Stortinget - Møte torsdag den 23. november 2023

Dato: 23.11.2023
President: Kari Henriksen

Søk

Innhald

Sak nr. 7 [13:20:18]

Interpellasjon frå representanten Alfred Jens Bjørlo til næringsministeren: «Andre land i Europa har dei siste åra målretta lagt til rette for å sikre privat nasjonalt eigarskap i næringslivet, mellom anna som følgje av ein ny tryggleikspolitisk situasjon. I Noreg har regjeringa gjennom skjerpa særskattar på norsk eigarskap tvert imot gjort det meir gunstig for norske bedrifter å ha utanlandske eigarar, slik at til dømes ingen store ferjereiarlag lenger har norske eigarar. Kva meiner regjeringa om denne utviklinga, og kva er regjeringa sin plan for å hindre vidare nedbygging av privat norsk eigarskap?»

Talarar

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg vil starte med å skru tida ti år tilbake, til 2014. Då var det ein kampanje som heitte «Nei til salg av Norge», som fekk nærare 25 000 medlemer på Facebook og påverka den dåverande regjeringa, regjeringa Solberg, til ikkje å selje Flytoget. Gallionsfigurane mot det planlagde salet var ingen ringare enn dåverande Arbeidarparti-leiar, noverande statsminister Jonas Gahr Støre, og omtrent kvar einaste Senterparti-politikar ein kunne finne i det ganske land. No, mens Arbeidarpartiet og Senterpartiet styrer landet, blir Noreg like fullt selt bit for bit – bort frå dei lokale, små eigarane og over til internasjonal kapital, som er på veg inn i dei fleste sektorane. At vi får internasjonal kapital inn i landet på mange område, er sjølvsagt bra, og det treng vi. Men vi treng også det varierte, sterke og spreidde private norske eigarskapet, som har vore kjernen i korleis vi har bygd Noreg til alle tider, og som vil bli viktigare enn nokosinne for å byggje det nye Noreg som skal kome etter oljen i åra og tiåra framover.

Då er det heller ikkje mogleg å kome vekk frå at grunnen til at dette utsalet av norsk eigarskap skjer akkurat no, heng direkte saman med at skattebyrda for norske private eigarar av bedrifter i praksis er dobla dei to første åra med Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa, som gjer opp statsbudsjettet med SV, samtidig som andre europeiske land går i motsett retning i skattepolitikken. Noreg er f.eks. i dag eitt av berre tre OECD-land som har ein særskatt for nasjonale investorar som investerer i bedrifter i eige land – ein skatt som må betalast heilt uavhengig av om bedrifta tener pengar eller ikkje. Vitnemåla på at dette er alvorleg, kjem frå landet rundt, frå bransje etter bransje.

Ta Per Sævik, som nyleg selde ut Fjord1 til eit utanlandsk investeringsfond. Han seier at den norske formuesskatten gjer at norske eigarar i kapitalintensive industriar har eit stort handikap samanlikna med utanlandske eigarar, og at norske eigarar må ta ut pengar løpande for å betale ein skatt konkurrentane ikkje treng å ta omsyn til. Spør Gerda Fuglerud, frå bedrifta Oleana i Bergen, ein tradisjonell tekstilfabrikk med ei lang og stolt historie. Ho seier at ho gjerne betaler skatt, men at formuesskatten på arbeidande kapital er urettferdig og øydeleggjande. Spør Merete Nygaard, i den nyoppstarta teknologibedrifta Lexolve i Oslo, som prøver å byggje opp eit internasjonalt teknologiselskap med base i Noreg. Når ein driv eit teknologiselskap med internasjonale ambisjonar, begynner det å bli vanskeleg å finne grunnar til å drive det frå Noreg. Å ha formuesskatt på arbeidande kapital er det heilt motsette av å satse meir på gründerskap og vekstbedrifter, som vi politikarar seier at vi vil, uansett kva parti vi kjem frå.

Desse vitnemåla kunne vi fortsetje og fortsetje med. Dei kjem frå heile landet, og dei har auka i styrke dei siste to åra, i veldig mange bransjar – i dei tradisjonelle industriane i Distrikts-Noreg, i dei nye teknologibedriftene i byane og i eit mangfald av næringar.

Dette er bakgrunnen for at eg har ønskt å reise denne interpellasjonsdebatten i dag og få tatt denne debatten med næringsministeren, som eg trur heilt oppriktig ønskjer å få fart på Noreg, heilt oppriktig ønskjer vekst og utvikling i næringslivet, og heilt oppriktig ønskjer at den veksten skal skje både ved at vi er eit attraktivt land for utanlandske investorar, og ved at vi greier å halde på meir kapital og meir lokal satsingsvilje, at vi greier å fortsetje med å byggje bedrifter med lokalt eigarskap, og at norske investorar brukar pengane på å investere i arbeidsplassar og nye bedrifter i Noreg og verken syltar pengane ned i andre ting enn å byggje arbeidsplassar eller i verste fall flytter ut av landet og tek verdiane med seg ut. Dette er vi nøydde til å få ein fornya debatt om. Vi må også snakke om skatt, og med det som skjer rundt oss, og det som skjer i Noreg akkurat no, må vi også snakke om vi i framtida kan ha høgare særskattar på norsk eigarskap enn på bedrifter eigde av utanlandske eigarar eller av staten.

Difor spør eg: Kva meiner regjeringa om den utviklinga, og kva er regjeringa sin plan for å hindre vidare nedbygging av privat norsk eigarskap?

Statsråd Jan Christian Vestre []: Takk for anledningen til å prate om temaer som er viktige for meg som næringsminister. La meg starte litt overordnet.

Det går nå veldig godt i store deler av norsk økonomi. Verdiskapingen er høy. I 2022 ble det investert over 450 mrd. kr i norske fastlandsnæringer, dvs. når vi ser bort fra olje og gass. Det er rekordhøyt. Vi må tilbake til høykonjunkturen i 2007 for å finne like høy vekst i investeringene i et enkeltår. Arbeidsledigheten er fortsatt på historisk lave nivåer. Det har kommet 120 000 flere i arbeid på denne regjeringens vakt, nesten alle i privat sektor.

Norske bedrifter gjør det i stort godt. Det etableres 6 000 nye virksomheter hver måned. Det er fortsatt færre konkurser enn før pandemien, og det har aldri vært eksportert mer fra fastlandsnæringslivet. Det at utenlandsk kapital ser lønnsomhet og muligheter i norsk næringsliv, er et sunnhetstegn for økonomien.

Selv om skatter og avgifter uten tvil er næringspolitikk, faller det ikke under mitt direkte ansvarsområde som næringsminister, men jeg kan likevel forsikre om at alle i regjeringen ser helhetlig på disse spørsmålene. La meg si dette: I det store bildet har det norske skattesystemet blitt mer konkurransedyktig de siste ti årene. Den ordinære selskapsskatten ble gradvis redusert fra 28 pst. i 2013 til 22 pst. fra og med 2019. Vi har også fått en ny og gunstigere opsjonsskatteordning for selskaper i oppstarts- og vekstfasen, og i Hurdalsplattformen har vi slått helt klart fast at selskapsskatten ikke skal opp. De største skatteendringene i denne regjeringsperioden er økt skatt på aktivitet som betinger bruk av våre felles naturressurser, som f.eks. grunnrenteskatt på havbruk.

Regjeringen er opptatt av at det skal være størst mulig samlet verdiskaping i norsk økonomi innenfor bærekraftige rammer. Den verdiskapingen skjer i både norskeide og utenlandskeide bedrifter. Størst mulig samlet verdiskaping innebærer bl.a. at lønnsomme investeringer gjennomføres i Norge, enten det er med norsk eller utenlandsk kapital eller en kombinasjon av disse. Vi trenger begge deler. Regjeringen er opptatt av å tilrettelegge for alle som ønsker å investere i og bygge vårt land.

Norge har derfor åpne kapitalgrenser. Det betyr at nordmenn kan investere i utenlandsk næringsliv, og at utlendinger kan investere i norsk næringsliv. Det er bra for norsk økonomi. Norske bedrifter får da tilgang til et større kapitalmarked, noe som bidrar til å redusere finanskostnadene og dermed øke investeringsnivået. Det bidrar til høyere produktivitet, og det bidrar til å styrke vår felles konkurranseevne. Tilsvarende gjør åpne kapitalgrenser at norske bedrifter lettere får utvidet sin virksomhet i utlandet. Det gir stordriftsfordeler, som igjen bidrar til økt lønnsomhet i norsk næringsliv, og norsk næringsliv får et større marked å operere i.

Som jeg sa i forrige sak, må vi være observante, for det kan være utenlandske investorer som ikke nødvendigvis bare har forretningsmessige hensikter med å investere i norsk næringsliv. Vi er i en mer usikker geopolitisk situasjon, og det er økt risiko for at fremmede stater bruker investeringer og oppkjøp i Norge som et virkemiddel for å få innsikt i sensitiv informasjon, eller for å få tilgang til teknologi og ressurser av strategisk betydning. Dette sikkerhetsbildet deler vi med mange europeiske og vestlige land. Det er vurderinger regjeringen tar på alvor. I oktober i fjor oppnevnte vi derfor investeringskontrollutvalget, som skal levere sin rapport 4. desember, og som utreder om det er behov for økt kontroll av investeringer og annen økonomisk aktivitet i norsk næringsliv av hensyn til vår nasjonale sikkerhet.

