Representantforslag om å prioritere ny rv. 15 Strynefjellet no

Dette dokument

  • Representantforslag 125 S (2021–2022)
  • Frå: Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Sylvi Listhaug, Bård Hoksrud, Silje Hjemdal, Helge André Njåstad, Carl I. Hagen og Tor-André Johnsen
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Rv. 15 Strynefjellet er ein svært viktig veg for store delar av Møre og Romsdal og Nordfjord. Dette er ein av dei viktigaste vest–aust-vegane i landsdelen og er ein svært viktig eksportveg for næringslivet.

Strynefjellstunellane er overmodne for utskifting, og det har dei siste åra vore store aksjonar både frå lastebilnæringa, næringslivet generelt og folk flest for ny Strynefjellsveg.

I lange tider har det føregått utbetringsarbeid i desse tunellane, og arbeidet ser ikkje ut til å stoppe. Det er som å «bere høy til ein døyande hest» å fortsette med omfattande utbetring av desse greinalause tunellane, som har så dårleg standard at ein nesten ikkje kan beskrive dei som fullverdige biltunellar.

Derimot er det store ulemper for både næringslivet og for trafikantane generelt når Statens vegvesen presterer å gjennomføre utbetringar med éin times ventetid i kolonnekøyring, midt på dagen. I tidsrommet 08.00–19.00 er det store delar av veka kolonnekøyring med frekvens på ein time. Dette skal halde fram til 1. mai 2022.

Kvifor dette arbeidet ikkje blir gjennomført på natta når trafikken er minimal, er vanskeleg å forstå. Kor lenge skal denne landsdelen bli hefta med ulemper på grunn av utbetringar og arbeid på Strynefjellstunellane før ny tunellbygging kan bli prioritert og sett i gang? Dette vil vere fornuftig bruk av skattebetalarane sine pengar, i staden for «klattinga» på gamle og totalt utdaterte tunellar.

Geiranger er også ei bygd som har eit stort behov for ny heilårsveg i retning Strynefjellet. Geiranger og Geirangerfjordområdet er eit av dei største turistikona i verda og har årleg om lag 1 million turistar på besøk. Vegen frå Strynefjellet til Geiranger er dårleg og blir stengt tidleg om hausten og opna seint opp om våren/sommaren.

Geiranger er også utsett og blir nesten kvart år isolert grunna ras og rasfare. Ny veg frå Eidsdal til Korsmyra er under bygging med rassikker tunell. Derimot er det store utfordringar med Grandestranda, som stort sett årleg har ras som stenger fv. 63 og isolerer bygda.

Ein heilårsveg austover mot Strynefjellet i samband med bygging av ny Strynefjellsveg er heilt avgjerande og svært viktig å gjennomføre. Dette vil være av stor nytte både beredskapsmessig og for samfunnet og vil samtidig gjere Geiranger tilgjengeleg gjennom heile året for turistar frå heile verda.

Rv. 15 Strynefjellet med ein arm til Geiranger har kome inn i siste NTP. Statens vegvesen har i planprogrammet sitt lagt til grunn oppstart av planarbeidet i 2024. Leiaren i transport- og kommunikasjonskomiteen, Erling Sande frå Senterpartiet, har uttalt at rassikring og utbetring av viktige vegstrekningar i distrikta bør prioriterast. Rv. 15 Strynefjellet er årleg stengt på grunn av ras og rasfare og er eit slikt prosjekt som Sande viser til, som bør prioriterast raskast råd.

Å utsette planarbeidet til 2024 er også med stor risiko for at dette blir ytterlegare skuva ut i tid, noko som vil ha svært store negative følger for heile regionen. Ny rv. 15 Strynefjellet er eit prosjekt som ikkje kostar mange titals milliardar kroner, men er godt innanfor eit akseptabelt kostnadsnivå. Difor må Stortinget gje ei klar melding til regjeringa om at planarbeidet for ny rv. 15 Strynefjellet må setjast i gang snarast råd.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid for ny rv. 15 Strynefjellet med ein arm til Geiranger, seinast innan 2022–2023. Rv. 15 Strynefjellet er eit av dei viktigaste vest–aust-sambanda i landsdelen og er også ofte stengt på grunn av ras og rasfare mellom dei gamle tunellane.

  • 2. Stortinget ber regjeringa sørge for at ein arm til Geiranger som heilårsveg blir planlagd inn i prosjektet ny rv. 15 Strynefjellet, og at Møre og Romsdal fylkeskommune blir inkludert i dette arbeidet.

2. mars 2022

Frank Edvard Sve

Morten Stordalen

Sylvi Listhaug

Bård Hoksrud

Silje Hjemdal

Helge André Njåstad

Carl I. Hagen

Tor-André Johnsen