Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Landslova av 1274

Landslova er den fyrste riksdekkjande lovboka i Europa som faktisk vart brukt, og dermed kunne gjennomføra ei omfattande samfunnsreform av Noreg. Lovboka fekk ei levetid på 400 år, og er ved sida av Grunnlova av 1814 kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie.  

Magnus Lagabøtes landslov, fotografert på Nasjonalbiblioteket i utstillingen Opplyst. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Magnus Lagabøtes landslov, fotografert på Nasjonalbiblioteket i utstillingen Opplyst. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Av Jørn Øyrehagen Sunde

Historisk bagrunn

Landslova av 1274 er eit storverk i norsk og europeisk historie. Den vart laga på eit tidspunkt då heile Europa var i stor endring. Alt frå siste halvdel av 1000-talet gjekk Europa inn i ein meir fredeleg periode prega av bydanning og handel. Samtidig vaks dei fyrste universiteta fram i Sør-Europa. Fred, økonomisk vekst og kunnskap gjorde at fyrstar over heile Europa kunne driva politikk og statsbygging på ein langt meir effektiv og omfattande måte enn tidlegare.

I denne perioden vaks det fram ei stadig sterkare statsmakt i Europa. I mellomalderen var statsmakta annleis enn i dag, ved at den var delt mellom kyrkje- og kongsmakt. Kyrkja dreiv politikk for og regulerte med lov alle åndelege spørsmål. Det vil seia at alt ved livet som direkte vedkom Gud var det kyrkja som gav lover for, som vart handheva i kyrkja sine domstolar av kyrkja sine menn. Kongen hadde ansvaret for verdsleg politikk og lovgjeving.

Kyrkja var ein stor, omfattande og internasjonal organisasjon styrkt gjennom kommunikasjon, administrasjon, kunnskap og lover. Den viste dermed veg for korleis verdslege fyrstar kunne styra sine rike. Langsamt byrja dei òg å styra gjennom lov meir enn gjennom militær makt, og dei bytta ut gamle sedvanar med ny lov. Europa slik vi kjenner det i dag vaks gradvis fram.

Det som skjedde i Europa generelt, prega òg Noreg. Med kong Olav 3. Kyrre, som regjerte mellom 1067 og 1093, var vikingtida over. Han var den fyrste norske kongen i mellomalderen som ikkje førte krig, men i staden etablerte byar og bygde ut infrastrukturen i landet. I 1153 vart det etablerte eit eige erkebispesete i Nidaros, dagens Trondheim, som vart eit senter for kunnskap og europeiske idear i Noreg.

Sjølv under dei norske borgarkrigane mellom 1130 og 1240 utvikla kongsmakta sin administrasjon og mogelegheit til å driva politikk. Då kong Håkon 4. gjekk sigrande ut av dei mange væpna konfliktane, låg difor alt til rette for å byggja Noreg. Håkon 4. var ein viktig lovgjevar, på linje med for eksempel kong Ludvik 9. den heilage i Frankrike. Det var likevel kong Magnus 6. Lagabøter som skulle verta den store lovgjevaren i norsk historie. Med Landslova av 1274 reformerte han heile det norske samfunnet. Lovboka fekk ei levetid på 400 år, og det å vera norsk var seinare i mellomalderen det same som å ha Landslova som si lovbok.

Landslova og europeisk lovgjeving 

Det var mange europeiske fyrstar som på 1200-talet gav lover og til og med heile lovbøker for byar og regionar. Men Landslova var på 1200-talet berre den tredje riksdekkjande lovboka i Europa. Den fyrste riksdekkjande lovboka i Europa i mellomalderen, Liber Augustalis for Sicilia, vart laga i 1231 av den tysk-romerske keisaren Fredrik II. Dei to neste riksdekkjande lovbøkene var Las Siete Partidas for Castilla i dagens Spania frå 1265, og Landslova for Noreg i 1274. Om lag 1350 fekk Sverige òg ei slik lovbok, mykje inspirert av Landslova for Noreg.

