Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Leiarne i europakomiteane møttes i Bratislava. Foto: Stortinget

Brexit, migrasjon og utstasjoneringsdirektivet i Slovakia

Andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (FrP), deltok denne veka på møte for leiarane av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa i Bratislava.

Debatten på det såkalla COSAC-møtet omfatta Brexit, migrasjon og EUs sosiale agenda.

I debatten om  prioriteringane til det slovakiske EU-formannskapet var det mange som kommenterte utfallet av den britiske folkeavrøystinga om EU-medlemskap. Det var generell forståing for at Storbritannia treng noko tid for å avklare korleis resultatet skal tolkast og samle seg om eit forhandlingsmandat. Samstundes understreka mange behovet for avklaringar så raskt som mogleg og la vekt på at er viktig med ein god prosess framover. Det er behov for å byggje opp att innbyggjaranes tillit til EU og vise at EU kan løyse dei utfordringane europerane møter i kvardagen. Vegen vidare for EU blir tema for eit toppmøte i Bratislava i september.

- Regjeringa i Noreg har gjort det klart at EØS-avtalen ikkje blir påverka av folkeavrøystinga. Samstundes er Storbritannia ein viktig handelspartnar for oss. Dersom landet går ut av den indre marknaden treng også Noreg ein ny avtale for å regulerer handelen sa Tybring-Gjedde i sitt innlegg.

Mange av parlamentarikarane var opptatt av å få kontroll med EUs yttergrenser. Semja om å opprette ei felles europeisk grense- og kystvakt vart ynskt velkomen. Det er også viktig å jobbe med årsakene til migrasjon og å finne ei byrdefordeling mellom landa i EU for å handtere dei som alt har kome.

- Det er viktig med ei global tilnærming til migrasjonskrisen. I tillegg til samarbeid med landa flyktningane kjem frå og reiser gjennom, er det også viktig at land utanfor Europa tek sin del av ansvaret for å løyse flyktningkrisa sa Tybring-Gjedde.

Arbeids- og sosialkommissær Marianne Thyssen orienterte på møtet om EUs sosiale agenda. Ho sa Europakommisjonen prioriterer kampen mot arbeidsløyse, fattigdom, og sosiale skilnadar i sitt arbeid. Den indre marknaden er viktig for økonomisk vekst i EU, men det er også viktig å sikre t.d. gode vilkår for arbeidstakarane og høge miljøkrav. Dette er også bakgrunnen for kommisjonen har gjort framlegg om å revidere det såkalla utstasjoneringsdirektivet som regulerer lønns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarar som er utsendt til eit anna land. Mange land i Sentral- og Aust-Europa har vore kritiske til revisjonen som dei meiner vil bidra til proteksjonisme og at dei mister konkurransefortrinnet som eit lågare lønnsnivå gjev. Andre land meiner revisjon av direktivet er heilt nødvendig for å hindre sosial dumping. Begge desse syna kom klart fram i debatten, men Thyssen signaliserte at det ikkje er aktuelt å trekke framlegget.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet deltok Noreg saman Sveits og Andorra som observatørar. Neste COSAC-møte er i november i Bratislava.

Sist oppdatert: 12.07.2016 11:17
: