Forslag frå stortingsrepresentantane Lena Jensen, Inge Ryan og Rolf Reikvam om å innføre maksimalgrense for reisetida frå heimen til skolen

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Stadig fleire grunnskolar blir lagde ned kvart år. Sidan 1986 har kommunane lagt ned meir enn 600 nærmiljøskolar her i landet. Talet aukar med om lag 40 per år. Ein konsekvens av dette er at eit aukande tal born ned til 5-6 års alder blir pålagt lengre arbeidsreiser til og frå skolen. Tal frå Utdannings- og forskingsdepartementet viser at over 133 000 elevar i dag er omfatta av skoleskyssordninga, og at skolenedlegginga sender 2 100 nye elevar ut på vegen årleg. Ein reknar med at 40 000 elevar sit på bussen i meir enn ein time dagleg. På enkelte skolar reiser mange av elevane i fleire timar kvar dag.

Lange arbeidsreiser har negativ innverknad på elevane sin motivasjon og læring. Mange elevar kjem kvalme eller uopplagde på skolen. Dette medverkar til dårlegare vilkår for læring. Fleire undersøkingar viser òg at elevar som nyttar skoleskyss i staden for å gå eller sykle til skolen, har dårlegare fysisk helse enn andre elevar. Ei gransking tyder òg på at om lag 30 pst. av elevane med skoleskyss lenger enn ein time, får varige helseskadar.

Det er vidare dokumentert at skolebussen er ein arena for utryggleik og mobbing, utanfor vaksenkontroll. Ei undersøking frå Nord-Trøndelag i perioden 1995-1997 viser at nær 20 pst. blir utsette for opne, fysiske overgrep i bussen. Nesten 40 pst. er utsette for verbale eller ikkje-verbale åtak.

Dei lange arbeidsreisene vil òg frårøve elevane tid til naudsynt kvile og fritid. Skyssmengda fører til forkorta tid til familien, og til å ta del i fritidsaktivitetar og organisasjonsliv. Vidare vil det bli vanskelegare å få til eit godt samarbeid mellom heim og skole.

Forslagsstillarane viser til at Barneombodet har omtala situasjonen som heilt uhaldbar, og har kome med forslag om å innføre ei lovføresegn om maksimal reisetid til og frå skole.

Kommunane kan no i praksis lage opptaksområda til skolane slik dei vil, nokre stader med urimeleg lange arbeidsreiser som konsekvens. Dette tyder òg at elevane ikkje får gå på ein skole som er knytt til deira nærmiljø. Dersom avstanden til skolen blir for lang, kan undervisninga ikkje fylle krava i læreplanen (L-97) om å knytast konkret opp til lokalt næringsliv, lag og organisasjonar.

Forslagsstillarane meiner det er på tide å gi born vern mot lange skolereiser ved å innføre maksimalgrense for reisetida frå heimen til skolen.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag til regelverk om at opptaksområda til vanleg skal skipast slik at reisetida frå heimen til skolen ikkje overstig 30 minutt på barnesteget og 45 minutt på ungdomssteget.

23. april 2002