Jeg har tiltro til at norske eiere er best i stand til å gjøre de bedriftsøkonomiske vurderingene som er knyttet til eget eierskap. Det kan på generelt grunnlag være nasjonale sikkerhetshensyn som taler for å vurdere enkelte oppkjøp. Det kan f.eks. være om enkelte bedrifter ikke bør eies av aktører med tilknytning til stater vi ikke har et sikkerhetspolitisk samarbeid med. Utover dette mener regjeringen at forholdene i markedet bør avgjøre hvilke aktører som er best egnet, og som er villige til å eie og drive f.eks. fergerederiene våre. Vi er ikke tjent med å kunne overstyre vurderingen til norske forretningskvinner og norske forretningsmenn med mindre det kan begrunnes i særlige sikkerhetshensyn.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg takkar for svaret. La meg først av alt seie at eg fullt ut deler statsråden si understreking av at vi treng strengare reglar, sterkare fokusering på moglegheita for fiendtlege utanlandske oppkjøp og å vite hensikta med oppkjøp inn mot Noreg, i den nye geopolitiske situasjonen verda er i og ser ut til å gå inn i. Det er eit ansvar vi må ta på ein heilt annan måte enn tidlegare, og eg er veldig glad for at statsråden og regjeringa er i gang med det arbeidet. Det vil eg kvittere ut med ein gong. Det kjem vi til å følgje nøye her frå Stortinget også.

Elles er eg nok meir uroleg over den andre delen av svaret, som handla om det no faktisk er eit reelt behov for å gjere grep for å sikre at vi ikkje får ei stadig tømming av det norske private eigarskapet frå norsk næringsliv. Statsråden sa på slutten at han har tiltru til at norske investorar og eigarar sjølv er i stand til å vurdere korleis dei best plasserer sine midlar og verdiar, og det er eg hundre prosent einig i. Utfordringa er at vi har eit skattesystem som er retta inn slik at det faktisk er ei skattemessig ulempe for ei bedrift å ha ein norsk privat eigar kontra å ha ein utanlandsk eigar, fordi formuesskatten slår inn og må betalast. Han blir lagd på verdiane som ligg i bedrifta, må betalast uavhengig av om bedrifta har overskot eller underskot, og i veldig mange tilfelle må han dekkjast gjennom å ta ut utbyte frå bedrifta, som ein så på toppen må betale utbyteskatt på.

Det er nettopp dette som eigentleg er kjernen i problemstillinga. Eg trur òg næringsministeren veldig mange plassar i landet får tilbakemelding på at formuesskatten i kombinasjon med utbyteskatten, med dei sterke aukane som har kome dei to siste åra, no er i ferd med å bli eit problem, slik summen av dette er innretta, for å halde oppe og over tid auke det private norske eigarskapet i bedrifter. Det gjeld for etablerte industribedrifter, og det gjeld kanskje i endå større grad for nye teknologibedrifter der verdiane ligg i immaterielle verdiar som må skattast av utan at dei pengane i det heile finst i verkelegheita, for den gründeren eller eigaren som held på å byggje opp ei teknologibedrift.

Mitt spørsmål er igjen: Ser næringsministeren at formuesskatten, slik han er innretta i dag, er ei utfordring for å ta vare på norsk kapitalbygging i norsk næringsliv?

Statsråd Jan Christian Vestre []: Det er en lang rekke rammebetingelser som avgjør norske bedrifters konkurransekraft og hvor attraktivt det er å investere i Norge. Representanten har helt rett i at skatter og avgifter er en av de rammebetingelsene. Det er også mange andre viktige forutsetninger for å investere i Norge.

Det at vi har bygd et samfunn med relativt små forskjeller mellom folk, som gjør at vi har tillit til hverandre, at vi har et høyt utdanningsnivå bl.a. gjennom gratis og lik rett til utdanning, at vi har satset massivt på forskning og utvikling, på infrastruktur, at vi bygger veier og høyhastighetsbredbånd, at vi har muligheter for å eksportere varer fra hele vårt mangfoldige og langstrakte land til verden, at vi har jobbet for å ha gode handelsavtaler, at vi har et sosialt sikkerhetsnett som gjør at folk kan ta risiko i vårt land, at folk kan si opp en godt betalt og trygg jobb for å starte sin egen bedrift og ikke måtte risikere å stå med lua i handa og miste utdanningen og helsetilbudet til sine barn – alt dette er velferdsstaten. Det er den norske modellen. Det er dette som har gjort oss til verdens mest omstillingsdyktige samfunn og et av de mest produktive samfunnene i verden – et samfunn som har blitt en vekstmaskin, som skaper nye verdier, omstiller seg og bidrar til å finansiere velferden vår.

Det er tuftet på ideen om å skape og dele. Gjør din plikt, og krev din rett. De som har mest, yter også mest til fellesskapet. Formuesskatten er en av våre mest omfordelende skatter. Det er en grunn til at ikke noe stortingsflertall, ei heller under åtte år med borgerlig regjering, har valgt å bruke stortingsflertallet til å avskaffe formuesskatten. Ikke bare hadde 27 000 nordmenn blitt nullskattytere, men det ville ødelagt skattemoralen for alle andre som betaler skatt. Det ville også bidratt til større forskjeller i Norge. Det er grunnen til at formuesskatten ikke er avskaffet.

Formuesskatten er ikke høyere nå enn den var for ti år siden. Hvis man hadde 20 mill. kr i aksjeformue, betalte man en effektiv formuesskattesats på 1,1 pst. for ti år siden, nå er den 0,88 pst. Så er det riktig at utbytteskatten er satt opp noe – 3 prosentpoeng mener jeg å huske. Men selskapsskatten er i samme periode satt ned med 6 prosentpoeng. Norge har fremdeles en lavere beskatning av realformue enn gjennomsnittet i OECD-landene.

Regjeringen ønsker å legge til rette for private investeringer og norsk eierskap. Vi ønsker utenlandsk god kapital velkommen. Alle som vil være med på å skape verdier i vårt land, er velkommen til det. Vi kan gjerne diskutere innretning på skattesystemet, justeringer og forbedringer som gjør skattesystemet vårt enda mer vekstkraftig, rettferdig og omfordelende. Men det er altså ikke regjeringens politikk å fjerne formuesskatten, og regjeringen mener heller ikke at formuesskatten står i veien for verdiskaping i Norge.

Olve Grotle (H) []: I det siste har næringsministeren i fleire aviser kritisert sin eigen politiske familie for å ha eit for negativt syn på næringslivet vårt. Kva som ligg i dette, er litt uklart for meg. Er det omtalen av næringslivet han kritiserer sine eigne for, eller er det sjølve politikken?

Under spørjetimen i går, og faktisk også for 3 minutt sidan, fekk vi eit nytt eksempel på at næringsministeren ikkje heilt forstår korleis næringslivet opplever sin eigen situasjon og politikken til regjeringa – og ja, det handlar om formuesskatt. I staden for å uttrykkje forståing for dei utfordringane formuesskatten gjev, roste næringsministeren denne skatten på norsk eigarskap. Og ikkje nok med det: Slik eg oppfatta næringsministeren, hadde han heller ikkje dekning for orda sine. For når næringsministeren først seier at han er oppteken av ein kunnskapsbasert debatt, for så i neste runde å seie at formuesskatten ikkje er høgare enn for 10 år sidan, får eg det rett og slett ikkje til å stemme.

Næringsministeren opplyste sjølv at skattesatsen for formue under 20 mill. kr ikkje var lågare for 20 år sidan enn i dag, men det næringsministeren, som altså er oppteken av ein kunnskapsbasert debatt, ikkje sa, var at regjeringa har auka skattesatsen på formuar over dette beløpet vesentleg.

Skal ein rette blikket 10 år tilbake i tid, blei det av næringsministeren heller ikkje nemnt

  • at det er ei langt høgare verdsetjing av enkelte eigedelar, f.eks. næringseigedomar, i dag enn for 10 år sidan

  • at det er ein langt høgare utbyteskatt i dag enn for 10 år sidan

  • at det er ein redusert aksjerabatt for unoterte aksjar i dag samanlikna med for 10 år sidan

  • at det er eit redusert gjeldsrentefrådrag i dag samanlikna med for 10 år sidan

  • at det er blitt ein mykje større forskjell i skattetrykket mellom nordmenn og utlendingar, i favør av utlendingane

Det kan godt hende det finst nyansar i det eg har sagt, og at andre forhold spelar inn, meir enn dei eg har kome inn på no, men tre ting synest likevel klart:

  1. Dagens regjering har dobla formuesskatten i forhold til Solberg-regjeringa – dette gjennom auka prosentsats, reduksjon i aksjerabatt og auke i utbyteskatt.

  2. Det er altså ikkje riktig eller fullstendig å seie at formuesskatten ikkje er høgare i dag enn for 10 år sidan.

  3. For 10 år sidan hadde næringslivet og investorar tru på betre rammevilkår og lågare skattar, noko som òg skjedde med Solberg-regjeringa sin politikk. I dag er det omvendt.

