Forslag frå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om oppnemning av ein kommisjon for vidare førebuing av eit nasjonalt krigsbarnoppgjer

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Krigsbarna sin situasjon i Noreg i etterkrigstida er eit dystert kapittel i vår nære fortid. Mange tusen barn fødde med tysk far og norsk mor har vore utsette for ein kollektiv urett som samfunnet må rette opp. Det er no snart 60 år sidan den andre verdskrigen tok slutt. Det er såleis på høg tid at denne saka no kjem til sin ende.

Våren 1998 blei det tatt eit initiativ ifrå Sosial- og helsedepartementet for å utarbeide ein kunnskapsstatus om krigsbarna. Det var ynskjeleg å kartleggje oppveksttilhøve og undersøkje påstandar om offentleg underslag av midlar, trakassering og maktovergrep. Noregs forskningsråd fekk oppdraget. Året etter vart det utarbeidd ei såkalla «Kvitbok», ei samling offentlege dokument om dette temaet. Dessutan kom rapporten «Fiendens barn».

Denne rapporten konkluderte mellom anna med at det var behov for eit større forskingsmateriell for å få klårlagd krigsbarna sine oppvekstvilkår, dei overgrep dei måtte ha opplevd og dei forsømingar frå samfunnet krigsbarn kan ha vore utsette for. Regjeringa løyvde difor midlar til eit omfattande forskingsprosjekt. Resultata av desse granskingane vil liggje føre om tre år frå no. Forslagsstillaren meiner at den pågåande forskinga ikkje er til hinder for at det parallelt blir førebudd erstatnings- og oppreisningstiltak for dei barna som er ramma. Det må understrekast at det undervegs i førebuinga av førre forskingsprosjekt kom klart fram at slett ikkje alle i gruppa krigsbarn er interesserte i at det blir «rippa opp» att i denne delen av krigssoga. Det bør likevel ikkje vere til hinder for ein gjennomgang for dei mange som enno slit med vonde minne og påkjenningar og som er merkte av det dei har opplevd. Tilbod om to nasjonale identitetar, inntektsbortfall, svekka pensjonsrettar er døme på tema som høyrer med i ein slik samanheng.

Hausten 2001 vart det ført ei rekkje rettssaker mot staten kor krigsbarn gjekk til sak av di dei meinte staten stod ansvarleg for den fornedrande behandlinga dei hadde vore utsette for. Saksøkjarane fekk ikkje medhald. I dommen heiter det mellom anna:

«Retten kan etter dette vanskelig se at en fortsatt prøving av saken vil kunne føre med seg noe godt for saksøkerne. Partene er enige om at behandlingen av krigsbarna i Norge ikke er et avsluttet kapittel. Etter rettens mening vil det være best for alle involverte at spørsmålene overlates til historikerne og politikerne, ikke til juristene.»

Forslagsstillaren meiner Stortinget må ta sin del av ansvaret for å sjå til at den uretten som er gjort både direkte frå det offentlege si side, men òg frå samfunnet elles mot desse barna, blir retta opp. Dei har fått ei orsaking gjennom statsminister Kjell Magne Bondevik sin nyårstale 1. januar 2000. Dei har også rett til ei moralsk oppreising og ei særskild vurdering i høve til eit økonomisk oppgjer frå samfunnet.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa oppnemne ein kommisjon som skal vurdere eit særskilt krigsbarnoppgjer. Kommisjonen skal vurdere grunnlaget for ei oppreisning mot desse barna og tilrå kva form eit slikt oppgjer skal ha.

10. april 2002