Forslag frå stortingsrepresentantane Øystein Djupedal, Hallgeir H. Langeland og Heidi Grande Røys om å styrkje og byggje ut nasjonalparkforvaltinga

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

I Noreg har vi verna verdifull natur mellom anna i form av nasjonalparkar, naturreservat og landskapsvernområde. Vi har eit stort nasjonalparksystem og forvaltar mesteparten av det som er att av villmark i Europa. Meir av den norske naturarven skal vernast, og målsetjinga er å doble talet på nasjonalparkar innan år 2010. Noreg skal vidare, ved Jostedalsbreen nasjonalparksenter og Stryn kommune, vere vertskap for den årlege fagkongressen om europeiske nasjonalparkar (EUROPARC 2003), og i samband med dette vil ein få fokus på forvaltinga av nasjonalparkar.

Noreg er langt framme når det gjeld vern av fjellområde og representative landskap i innlandet. Vi er derimot ikkje gode når det gjeld system, forvalting, når det gjeld immateriell utnytting, samordning, profilering og merkevarebygging, samarbeid med lokalsamfunna rundt nasjonalparkane eller når det gjeld utnytting av økonomiske potensiale utanfor vernegrensene.

Ei undersøking av 128 europeiske nasjonalparkar i høg vernekategori (IUCN kat. 2) i 1997 viste at gjennomsnittleg forvaltingsstab var på 62 personar. Ein god del av desse hadde mindre årleg tal vitjingar enn til dømes Jostedalsbreen og Jotunheimen nasjonalpark. Til samanlikning har berre eit par norske nasjonalparkar så mange som tre årsverk i forvaltinga. Med så små ressursar vert det vanskeleg å oppnå målsetjingane med nasjonalparksentra: At dei skal formidle vår nasjonalparkpolitikk, ta vare på vår fantastiske natur for komande generasjonar, og formidle kunnskap om naturarven, plante- og dyreartane som lever i verneområda, økologien og om historia og kulturen i områda.

Røynsler frå andre land, særleg USA, viser korleis nasjonalparkar kan bli økonomiske drivkrefter og profilere store delstatar som "merkevare" for nasjonalt naturvern. Forvaltingssystemet i dei amerikanske parkane er vorte ein modell for heile resten av verda. Mange land i Europa har òg kome langt i å byggje opp tilsvarande desentraliserte administrative ordningar. Kjem ein til Austerrike får du snart ein faldar i handa med helsinga: "Velkomen til nasjonal­parklandet Austerrike". På riksvegane finn du skilt som fortel at du er komen til ein "Nasjonalparkgemeinde". Kommunane profilerer seg altså som nasjonalparkkommune. I Noreg har vi ikkje kome langt i slik tenking.

Norske nasjonalparkar dekkjer eit større areal enn Slovenia, og vil med tida ha eit samla nasjonalpark­areal som er like stort som heile Danmark. Likevel er det ikkje nokon samordna etat som styrer nasjonalparksystemet: Ei avdeling i Direktoratet for naturforvaltning har eit delansvar og i 18 fylke er nasjonalparkforvalting ein del av dei tilsette på miljøvernavdelinga sitt ansvar. Dei frivillige organisasjonane, då særleg Den Norske Turistforening, har gjort eit stort arbeid med å leggje til rette for friluftsliv i dei norske nasjonalparkane, gjennom merking av turløyper i fjellet og sitt store nett av hytter. Vidare har nasjonalparksentra eit sentralt ansvar for informasjon, men det er altså ikkje eit system, og langt mindre er det samordna.

Etter forslagsstillarane si vurdering bør vi difor no satse sterkt på å byggje opp ei slagkraftig, lokal drift av nasjonalparkane gjennom nasjonalparksentra. Nasjonalparksentra får i dag eit mindre, årleg tilskot til drift, og det er liten aktivitet frå sentralt hald til sentra. Resterande midlar må sentra tene inn kommersielt gjennom billettsal og sal av suvenirar. Det vert vanskeleg å planlegge utvikling og formidling av naturinformasjon under slike vilkår. Både økonomisk og fagleg treng nasjonalparksentra eit løft, mellom anna ved at fleire oppgåver vert flytta ut til sentra, slik at desse kan ha fagpersonar i arbeid. I mange verneområde, og spesielt i landskapsvernområde og naturreservat, er det trong for vedlikehald og skjødsel for å oppretthalde verneverdiane i området. Dette kan vere å oppretthalde gamle slåttetradisjonar, seterdrift, halde tråkk og gamle turstiar i stand, eller anna skjødsel. Etter forslagsstillarane si vurdering, må òg desse verneområda få eit løft slik at verneverdiane vert sikra og områda kan fylle oppgåva si som kunnskapsformidlar og ivaretakar av naturarven.

Forslag

Med denne grunngjevinga fremjer ein følgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa på ein eigna måte, og seinast i samband med statsbudsjettet for 2004, fremje forslag om å styrkje og byggje ut drifta og forvaltinga av nasjonalparkane og andre verneområde.

6. februar 2003