Stortinget - Møte torsdag den 4. april 2024 *

Dato: 04.04.2024
President: Masud Gharahkhani

Søk

Innhald

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Voteringer

Votering

Presidenten []: Stortinget går då til votering over sakene nr. 1–9 og sak nr. 16 på dagens kart.

Votering i sakene nr. 1–7

Presidenten: Sakene nr. 1–7 er andre gongs behandling av lovsaker og gjeld lovvedtaka 48 til og med 54.

Det ligg ikkje føre nokon forslag til merknad. Stortingets lovvedtak er dermed godtekne ved andre gongs behandling og vert å senda Kongen i samsvar med Grunnlova.

Votering i sak nr. 8, debattert 4. april 2024

Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om En motstandsdyktig helseberedskap – Fra pandemi til krig i Europa (Innst. 220 S (2023–2024), jf. Meld. St. 5 (2023–2024))

Debatt i sak nr. 8

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt 22 forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Erlend Svardal Bøe på vegner av Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus

  • forslag nr. 2, frå Erlend Svardal Bøe på vegner av Høgre, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus

  • forslag nr. 3, frå Bård Hoksrud på vegner av Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus

  • forslag nr. 4, frå Erlend Svardal Bøe på vegner av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus

  • forslag nr. 5, frå Erlend Svardal Bøe på vegner av Høgre og Kristeleg Folkeparti

  • forslaga nr. 7–9, frå Bård Hoksrud på vegner av Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus

  • forslag nr. 6, frå Marian Hussein på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus

  • forslaga nr. 10–14, frå Bård Hoksrud på vegner av Framstegspartiet og Pasientfokus

  • forslag nr. 15, frå Marian Hussein på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus

  • forslaga nr. 16–21, frå Marian Hussein på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Raudt

  • forslag nr. 22, frå Seher Aydar på vegner av Raudt

Det vert votert over forslag nr. 22, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen inkludere arbeidet mot vold i nære relasjoner og beskyttelse av kvinner i beredskapsplaner og at dette får en sentral plass i framtidige krisehåndteringer.»

Venstre har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Raudt vart med 92 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.03.54)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 16–18 og 20, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Forslag nr. 16 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utvide bruken av lokale beredskapslagre, inkludert å sikre at alle sykehus, både eksisterende og nybygg har areal til å opprettholde beredskapslagre.»

Forslag nr. 17 lyder:

«Stortinget ber regjeringen bygge opp et statlig selskap, StatMed, som skal bidra til produksjon av legemidler i Norge og samarbeide med den øvrige legemiddelbransjen og det offentlige helsevesenet om nasjonal utvikling og produksjon av legemidler.»

Forslag nr. 18 lyder:

«Stortinget ber regjeringen etablere FoU-samarbeid med legemiddelindustrien, der det offentlige helse-vesenet kan få tilgang på legemidler til akseptable priser når legemidlene er utviklet på bakgrunn av offentlig finansierte studier.»

Forslag nr. 20 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om forbud mot parallelleksport av legemidler og medisinsk utstyr fra beredskapslagre.»

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 87 mot 13 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.04.09)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 21, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede nye insentivordninger for utvikling og produksjon av antibiotika, etter blant annet erfaringer med slike ordninger i Sverige og Storbritannia, og legge forslag til slike insentivordninger frem for Stortinget på egnet måte.»

Venstre har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 84 mot 16 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.04.24)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 19, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen snarest følge opp vedtak 963 og 964 fra sesjonen 2020–2021 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Framstegspartiet og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 73 mot 28 stemmer ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.04.42)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 15, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at innleie fra kommersielle vikarbyrå i helseforetakene erstattes med styrket grunnbemanning, og at alle helseforetak innfører ordninger med egen vikarpool/bemanningsenhet, med fast ansatte vikarer, som har som mål å dekke bemanningsbehovet i helseforetaket.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus vart med 84 mot 16 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.05.16)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 10, 12 og 14, frå Framstegspartiet og Pasientfokus.

Forslag nr. 10 lyder:

«Stortinget ber regjeringen øke utdanningskapasiteten for helsepersonell, inkludert leger, sykepleiere og annet essensielt personell, for å møte fremtidige helseutfordringer.»

Forslag nr. 12 lyder:

«Stortinget ber regjeringen intensivere innsatsen på forebyggende tiltak, inkludert informasjonskampanjer, vaksinasjonsprogrammer og tiltak for å redusere smittespredning.»

Forslag nr. 14 lyder:

«Stortinget ber regjeringen øke investeringer i forskning og utvikling innen helseberedskap, inkludert forskning på nye behandlingsmetoder og utvikling av bedre diagnostiske verktøy.»

Votering:

Forslaga frå Framstegspartiet og Pasientfokus vart med 87 mot 14 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.05.32)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 11 og 13, frå Framstegspartiet og Pasientfokus.

Forslag nr. 11 lyder:

«Stortinget ber regjeringen styrke samarbeidet og koordineringen mellom ulike aktører i helsevesenet, som sykehus, kommuner, fastleger og andre helsetjenester, for bedre samhandling og effektiv respons i nødsituasjoner.»

Forslag nr. 13 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide og vedlikeholde oppdaterte og realistiske beredskapsplaner på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, med klare ansvarsfordelinger og kommunikasjonsrutiner.»

Venstre har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Framstegspartiet og Pasientfokus vart med 83 mot 18 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.05.48)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 9, frå Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen etablere og styrke nasjonale ordninger for å sikre produksjon av smittevernutstyr og nødvendige medisiner i Norge, for å redusere avhengigheten av internasjonale forsyningskjeder og sikre stabil tilgang i krisetider.»

Votering:

Forslaget frå Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus vart med 82 mot 18 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.03)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 7, frå Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å sikre tilstrekkelig bemanning og ressurser i helsevesenet, inkludert rekruttere og ansette flere helsepersonell og øke kapasiteten på sykehus og helsestasjoner.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus vart med 81 mot 20 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.20)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 8, frå Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen intensivere og formalisere samarbeidet med frivillige helseberedskapsorganisasjoner som Røde Kors, Norsk Folkehjelp, og Norske Kvinners Sanitetsforening for å utvide og styrke den nasjonale helseberedskapen.»

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Framstegspartiet, Raudt og Pasientfokus vart med 76 mot 23 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.37)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 6, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal opptrappingsplan for å øke intensivkapasiteten i helseforetakene.»

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus vart med 80 mot 21 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.54)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 5, frå Høgre og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen revidere Nasjonal strategi for frivillig arbeid på helse- og omsorgsfeltet (2015–2020) i samarbeid med Frivillighet Norge og KS. Frivillighetens bidrag ved helsekriser må også være en del av revideringen.»

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Høgre og Kristeleg Folkeparti vart med 72 mot 29 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.07.10)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen snarlig og senest innen utgangen av 2024, få på plass en ny nasjonal antibiotikastrategi.»

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus vart med 71 mot 30 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.07.27)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 3, frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å øke antallet intensivplasser over hele landet for å styrke akuttberedskapen og sikre at helsevesenet er bedre rustet til å håndtere store helsekriser.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus vart med 72 mot 28 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.07.44)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Høgre, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at frivillighetens rolle i helseberedskapen styrkes, og at de frivillige organisasjonene integreres i planverk og øvelser.»

Alle dei andre partia har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Høgre, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen styrke og utvide det nordiske samarbeidet om produksjon og lagring av legemidler og smittevernutstyr i Norden.»

Alle dei andre partia har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Pasientfokus vart samrøystes vedteke.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Meld. St. 5 (2023–2024) – En motstandsdyktig helseberedskap – Fra pandemi til krig i Europa – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 9, debattert 4. april 2024

Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Seher Aydar, Marie Sneve Martinussen og Mímir Kristjánsson om å stoppe veksten av private helseforsikringer og unngå amerikanisering av helsevesenet (Innst. 213 S (2023–2024), jf. Dokument 8:54 S (2023–2024))

Debatt i sak nr. 9

Presidenten: Under debatten har Marian Hussein sett fram to forslag på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen avvikle bruken av privat helseforsikring i statlige selskaper, og bruke eierskapet aktivt til å hindre et todelt helsevesen.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre en omsetningsavgift på private helseforsikringer for å styrke den offentlige helsetjenesten.»

Det vert votert alternativt mellom desse forslaga og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:54 S (2023–2024) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Seher Aydar, Marie Sneve Martinussen og Mímir Kristjánsson om å stoppe veksten av private helseforsikringer og unngå amerikanisering av helsevesenet – vedtas ikke.

Voteringstavlene viste at 81 representantar hadde røysta for tilrådinga og 14 representantar hadde røysta for forslaga frå Sosialistisk Venstreparti.

(Voteringsutskrift kl. 14.09.09)

Presidenten: Vi tek voteringa om att sidan fleire melder at dei ikkje har fått votert.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart tilrådinga vedteken med 89 mot 12 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.10.03)