Representantforslag frå stortingsrepresentantane Bengt Fasteraune, Siv Mossleth, Åslaug Sem-Jacobsen og Steinar Ness om eit rimelegare og betre ekspressbusstilbod i heile landet

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Ekspressbussar og flybussar er eit marknadsbasert kollektivtilbod utan offentlege tilskot. Bussane køyrer over lengre strekningar og bind regionar og byar saman, enten som einaste fylkeskryssande tilbod i distriktet eller som eit viktig supplement til toget. Dette fleksible og kostnadseffektive busstilbodet vert i praksis finansiert gjennom billettinntekter frå dei reisande. Når det gjeld tog, subsidierer staten kvar passasjerkilometer med om lag 2,50 kroner.

Utviklinga i den kommersielle bussmarknaden har vore negativ dei seinare åra. I 2007 var talet på ekspressbussreisande om lag ti millionar, medan ein i 2016 var komen ned på seks millionar. Årsaka til dette er sterk konkurranse som har medført færre ruter og dyrare billettar. Forslagsstillarane meiner det er på tide med ein aktiv tilretteleggingspolitikk for det kommersielle busstilbodet.

Tog og fylkeskommunalt busstilbod får mellom anna kompensert for dei sosiale rabattane som vert gjevne til mellom anna pensjonistar, uføre, born og skuleelevar. Dette må dei kommersielle koste sjølv, noko som gjev ulike konkurransevilkår. I tillegg vert kostnaden for å få tilgang til viktige kollektivknutepunkt oppfatta som høg.

Under regjeringa Solberg har meirverdiavgifta på kollektivtransport auka frå 8 til 12 prosent. Dette er òg med på å svekkje konkurranseevna til kollektivtransporten.

Drivstoffprisane har òg auka dei seinare åra som følgje av mellom anna auka vegbruksavgift for diesel. Diesel er for mange av ekspressbussane det einaste reelle drivstoffet med dagens teknologi. Forslagsstillarane syner òg til at verken togtransporten eller sjøtransporten betalar vegbruksavgift for diesel, noko som også gjev ulike vilkår.

Forslag

På denne bakgrunnen fremjar forslagsstillarane følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa utrede ei kompensasjonsordning for sosiale rabattar og gjennomgå det totale avgiftssystemet, i den hensikta å betre rammevilkåra for den kommersielle bussmarknaden i Noreg.

  2. Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget på eigna måte med ei sak som betrar rammevilkåra for den kommersielle busstransporten.

12. desember 2018

Bengt Fasteraune

Siv Mossleth

Åslaug Sem-Jacobsen

Steinar Ness