Stortinget - Møte torsdag den 29. februar 2024

Dato: 29.02.2024
President: Morten Wold
Dokument: (Innst. 210 S (2023–2024))

Søk

Innhald

Sak nr. 1 [10:02:13]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om regulering av lønnen for Høyesteretts medlemmer (Innst. 210 S (2023–2024))

Talarar

Andre visepresident Nils T. Bjørke []: Presidentskapet legg med dette fram Innst. 210 S for 2023–2024, om regulering av løna for medlemene av Høgsterett. Tilrådinga er samrøystes. Løna til Høgsterett vert fastsett årleg av Stortinget, med verknad frå 1. oktober året før.

Etter at løna til domarane i Høgsterett vart løfta monaleg i 2007, har Stortinget lagt til grunn at lønsutviklinga for høgsterettsdomarar bør følgja nivået og lønsutviklinga i det øvre sjiktet av statlege leiarløningar.

Regulering av løna til domarane i Høgsterett har vorte fastsett med utgangspunkt i den faktiske lønsutviklinga for leiarane i statens leiarlønssystem og lønsutviklinga for domarane i tingrettane og lagmannsrettane. Det har òg vore sett til den generelle lønsutviklinga i privat og offentleg sektor og oppgjeret for stortingsrepresentantane og medlemene av regjeringa.

Presidentskapet føreslår no ei mindre og generell praksisendring, som Høgsterett sjølv har føreslege overfor Stortingets presidentskap. Endringa inneber at det vert teke utgangspunkt i lønsutviklinga for det året lønsfastsetjinga gjeld, og ikkje i lønsutviklinga for det føregåande året. For lønsfastsetjinga som vert vedteken av Stortinget i 2024 – med verknad frå 1. oktober 2023 – inneber forslaget at det vert teke utgangspunkt i lønsutviklinga i 2023 i staden for i lønsutviklinga i 2022.

Presidentskapet viser til at fastsetjinga av løna for medlemene av Høgsterett har ei side til kravet om uavhengige domstolar, som følgjer av Grunnlova, menneskerettslova og internasjonale konvensjonar Noreg er bundne av. Dette tilseier at lønsfastsetjinga byggjer på føreseielege og objektive kriterium og ein tryggjande avgjerdsprosess som varetek at fastsetjinga skjer i samsvar med desse kriteria. Presidentskapet har difor i tilrådinga lista opp dei sentrale kriteria og momenta for fastsetjing av løna til medlemene av Høgsterett.

Eg viser elles til merknadene og anbefaler tilrådinga frå eit samrøystes presidentskap. Frå 1. oktober vert løna fastsett slik:

  • høgsterettsjustitiarius 2 478 400 kr

  • høgsterettsdomarar 2 137 700 kr

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Votering, sjå voteringskapittel