Næringslivet har mista trua på næringsministeren og regjeringa, både fordi dei ser kva politikk som faktisk blir ført, og korleis næringslivet i to år har blitt negativt omtalt og lite verdsett.

Eg har dei siste to åra sett ei endring også i møte med næringslivet. Der det tidlegare blei nemnt formuesskatt som ein del av problema og utfordringane, er dette i dag blitt dominerande. Og vi ser ein stadig sterkare bevegelse, ikkje minst langs med vestlandskysten, som går på nettopp dette.

Eg spår at fram mot valet i 2025 vil skatt på norsk eigarskap bli sentralt for store delar av næringslivet. Det er synd at regjeringa ikkje har oppfatta dette.

Sivert Bjørnstad (FrP) []: Tusen takk til representanten Alfred Bjørlo, som tar opp en svært viktig interpellasjon.

Jeg tror det er lurt at man har litt realpolitisk tilnærming til disse spørsmålene. Lik det eller ikke, men kapitalen i verden er mobil, og skatt betyr åpenbart ganske mye for hvor kapitalen havner. De siste årene har vi i Norge sett utflytting av norske eiere, men også salg av norske bedrifter. I veldig mange av de tilfellene begrunnes det med skatt, særlig eierbeskatning, men også generell uforutsigbarhet, arbeidsgiveravgift, grunnrentebeskatning med mer.

Så kan man lure på: Hvorfor skal man bryr seg om dette? Det flommer jo over av kapital i Norge. Vi har oljefond, og vi har vannkraft – penger er ikke noe mangelvare i AS Norge. Jo, man skal bry seg om dette fordi det ikke bare handler om provenytapet. Det handler om langt mer – det handler om kultur, det handler om kompetanse. Det er ikke noe problem med den første generasjonen som forlater Norge og flytter til andre land. De kommer til å investere i Norge uansett fordi tilknytningen til Norge er så sterk. Det store problemet – med kompetanse og kultur – kommer i andre, tredje og fjerde generasjon, som vil ha hele verden som investeringsunivers, ikke bare Norge.

Det er også et problem for den norske modellen. Lokalt eierskap er en del av den norske modellen. Det at arbeidstakere, ledere og eiere kjenner hverandre, stoler på hverandre og har tillit til hverandre, har åpenbart en stor betydning for den norske modellen. Det at man ikke bare omgås på jobb, men også møtes på foreldremøter, på butikken og på fotballtreningen til ungene – det har noe å si. Det er alt dette som nå er truet, og som sannsynligvis er langt viktigere enn provenytapet det medfører for staten hvert år.

Så har også jeg lagt merke til en retorisk endring hos regjeringen – og særlig hos næringsministeren – de siste ukene, både i ulike intervjuer og i podkaster osv. Der går det igjen at man er villig til å se på skatt. Med all mulig respekt: Det virker som det bare er prat. Med en gang man kommer tilbake til Stortinget og deltar i denne type debatter, er man tilbake til de samme gamle talepunktene om at formuesskatten er lavere enn i 2013, at alt egentlig er så fint og flott, og at vi flommer over av melk og honning. Da kan man jo lure på: Er regjeringen egentlig villig til og interessert i å diskutere dette, eller er det et enkelt talepunkt å bruke når man blir utfordret på det av media og næringsliv? Det virker dessverre som at det er det siste.

Dessverre stemmer heller ikke de faktaene som presenteres, og som Olve Grotle på en utmerket måte tok fra hverandre. Eierbeskatningen er betydelig høyere i dag enn i 2013. Man har utvidet formuesskattegrunnlaget på en rekke områder – på næringseiendom, på sekundærboliger, for å nevne noe – og man har også langt høyere utbyttebeskatning. Utbyttebeskatningen er ikke økt med 3 prosentpoeng, slik som næringsministeren sa; på to år er den økt med over 6 prosentpoeng. Over 20 pst. er utbytteskatten økt med de siste to årene. Man må forholde seg til fakta i denne type debatter og ikke komme med utdaterte tall.

Så er det selvfølgelig slik at eiere av norske bedrifter stort sett ikke har formue i form av kontanter. Det mistenker jeg at næringsministeren egentlig vet. Den formuen norske eiere sitter med, er stort sett investert i maskiner, patenter, bygninger og varelager. Derfor må formuesskatteregningen finansieres med utbytte. Så for å få betalt formuesskatten må man ta ut utbytte, og da må man betale utbytteskatt – en klassisk dobbeltbeskatning som hemmer vekstkraften til norske bedrifter. Men hvorfor skal man bruke 2013 som referanseår, uansett? Bruker man 2021 som referanseår, så er eierbeskatningen doblet.

