn for norsk landbruk. Det meiner eg er verdt å vareta i eitt og alt. Når eg reiser rundt i Europa, kan eg seie at i Noreg er maten trygg, vi brukar ikkje medisin i fôret. Vi brukar ein femtiandedel av den antibiotikaen veldig mange andre land brukar. Så at kunnskap er viktig og eit konkurransefortrinn for norsk landbruk på dette området, er openbert. Difor er det viktig å følgje opp det i det vidare arbeidet. Det gjer ein med å ha faglege diskusjonar, og eg meiner at det som Vitskapskomiteen og for så vidt også desse forskarane forsøkjer å bidra til, er positivt, og eg meiner at også statsråden kan bidra til det.

Presidenten: Den ordinære spørretimen er dermed omme.