Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Eit samrøystes Europaparlamentet støttar koronatiltak

Europaparlamentet møttes til et ekstraordinært plenumsmøte 26. mars i Brussel. Hovudsak var drøfting av europeiske tiltak mot det nye koronaviruset. Parlamentet gjorde også samrøystes vedtak av tiltak som skal avhjelpe krisen.

Dei fleste representantane følgde møtet virtuelt, men dei som hadde ordet i debatten var fysisk til stades. Det same var parlamentspresident David Maria Sassoli, kommisjonspresident Ursula von der Leyen og visepresident i Kommisjonen Maroš Šefčovič.

Sassoli understreka ved starten av møtet det ekstraordinære i situasjonen. Det er viktig for Europaparlamentet å beskytte helsa til tilsette og parlamentarikarane samstundes som Parlamentet må ivareta sin funksjon. Han sendte kondolansar til alle pårørande som har miste kjære pga. viruset og nemnde spesielt ein medarbeidar i Europaparlamentet som døydde denne veka. På ein pressekonferanse sa Sassoli at møtet viste at demokratiet fungerer også under krisa.

Von der Leyen sa det er vanskeleg å fatte omfanget av krisa. Ho sendte helsingar til dei som er råka og til dei som arbeider for å redde liv og får samfunnet til å fungere mest mogleg normalt. Ho bad alle innbyggjarar bidra, vise samhald og omtanke. Ho bad også europeiske politikarar vise same samhald og solidaritet fordi ingen land kan takle krisa aleine. Det har skjedd mykje i starten av krisa som det ikkje er grunn til å vere stolt over fordi mange land sette seg sjølv fyrst. Dei siste vekene har dette heldigvis endra seg og medlemslanda hjelp kvarandre og dermed seg sjølve.

Dette er fyrst og fremst ei helsekrise og vi vil ikkje sky noko for å redde liv, sa von der Leyen. Ho gjorde deretter greie for ein del av tiltaka som er iverksett knytt til mellom anna felles innkjøp, kriselager og ulike økonomiske tiltak (sjå eige sak i nyheitsbrevet). Ho understreka at den indre marknaden og Schengen er grunnleggjande viktig for å lykkast. Ingen land klarer seg utan fri rørsle av varer og tenester. Von der Leyen viste til at Kommisjonen har teke grep mot eksportforbod og lagt fram retningsliner som skal sikre at varetransport kan passere grensene så smidig som mogleg. Det er positivt at det nå er døme på at pasientar i regionar som er hardt råka, bli behandla i naboland som har kapasitet. EUs innbyggjarar følgjer med både på kva tiltak som blir innført nå og tenkjer samstundes på kva som skjer med arbeidsplassar og økonomi etterpå. EU må handle raskt og der det trengs. Dersom det skjer kan EU og demokratiet kome styrka ut av krisa, sa von der Leyen.

I debatten støtta dei politiske gruppene i stor grad opp om Kommisjonen, jf. også pressemeldinga frå Europaparlamentet. Fleire meinte det er medlemslanda og ikkje EU som har svikta i den tidlege fasen av krisa. Mange framheva at det er viktig å sikre at den indre marknaden fungerer og å støtte dei som treng det mest. Mange tok til orde for å sikre europeisk produksjon av viktig utstyr og auka satsing på forsking. Sentrum høgre-gruppa (EPP) og den liberale gruppa (Renew Europe) understreka behovet for europeisk solidaritet og felles innsats. Sentrum venstre (S&D) støtta også dette og la vekt på behovet for økonomiske tiltak retta mot arbeidstakarar, inkludert eit europeisk fond for arbeidslause. Gruppa ynskjer også felles obligasjonar (eurobonds). Ytre høgregruppa (ID) sa EU har svikta og vore totalt ubudd på krisa. Stenging av grenser er sunn fornuft og det er berre nasjonalstatane som er relevante for å løyse krisa. Gruppa meinte også at Russland, Sveits og Kina har hjelpt Italia meir enn EU har gjort.  

Dei grøne understreka behovet for demokratisk kontroll med regjeringane i Europa også i den vanskelege situasjonen. Det er viktig med tiltak spesielt retta mot fattige, heimlause, flyktningar og andre utsette grupper, og flyktningane på dei greske øyene må evakuerast. Både Dei grøne og ytre venstre gruppa (GUE/NGL) understreka at mange lågtlønte nå sikrar viktige samfunnsfunksjonar og fortener ikkje berre applaus, men høgare lønn. GUE/NGL sa vidare at EU må leggje den meiningslause sparepolitikken bak seg.

Den konservative gruppa (ECR) sa Kommisjonen bør vurdere å leggje fram eit revidert utkast til langtidsbudsjett og at dette bør fokusere på tiltak for å takle koronakrisen og mindre på klimatiltak. Den viste også til at felles obligasjonar ikkje vil vere eit effektivt tiltak og det er viktigare med direkte støtte til verksemder.

Ved avslutninga av debatten viste Šefčovič at traktaten gjev medlemslanda det direkte ansvaret for helse, men at EU likevel har ein viktig rolle på andre område. Det er mangel på mellom anna respiratorar og ansiktsmasker i EU. Det er derfor positivt at den felles innkjøpsordninga som har kome på plass, nå fører til at utstyr kan kjøpast inn til ein rimeleg pris og bli gjort tilgjengeleg. Det er samstundes viktig å sikre produksjon av kritisk utstyr i Europa. EU må også samle seg om makroøkonomiske tiltak retta mot næringslivet. Sefkovic understreka at krisen gjer det enda viktigare å få vedteke EUs langtidsbudsjett raskt.

Europaparlamentet røysta i går over endringar i regelverket for tildeling av slottar på flyplassar, tiltak for å sikre investeringar i helsesektoren og andre sektorar som respons på korona, og finansiell støtte til medlemslanda og land som forhandlar om medlemskap. Vedtaka skjedde i praksis samrøystes og heile 688 (av 705) representanter deltok i avrøystinga. Avrøystinga skjedde skriftleg via epost. Det er fyrste gong vedtak er gjort på denne måten.

Europaparlamentet har bestemt at alle plenumsmøta fram til sommaren vil finne stad i Brussel og berre ha ei ramme på til saman ein dag. Vanlegvis varar dei frå måndag til torsdag. Den endra kalenderen er også gjort meir fleksibel ved at det er sett av mykje disponibel tid til videomøter for politiske grupper og komiteane. Det vart elles stadfesta av president Sassoli på pressekonferansen etter møtet at representantane ikkje har krav på det normale kompensasjonstillegget ved deltaking på virtuelle møter. Det betales berre til dei som er fysisk tilstade.

Kommentar
Det er viktig for både Europaparlamentet og dei andre EU-institusjonane i Brussel å vise at EU kan bidra positivt i den pågåande krisa. Debatten i Europaparlamentet var prega av brei støtte til hovudlinene i Kommisjonens tiltak, men mange nytta koronakrisa som argument for å gjenta kjende synspunkt. Det inkluderer synet på at sparepolitikken har gått for langt, behovet for å hjelpe migrantar, at klimatiltak får for høg prioritet eller at det er nasjonalstatane som er best egna til å handtere kriser. Likevel er det eit viktig signal at dei tre vedtaka som vart gjort i går, i praksis skjedde samrøystes.

Dei fleste er samde om at medlemslanda og EU var for seine med å hjelpa da krisa ramma Italia, men det har også kome fram at land som Russland og Kina har brukt krisa til å spreie falske nyheiter om opphavet til viruset og manglande innsats i EU. Kina har også marknadsført sine sendingar av hjelpeutstyr til Italia godt. Etter traktaten er folkehelse i hovudsak eit nasjonalt ansvar og det er derfor heller ikkje all kritikk av EU som er relevant. Etter toppmøtet i går sa da også Merkel mellom anna at det er medlemslanda som har det direkte ansvaret for å handtere krisa i kvart land. Medlemslanda og Kommisjonen har dei siste vekene klart å samle seg om viktige tiltak på område der EU har kompetanse. Semje om felles innsats der det er relevant, vil bli viktig også framover. Svært ulike syn på framlegget om felles obligasjonar illustrerer at det ikkje berre vil bli enkelt.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 27.03.2020 12:54
: