Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Sivilombodsmannen overleverte årsmelding for 2013

Arne Fliflet overleverte melding for året 2013 frå Sivilombodsmannen til Stortinget og stortingspresidenten 25. mars 2014.

Stortingspresident Olemic Thommessen og sivilombodsmann Arne Fliflet på kontoret til stortingspresidenten.

Stortingets ombodsmann for forvaltinga (Sivilombodsmannen) leverer årleg årsmelding til Stortinget. Denne inngår i dokumentrekkja til Stortinget som Dokument 4.

Les årsmeldinga frå Sivilombodsmannen (Dokument 4 (2013–2014)) her.

– Sivilombodsmannen er ein viktig samfunnsaktør. Det å vareta rettane til borgarane i møte med ein sterk stat, er ei viktig side ved demokratiet, uttala stortingspresident Olemic Thommessen då årsmeldinga for 2013 vart overlevert tysdag 25. mars 2014.

– Dette var den siste årsmeldinga avtroppande sivilombodsmann Arne Fliflet overleverte til Stortinget. Etter 24 år som Stortingets tillitsmann, fortener han ei stor takk for det arbeidet han har lagt ned i å leia Sivilombodsmannen, la Thommessen til.

Arne Fliflet går av som Stortingets ombodsmann for forvaltinga i år, og høgsterettsdommar Aage Thor Falkanger er vald til ny sivilombodsmann av Stortinget.

Sist oppdatert: 25.03.2014 13:23
: