Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Andre aktuelle saker i Parlamentet denne veka

Kommisjonspresident von der Leyens årstale fikk mest merksemd under plenumsmøtet til Europaparlamentet. I tillegg vedtok Parlamentet resolusjonar om mellom anna om Kina, Russland og LHBTIQ-rettar og kjønnsbasert vald, og vedtok Parlamentets posisjonar om mellom anna helseberedskap, dyreforsøk og arbeidsmigrasjon.

Tilhøvet til Kina og Russland
Europaparlamentet vedtok med eit overveldande fleirtal ein rapport om tilhøvet til Kina. Den omfattar seks søyler: samarbeid om globale utfordringar, involvering i internasjonale normer og menneskerettar, identifisering av risiko og svakheiter, partnarskap med likesinna land, strategisk autonomi og forsvar for europeiske interesser og verdiar. Parlamentet tek til orde for at EU må bli tydelegare i kritikken av menneskerettsbrot i Xinjiang, Indre Mongolia, Tibet og Hong Kong og bruke meir ressursar for å overvake og takle kinesiske desinformasjon. Parlamentet krev at Kina går med på uavhengig gransking av opphavet til covid-19. Selskap som ikkje oppfyller sikkerheitsstandardar, kan ikkje delta i utbygging av 5G- og 6G-nettverk. Parlamentet vil også at EU skal inngå ein investeringsavtale med Taiwan.

EU bør også gjere meir for å fremje demokrati i Russland og slå tilbake mot aggressiv politikk frå den russiske regjeringa. Det seier Europaparlamentet i ein resolusjon som tek til orde for ein ny EU-strategi for Russland. EU må skilje mellom russiske styresmakter og det russiske folket og styrke samarbeidet med partnarland og sivilsamfunnet for å støtte pro-demokratiske tendensar. Samstundes må EU sette inn sanksjonar og stanse svarte pengestraumar.

Styrka samarbeid om helseberedskap
Europaparlamentet ga med stort fleirtal samtykke til at det kan startast trepartsforhandlingar med medlemslanda i Rådet og Kommisjonen om to helsesaker. Det gjeld ei forordning om alvorlege, grensekryssande helsetrugslar og om endring i mandatet til det europeiske smittevernbyrået. Det pågår alt forhandlingar om endringar i mandatet for Det europeiske legemiddelbyrået. I tillegg kom Kommisjonen 16. september med framlegget til  Den europeiske helseberedskaps- og tiltaksmyndigheita (HERA). Målet er at HERA skal førebygge, avdekke og raskt svare på helsekriser.

Redusert bruk av antibiotika til dyr og utfasing av dyreforsøk
Kommisjonen fekk støtte til å gjennomføre ei såkalla delegert rettsakt knytt til å unngå bruk av visse typar antibiotika for dyr. Rettsakta vil etablere kriterium for når visse typar antibiotika kan brukast til å behandle alvorlege infeksjonar hjå menneske, men unngå overforbruk til dyr. Saksordføraren frå Dei grøne meinte framlegget inneheldt smotthol som ville føre til fortsatt overforbruk til dyr. Eit fleirtal på 450 mot 204 og 32 fråhaldande ga Kommisjonens rettsakt grønt lys.

Det var også stort fleirtal for å krevje ein handlingsplan for raskare utfasing av bruk av dyr i forsking. Jamvel om det alt i 2009 vart forbode å bruke dyr til å teste kosmetikk, vart omlag 12 millionar dyr brukt til forsking så seint som i 2017. Europaparlamentet vil ha meir satsing på alternative testmetodar og legg vekt på å redusere dei negative effektane der det ikkje er mogleg å finne alternativ til bruk av dyr.

Regulering av arbeidsmigrasjon
EU har sidan 2009 hatt den såkalla Blå kort-ordninga som regulerer innvandring av høgkvalifisert arbeidskraft. Det er få som har nytta seg av ordninga og Europaparlamentet ga denne veka samtykke til ein revisjon som skal gjere den meir fleksibel. Det omfattar endringar i reglane for kontraktar, lønnsnivå og for internmigrasjon mellom EU-landa for tredjelandsborgarar.

LHBTIQ-rettar og kjønnsbasert vald
Eit fleirtal i Europaparlamentet på 387 mot 161 og 123 som var fråhaldande, tek til orde for at likekjønna ektepar, partnare og sambuarar må likebehandlast med par med motsett kjønn. Resolusjonen kjem etter at ein dom frå EU-domstolen har slått fast at ektefelleomgrepet også omfattar likekjønna par i samband med retten til fri personrørsle i Europa. Parlamentert er også urolege for diskriminering av skeive i Polen og Ungarn. Medan til dømes alle svenske medlemmer av Europaparlamentet (MEP) røysta for resolusjonen, var det mange polske, rumenske og ungarske MEP som røysta mot. Det vart lagt merke til at 8 av 10 rumenske MEP frå sentrum venstre-gruppa (S&D) røysta mot og at 99 MEP frå sentrum høgre-gruppa (EPP) var fråhaldande.

I ein annan resolusjon krev eit stort fleirtal at online og offline kjønnsbasert vald må bli behandla som særleg seriøse lovbrot. Dette gjeld både vald mot kvinner og jenter, men også mot LHBTIQ-personar. EU bør etablere minstekrav til definisjonar i nasjonal straffelov og sanksjonar i samsvar med Istanbul-konvensjonen. Von der Leyen varsla også ei lovinitiativ om dette i sin årstale.

Fond til brexit-tilpassing
Europaparlamentet ga samtykke til å etablere eit fond på 5 milliardar euro som skal støtte verksemder i landa som har hatt størst negative effektar av brexit. Dette gjeld i fyrste rekke Irland, men også Frankrike, Nederland og Tyskland vil vere store mottakarar. Ikkje minst fiskerisektoren vil få støtte. Målet er å stimulere til ny sysselsetting.

Ny parlamentspresident i 2022?
I samband med EU-valet i 2019 og utpeiking av ny Kommisjon, var dei store politiske gruppene samde om ei fordeling av leiarverva i dei europeiske institusjonane. Dei fleste av desse har ein mandatperiode på fem år, men presidentane i Europaparlamentet og i Det europeiske råd er valde for to og eit halvt år. I Europaparlamentet var avtalen at David Sassoli frå sentrum venstre-gruppa (S&D) skulle etterfølgast av ein president frå sentrum høgre-gruppa (EPP). Sassoili skal nå visstnok sondere på om han har støtte til attval. EPP har sagt dei forventar at dei andre gruppene respekterer avtalen frå 2019 og at EPP vil presentere ein kandidat. Samstundes har både EPPs gruppeleiar, Manfred Weber, og nestleiar, Esteban González Pons, sagt dei ikkje er aktuelle for vervet. I Det europeiske råd har dei to forgjengarane til Charles Michel, begge blitt attvalde og dermed fått ein mandatperiode på fem år.

Kommentar
Sjølv om også dette var eit hybridmøte der enkelte MEP deltok digitalt, var det fleire MEP samla fysisk enn det har vore sidan før pandemien. Europaparlamentet har vidareført ein del koronatiltak med bruk av munnbind og temperatursjekk ved inngangane, men det er meir normal aktivitet. Det har likevel kome kritikk frå enkelte MEP om at normaliseringa tek for lang tid.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 17.09.2021 09:22
: