Konferanse om økonomisk gjenreising i Europa

Elin Rodum Agdestein (H), medlem av finanskomiteen, deltok 28. september på ein videokonferanse om stabilitet, økonomisk koordinering og styring i EU. Arrangør var det slovenske parlamentet.

Elin Rodum Agdestein. Foto: Stortinget.
Elin Rodum Agdestein. Foto: Stortinget.

På dagsorden sto fyrst diskusjon om EU i større grad bør få inntekter direkte frå skattlegging av til dømes klimakvoter eller digitale selskap. Deretter vart utfordringar og moglegheiter knytt til den økonomiske gjenreisinga etter pandemien, drøfta. I fjor vedtok EU eit midlertidig gjenreisingsinstrument – NextGenerationEU – som skal bidra til gjenreisinga. Effektiv utnytting av dette instrumentet opptek dermed mange.

Blant innleiarane var leiaren for eurogruppa, Paschal Donohoe, og Johannes Hahn, som er budsjettkommissær i Europakommisjonen. Dei la vekt på at samhaldet i EU under pandemien har vore svært viktig, og at vedtaket om eit gjenreisingsinstrument vil bidra til raskare normalisering av vekst og sysselsetting. 

– Det var ein svært interessant konferanse. Pandemien har råka land og grupper svært forskjellig, og det er viktig å sikre ei sosialt rettferdig gjenreising. Mange var opptatt av dette. Det er også positivt at EU legg vekt på grøn og digital omstilling i samband med gjenreisinga. Alt dette er godt nytt også for Noreg, seier Agdestein.

I debatten var det ulike syn på spørsmålet om EU bør ha såkalla eigne inntekter. Ein del meinte det er fornuftig at EU står for innkrevjing på nye område der medlemslanda ikkje har så mykje erfaring. Det var brei semje om behovet for ei global løysing for skattlegging av digitale selskap, men fleire meinte at EU må vedta eigne løysingar dersom det ikkje blir semje om dette i OECD.

– EUs indre marknad som Noreg er del av gjennom EØS-avtalen, er ein svært viktig faktor i den økonomiske gjenreisinga i Europa. I mitt innlegg framheva eg at gjensidig tillit er avgjerande for at den indre marknaden skal fungere. Vern om rettsstatsprinsipp er grunnleggjande for å sikre dette, seier Agdestein.

Slovenia har formannskapet i EU dette halvåret og var dermed vertsskap for denne halvårlige konferansen som samla parlamentarikarar frå EU-landa og Europaparlamentet i tillegg til kandidatland og Noreg. Les meir om konferansen her.

 

 


Sist oppdatert: 21.10.2021 15:05