Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget arrangerer seminar om kommunereform

Presseinvitasjon

Tid: Onsdag 2. april kl. 11.00–14.30 (registrering og enkel lunsj frå kl. 10.30)
Stad: Lokala til KS Agenda, Haakon VIIs gt. 9, Oslo

Kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget inviterer til seminar om kommunereform for å auka kunnskapen om aktuell forsking, undersøkingar, utgreiingar og prosjekt som knyter seg til temaet.

– Eg oppfattar at komiteen er oppteken av at politiske synspunkt og vedtak knytte til kommunestruktur skal vera kunnskapsbaserte og difor ser nytta av eit slikt seminar, der det er deltakarar både frå Stortinget, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS, seier leiar i kommunal- og forvaltingskomiteen Helge-André Njåstad (FrP).

Ei kommunereform er varsla både i Sundvolden-erklæringa frå regjeringa og i samarbeidsavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Program:

Kl. 10.30                Registrering og servering av enkel lunsj 
Kl. 11.00–11.05 Velkomen v/leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen Helge-André Njåstad
Kl. 11.05–11.35 Tankar om reform og historisk bakteppe v/ Frank Aarebrot (professor ved Universitetet i Bergen og professor II ved Örebro universitet) – spørsmål og svar
Kl. 11.35–12.05 Kommunestrukturen si betyding for utviklinga av storbyar v/ Einar Leknes, direktør IRIS Samfunnsforskning) – spørsmål og svar
Kl. 12.05–12.35 Kommunestrukturen si betyding for busetjing i heile landet v/ Nils Aarsæther (professor ved Universitetet i Tromsø) – spørsmål og svar
Kl. 12.35–12.55 Kaffipause
Kl. 12.55–13.25 Erfaringar frå prosjektet: Saman om ein betre kommune (samarbeid med tilsette for betre kvalitet) – v/ Britt Silseth, medlem i Fagforbundets arbeidsutval og Kristen Dalby, rådgjevar i Fagforbundet – spørsmål og svar
Kl. 13.25–13.55 Gjennomgang av Difis innbyggjarundersøking – v/ seniorrådgjevar John Nonseid og rådgjevar Kristian Kjøllesdal i DiFi – spørsmål og svar
Kl. 13.55–14.25 Orientering om første delrapport om kriterium for oppgåveløysing frå ekspertutvalet for kommunereforma v/ professor Signy Vabo, Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), leiar av ekspertutvalet for kommunereforma – spørsmål og svar
Kl. 14.25–14.30 Oppsummering og avslutning v/første nestleiar i kommunal- og forvaltningskomiteen Helga Pedersen

Det vert høve til å stilla spørsmål til innleiarar og deltakarar i pausane og etter seminaret.

Deltakarar frå media kan melda seg på heile eller delar av seminaret. For deltaking eller nærare spørsmål om seminaret, ta kontakt med komitésekretær Marianne Brænden på e-post: marianne.brenden@stortinget.no eller telefon 23 31 31 30/926 20 199.

Det er ønskjeleg at påmelding skjer innan fredag 28. mars 2014.

Sist oppdatert: 26.03.2014 09:34
: