Framlegg frå stortingsrepresentantane André N. Skjelstad og Lars Sponheim om lov om endring i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) (oppheving av det generelle forbodet mot å dele landbrukseigedom)

Innhald

Til Odelstinget

Bakgrunn

Delingsforbodet i jordlova § 12 inneber ei innskrenking i grunneigaren sin rett til å gjere rettslege disposisjonar over delar av eigedomen. Utgangspunktet er at ein eigedom som er nytta, eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk ikkje kan delast utan styresmaktene sitt samtykke.

Jordlova § 12 rammar disposisjonar av rettsleg art over del av eigedomen. I tillegg vil forbodet kunne ramma faktiske disposisjonar over del av eigedomen dersom eigaren faktisk let nokon få rett til å bruke deler av han. Overføring av eigedomsrett vert også ramma. Det same gjeld forpakting, tomtefeste og liknande leige- eller bruksrett til del av eigedomen dersom retten er stifta for lengre tid enn 10 år, eller ikkje kan seiast opp av eigaren.

For framleggsstillarane er hovudmålet i landbrukspolitikken å gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet tufta på ei berekraftig forvalting av landbruket og bygdene sine ressursar.

I St.prp. nr. 1 (2004-2005) frå regjeringa Bondevik II er det lagt vekt på at eigedomspolitikken må vera meir fleksibel. Politikken skal mellom anna leggja til rette for større fridom og auka spelerom også for dei som ønskjer å bu på eit gardsbruk, men som ikkje hentar inntekta si frå tradisjonelt landbruk. Innbyggjarane må givast større fridom til å velje korleis dei vil bu i distrikta.

Samstundes må politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord, ta vare på kulturlandskapet og unngå uheldige løysingar ved drifta. Formålet med jordlova må etter framleggsstillarane sitt syn vere å leggje tilhøva til rette, slik at arealressursane vert brukte på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg og variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området, med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.

Delingsforbodet i jordlova vart innført i 1955, og mange fleire enn i dag var då busett på bygdene. Mange fekk dessutan ein monaleg del av inntekta si frå landbruksverksemda på garden, anten ressursgrunnlaget på eigedomen var stort eller lite. Dette er tilhøve som er endra, og det inneber at avveginga av dei ulike måla for landbrukspolitikken som delingsforbodet og praksis knytt til forbodet byggjer på, ikkje lenger er i samsvar med behovet i dag. Delingsforbodet byggjer på ei haldning der det ikkje er eigaren, men samfunnet som er nærast til å ta stilling til kva som vil vera den samfunnsmessig mest tenlege framtidige bruken av eigedomen.

Delingsføresegna kan leggja unødige band på eigaren sine høve til å utvide eller etablere alternativ næringsutvikling på landbrukseigedomen. Eit mål for endring av føresegna er difor å ta bort det som vert oppfatta som unødige band. Føresegnene bør elles leggje til rette for ein politikk som støttar opp under ei utvikling mot større eigedomar som grunnlag for auka og meir effektiv landbruks- eller tenesteproduksjon, samstundes som eigarane av landbrukseigedommar bør møte færre forbod når dei vil nytte eigedomen sin for eigne formål. Reglane bør også leggje til rette for at dei som hentar inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk skal kunne få eige småbruk eller bu på tomter i landbruksområde.

Framleggsstillarane legg til grunn at ei oppheving av delingsforbodet kan leggje til rette for endringar i eigar- og brukssamanheng, som i større grad enn i dag vil vera i samsvar med ein framtidsretta landbrukspolitikk. Ei oppheving kan føre til at fleire får tilgang til å kjøpe tilleggsjord, noko som styrer utviklinga i retning av større landbrukseiningar. For bønder som vil satse på anna verksemd, gir oppheving av delingsforbodet eit høve til å realisera kapitalverdiar, noko som igjen kan gi grunnlag for auka satsing på næringsutvikling. For dei som ønskjer å busetje seg i distrikta, kan oppheving leggja til rette for større tilgang på eigedom til slik bruk. Undersøkingar viser at interessa for å kjøpe småbruk er stor. Ei slik endring vil dessutan binde opp færre ressursar i offentleg handsaming på kommunenivå av søknadar om dispensasjon. I 2003 handsama og avgjorde kommunane 4649 ulike delingssaker.

Framlegg

Med denne grunngjevinga vert det fremja følgjande

framlegg:

Vedtak til lov

om endring i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova)

I

I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) vert det gjort følgjande endrinager:

§ 12 skal lyde:

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk, skogbruk eller hagebruk kan utan hinder i denne lova delast, eller det kan stiftast bruksrettar til del av eigedomen. Deling krev likevel samtykke frå kommunen om delinga vert råka av andre eller femte ledd.

Dyrka jord som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk, kan ikkje delast eller frådelast utan kommunen sitt samtykke. Plikt for å søkje deling etter første ledd gjeld også ved avtale om forpakting og liknande leige, eller bruksrett til del av den dyrka jorda når retten er stifta for lengre tid enn 10 år, eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

Samtykke er likevel ikkje nødvendig dersom

  • 1. det er gitt samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, og dette samtykke ikkje er forelda, jf. § 9 fjerde ledd, eller

  • 2. formålet med frådelinga eller delinga er å overdra jorda som tilleggsareal til annan eigedom som er nytta, eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk. Det er eit vilkår at det er oppretta skriftleg kontrakt der det går fram kva eigedom arealet skal leggjast til, og at arealet skal nyttast til slikt formål.

Samtykke til deling etter andre ledd kan berre tillatast når samfunnsinteresser av stor vekt talar for det.

Bygningar som ligg i eller nær tunområde, kan ikkje frådelast eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk utan kommunen sitt samtykke. Frådeling av bygningar som ligg i eller nær tunområdet kan tillatast når frådeling ikkje vil føre til skade på kulturlandskapet, til konkrete ulemper av stor tyding for drifta, eller dersom samfunnsinteresser av stor vekt talar for deling.

Vedtak kommunen gjer etter andre og femte ledd kan påklagast til fylkeslandbruksstyret om ikkje departementet har fastsett ein annan klageinstans.

Jordlova kapittel VI, §§ 13, 14, 15, 16 og 17 i gjeldande lov vert oppheva.

Ny § 13 skal lyde:

§ 13 Lokale reglar om deling

Etter søknad frå kommunen kan departementet innføre forskrift som inneber at eigedom som er eller kan nyttast til jordbruk, hagebruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan kommunen sitt samtykke. Slik forskrift kan innførast når kommunen meiner forskrift er ønskjeleg ut frå omsynet til gode løysingar for drifta, eller omsynet til kulturlandskapet.

Når det er søkt om deling etter lokale reglar, kan kommunen ved avgjerda berre leggje vekt på omsyn som låg til grunn for innføringa av reglane.

Ny § 14 skal lyde:

§ 14 Eigedom som er samansett av fleire registernemningar

Søknadsplikta etter §§ 12 og 13 gjeld også for eigedom som er samansett av fleire registernemningar dersom registernemningane er på same eigarhand.

Ny § 15 skal lyde:

§ 15 Tvangsauksjon og jordskifte

Innskrenkingane i §§ 12 og 13 gjeld ikkje når del av eigedom blir seld ved tvangssal. Det same gjeld dersom det i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dela eigedom.

Ny § 16 skal lyde:

§ 16 Vilkår

Samtykke til deling etter §§ 12 og 13 kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei formåla føresegnene skal fremje.

Ny § 17 skal lyde:

§ 17 Bortfall av delingssamtykke

Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort.

II

Endringane tek til å gjelde straks.

2. februar 2006