Problemet er at alle taper på det. Hele AS Norge taper på det. Vi er i ferd med å bli leilendinger i et filialland eid av utenlandske eiere, eller utenlands bosatte nordmenn, slik som også Bjørlo var inne på i starten. Det virker ikke som at lyset er i ferd med å gå opp for regjeringen og næringsministeren enda, men vi kan håpe at det går opp når lyset i stortingssalen har gått av.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Eg takkar interpellanten for at han tek opp ein diskusjon, men det er no ein snodig diskusjon som blir innleidd her. Det er snakk om referansar – altså om vi i Noreg i dag har høg skattlegging av formuesobjekt samanlikna med andre land. Det er det som er kjerneutgangspunktet. Har vi det? Ifølgje høgresida har vi det, men ifølgje dei harde tal og fakta har vi ikkje det. Noreg ligg godt under snittet i OECD på skatt på formuesobjekt. Berre å ta utgangspunkt i éin skatt, formuesskatten, og sjå bort frå kor lave skattar vi har på andre område, er ei rar tilnærming.

Spørsmålet er om norske bedriftseigarar har ei høgare skattlegging samanlikna med andre land. Der er altså fakta at USA, Storbritannia, Spania, Frankrike, Japan, Korea, Italia, Island, Irland, Finland, Danmark, Canada og Australia – alle desse landa, og det er langt fleire – har høgare skattlegging av formuesobjekt. Så kor kjem denne diskusjonen eigentleg frå? Eg trur at kjernen nok ligg i høgresidas angrep på arbeidande kapital, og eg trur nok det er det ein ønskjer å kome til livs. Det brukte dei åtte år på å prøve å finne ei eller anna løysing på. Dei klarte det ikkje. Det dei i staden gjorde, var å senke formuesskatten i breitt.

Når vi da lever i eit land som har låg skatt på formuesobjekt – det er eit uomtvisteleg faktum – vil dei ha han enda lenger ned. Dei vil at dei aller rikaste i landet skal betale enda mindre til fellesskapet og bidra enda mindre. Det eg høyrer da, er at det skal kuttast i velferdsordningar. Skular, barnehagar, sjukehus og så vidare skal få det enda strammare. Dei som er avhengige av offentleg velferd, får berre la det skure og gå, mens dei som har god inntekt, kan kjøpe seg private ordningar. Det høyrer eg.

Eg høyrer også at dei som allereie ikkje betaler så mykje i skatt, skal betale enda mindre. Det betyr at byrda i enda større grad må falle over på folk med vanlege inntekter, altså at sjukepleiarar, lærarar, legar osv. – folk som berre lever av inntekt frå arbeid, ikkje av inntekt frå kapital – skal betale enda meir. Det høyrer eg.

Om Olve Grotle har rett i at dette skal bli ein sentral debatt for høgresida, at ein på høgresida skal samle seg på valen rundt å senke skatten ytterlegare på formuesobjekt, må neste spørsmål til høgresida vere: Kven skal da betale prisen? Kven skal da bli skadelidande for at ein skal senke skatten ytterlegare? Eg må også spørje om høgresida ønskjer at ein skal erstatte formuesskatten med ein arveskatt, sånn som ein har i 24 av 36 OECD-land. Det har vi ikkje i Noreg. Det er vi i SV opne for å diskutere. Det vil også ha meir positive fordelingsmekanismar mellom generasjonar og vil vere heilt i tråd med den norske modellen, med eit samfunn med små forskjellar.

Det overraskar meg at det er så stor samling på høgresida for ein politikk og ei linje som berre vil føre til økte forskjellar som ikkje er næringspolitisk grunngjevne, for samanlikna med andre land er Noreg langt under snittet i OECD. Dette er ikkje ein næringspolitisk diskusjon, dette er ein fordelingspolitisk diskusjon, og det er kanskje det som har vore min mest grunnleggande kritikk av næringspolitikken til høgresida: at han i for stor grad ikkje er det. Det er ikkje næringspolitikk. Det er først og fremst fordelingspolitikk dei tar til orde for.

Linda Hofstad Helleland (H) []: Jeg vil også takke Venstre og representanten Bjørlo for initiativet til en veldig viktig debatt. Det er absolutt riktig av Stortinget å ta den debatten nå, for regjeringen gir så ulike signaler om hva man mener om eierbeskatningen.

Akkurat nå, i dette øyeblikk, legger vi i Høyre fram vårt alternative statsbudsjett. Statsbudsjetter handler jo om å prioritere. Det handler om å prioritere opp noe, og det handler om å ta noen valg. I Høyre velger vi å redusere skattene. Vi velger å redusere avgiftene. Vi er opptatt av å legge til rette for at bedrifter skal etableres og drive godt, eskalere, skape jobber og sikre inntekter til velferden som så skal fordeles ut igjen.

Det vi har sett de to siste årene under Støre-regjeringen, er at vi har fått en økning i skattene på 37,4 mrd. kr. Vi har sett en endring i næringspolitikken, brå endringer over natten og uforutsigbarhet. Stabiliteten for norsk næringsliv, stabiliteten for at rammevilkårene ligger fast, er forsvunnet.

Representanten Knag Fylkesnes står her og savner og etterlyser dokumentasjon på at vi trenger å redusere eierbeskatningen og skattene i Norge. Han bør gå ut og snakke med de bedriftslederne som flytter ut bedriften sin, og med dem som heller lar seg kjøpe opp av utenlandske investorer fordi den giftpillen som nå er påført norske bedrifter – med de brå endringene, med de høye skatteøkningene og med arbeidsgiveravgiften – gjør det umulig å investere videre i bedriften og i nye arbeidsplasser.

Det vi stusser på, er at næringsministeren i forrige uke gikk ut og sa at man ønsket innspill på å endre formuesskatten, at man var veldig åpen for å se på mulighetene for å endre denne særnorske skatten, der vi ikke lenger skal forfordele utenlandske investorer, men at når næringsministeren kommer i Stortinget, sier han noe helt annet. Da er han plutselig en beinhard forsvarer av formuesskatten, mens ute i det offentlige ordskiftet er det en helt annen tone. Jeg skjønner at det gjør inntrykk på en næringsminister når man er ute og besøker bedriftene og enhver bedrift forteller om utfordringene med formuesskatten, med arbeidsgiveravgiften på toppen av det hele, som blir pålagt kompetansearbeidsplasser i Norge, og som ikke er avhengig av om man går med overskudd eller underskudd. Det skulle bare være en midlertidig avgift, men den biter seg nå fast.

Det er fascinerende at næringsministeren gjør Rødt til sin hovedmotstander og utfordrer Rødt på at de driver en næringsfiendtlig politikk, samtidig som det er sentralstyremedlemmer i hans eget parti som har gjort det til sin kamp å gå etter de rike. Det er sentralstyremedlemmer i Arbeiderpartiet og lederen i LO som oppfordrer oss til å gå ut og ta de rike – de som skaper bedriftene og arbeidsplassene og gir oss skatteinntekter.

Denne debatten viser at det er behov for at Stortinget diskuterer hvilket skattenivå vi skal ha for vårt næringsliv – om vi skal ønske bedrifter velkommen, om vi skal ønske investorer velkommen til å gå inn med kapital, være med og skape arbeidsplasser og bidra til den verdiskapingen vi trenger, eller om vi fortsatt skal påføre norske bedrifter både kompetanseskatt og særnorske skatter og drive en konkurransevridende politikk.

Presidenten []: Då må me avbryta forhandlingane i sak nr. 7 til etter votering kl. 14.

Det vart teke ein pause i debatten for å votere. Debatten heldt fram etter voteringa.

Presidenten []: Stortinget går dermed tilbake til debatt i sak nr. 7, og neste talar er interpellanten, Alfred Jens Bjørlo.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg vil takke for ein veldig interessant debatt. Mitt hovudføremål med å reise denne interpellasjonen var for det fyrste at dette er eit enormt viktig tema som blir diskutert i bygd og by over heile landet, blant små og store bedrifter. Det var òg å få fram om det her er reelle politiske skilnader i haldningane til om vi er nøydde til å gjere noko med det norske skattesystemet for å berge framtida for det breie, lokalt forankra, sterke private eigarskapet i bedriftene. Det har vi fått fram. Det er reelle politiske skilnader her.

Representanten Knag Fylkesnes seier at han ikkje heilt skjønar kor denne debatten kjem frå, at det er ein snodig diskusjon. Då vil eg oppfordre Fylkesnes og andre som synest dette er ein snodig diskusjon, til faktisk å reise rundt og snakke med bedrifter rundt i landet som er eigde av folk som brenn for å utvikle dei vidare og investere meir i Noreg, men ser at det at dei som norske borgarar eig bedriftene, faktisk er ei belasting for bedrifta. Dette er eit tema som vil kome med full tyngde framover, og det trur eg vi alle skal ta på alvor.

Det er òg veldig mykje fakta som må ryddast opp i, sjølv om representantane Grotle og Bjørnstad gjorde ein heiderleg innsats i debatten. Det er ikkje rett at å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital vil skape 27 000 nullskattytarar. Det er rett og slett ikkje korrekt.

Representanten Knag Fylkesnes seier at vi ikkje ligg høgt på realskattlegging, altså skattlegging av eigedom og verdiar i Noreg. Ja, det er isolert sett korrekt fordi vi har omtrent null skattlegging av private bustader, men det er ikkje det dette handlar om. Dette handlar om skattlegging av verdiar i bedrifter, og då ligg vi høgt – og vi ligg endå høgare etter dei to siste åra og dei skatteskjerpingane som har kome. Det er slike ting vi må rydde opp i i desse debattane vidare framover.

Eg takkar næringsministeren for å gå inn i debattane og engasjere seg i dei, men eg er likevel ueinig med næringsministeren når han seier i sitt siste innlegg at formuesskatten ikkje står i vegen for verdiskaping i Noreg. Etter mi og Venstre si oppfatning står formuesskatten – slik han er innretta i dag, mot bedrifter og mot det å eige og utvikle norske bedrifter – i vegen for verdiskaping i Noreg. Dette er debattar vi må ta i tida framover. Det handlar om å lage eit grunnlag for å byggje eit sterkt næringsliv for framtida i Noreg med norske eigarar, med lokale eigarar, tett på det som skjer i lokalsamfunnet. Denne debatten vil fortsetje.

Statsråd Jan Christian Vestre []: La det ikke være noen tvil om at målet er at Norge skal være verdens beste land både å starte bedrift i og drive bedrift i, og jeg tror vi alle er opptatt av at vi skal ha et rettferdig skattesystem som både bidrar til høy verdiskaping, til omfordeling og til at vi får finansiert velferdsoppgavene våre.

Det er ikke noe mål for denne regjeringen å øke skattene. Det er ikke noe mål at vi skal ha et høyere skattenivå enn det som er nødvendig. Finansministeren og statsministeren har vært veldig tydelige på at regjeringen ikke foreslår eller planlegger noen skatteøkninger, og senest i statsbudsjettet for neste år har vi jo foreslått en redusert formuesskatt, på om lag 450 mill. kr.

Det er viktig med en faktabasert diskusjon. I 2013 var marginalskatten på utbytte 48,2 pst. I 2023 er den 51,5 pst. Det vil si at hvis man driver et selskap i Norge som har 10 mill. kr i overskudd, og man tar alle de ti millionene ut i utbytte, så betaler man altså 904 kr mer i skatt per dag på 10 mill. kr. Vi kan være litt edruelige i hvordan vi omtaler skattesystemet. Når det gjelder formuesskatten, var satsen i 2013 1,1 pst. Da var aksjerabatten 0 pst. I år er satsen mellom 1 og 1,1 pst., og aksjerabatten er 20 pst. Det er fakta.

Representanten Hofstad Helleland snakker om en giftpille og at det er umulig å investere i norske bedrifter. Hvilken verden er det representanten befinner seg i – når det aldri har vært investert mer i norske bedrifter enn nå? Jeg skjønner det er vondt for representanten Hofstad Helleland å akseptere at det investeres langt mer i norsk næringsliv nå enn under Solberg-regjeringen, men det er altså fakta.

Så viser representanten Hofstad Helleland til Høyres alternative budsjett. Ja, det har jeg også sett på nå. Her foreslår partiet Høyre å øke aksjerabatten fra 20 til 30 pst. Var det alt – når partiet Høyre har reist land og strand rundt og lovet å fjerne formuesskatten? Vel, det gjorde jo heller ikke Høyre med åtte år i regjeringsmakt. Hvis det var så enkelt, var det vel bare å fjerne den? Nå foreslår altså partiet Høyre å redusere effektiv formuesskattesats fra 0,88 pst. til 0,77 pst. Det heter visstnok «en bedre fremtid». Men når det er denne regjeringen som gjennomfører skattepolitikken, så er det «en giftpille». La oss ha en mer anstendig og seriøs debatt enn dette.

Regjeringen er åpen for å se på alle forslag som kan gjøre skattesystemet vårt bedre: fremme verdiskaping, fremme omfordeling, bidra til rettferdighet og ta vare på den norske modellen. For – og jeg avslutter der jeg begynte – den norske modellen er en enestående suksesshistorie. Den har bidratt til at vi har et av de mest verdiskapende næringslivene i verden. Den har tatt oss til topps i produktivitet, i omstillingsevne og i innovasjonsevne. Vi har tatt i bruk landets ressurser, fordelt rikdom, utjevnet forskjeller og skapt et tillitssamfunn som hele verden misunner oss. Regjeringen er garantisten for å beholde den samfunnsmodellen.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.