Landslova var den andre lovboka i Europa på 1200-talet som regulerte alle deler av mellomaldersamfunnet. Den fyrste lovboka var Las Siete Partidas. Arbeidet med denne lovboka vart kjent i Noreg då kong Magnus si søster, Kristin, gifte seg med prins Filipe til Castilla i 1258. Kanskje var det dette som gjorde at kong Magnus bestemte seg for å laga ei riksdekkjande lovbok for Noreg òg.

Landslova var den fyrste lovboka i Europa på 1200-talet som faktisk vart brukt. Las Siete Partidas var eit fantastisk lærd lovverk, men for omfattande og kompleks til å få stor betydning for folk sitt daglegliv. Landslova var medvite laga enkel for at den skulle vera forståeleg og bli brukt.

Landslova er det mest utbreidde manuskriptet i norsk mellomalder. I 1350 har det truleg funnest eit lovmanuskript per 1150 innbyggjar i Noreg. Det betyr ikkje at det var vanleg å ha eit manuskript av lovboka. Det gjekk med over 40 kalveskinn for å laga ei lovbok, og det var storbønder, aristokratar og prestar som hadde høve til å skaffa seg lovboka. Likevel er nesten alle dei bevarte eksemplara av Landslova bruksmanuskript. Det vil seia at dei er enkle og utan illustrasjonar. Dei var altså ikkje laga for å stillast ut som eit statussymbol, men for bruk.

Samfunnsreform

Med endringane i Europa og Noreg på 1200-talet kom det eit behov for samfunnsreformer og ny lovgjeving. Det var behov for nye reglar om alt frå handel til leige av gardsbruk, og for eksempel strafferetten og fattigomsorgsordninga måtte endrast heilt. Litt enkelt sagt kan ein seia at reglane som hadde fungert fint i vikingsamfunnet fram til andre halvdel av 1000-talet, ikkje dugde dess lenger ein kom ut på 1100-talet. Landslova var meint å føra Noreg vidare inn i det nye samfunnet som vaks fram overalt i Europa.

Kong Magnus er altså den store lovgjevaren i norsk historie. Han vart fødd i 1238, var konge saman med faren Håkon 4. frå 1257 til han vart einekonge frå 1263 og fram til sin død i 1280. Men kong Magnus var kongen som ikkje var meint å vera konge. Han hadde ein eldre bror, Håkon ung, som vart hylla til konge alt då Magnus var eitt år gamal i 1239. Håkon ung hadde òg sonen Sverre, slik at Magnus var den tredje i arverekkefølgja.

Magnus var difor ikkje involvert i politikk då han vaks opp. I staden veit vi frå den skotske Lanarcost-krøniken at han fekk utdanning av fransiskanarmunkane i Bergen. Dei budde i slummen i byen, og tok seg av dei elendigaste i samfunnet. Magnus hadde som prins dermed både ein plass ved kongen sitt hoff, og han kjente kvardagen til dei fattigaste.

Det at kong Magnus kjente heile breidda i det norske samfunnet er truleg årsaka til at Landslova reformerte fattigomsorgssystemet slik at dei fattige både skulle få mat og tak over hovudet, og slik at dei skulle kunna koma ut av fattigdomen gjennom jordbruk eller handel. For med Landslova kom det òg reglar om leige av gardsbruk, om pant og kreditt, om kjøp og sal, og om frakt av handelsvarer med skip.

Landslova var altså eit stykke brei samfunnsregulering som omfatta alle innbyggjarar i Noreg. I Landslova er det sagt klart at kongen skal laga lover for og ta omsyn til både dei med eigedom og dei utan, og for både dei som lever og for framtidige generasjonar. Eller sagt på ein annan måte: Landslova gjaldt for alle innbyggjarar, og kongen skulle ta omsyn til både dei som hadde makt til å påverka lovgjevinga, og dei som var makteslause.

Truleg var ikkje Landslova meint å gjelda for dei samiske innbyggjarane i Noreg, som hadde eigne lovar og reglar. Men det ser ut til at Landslova vart brukt av korrupte kongelege tenestemenn som orsaking for å påleggja samar bøter og andre byrder. Difor inngjekk Martin samekonge, som ein ikkje kjenner frå andre kjelder, ein avtale i 1313 med kong Håkon 5., son til kong Magnus. Etter den avtalen skulle samar få ein 20 år lang periode til å tilpassa seg norsk lovgjeving som skulle gjelda for dei, som typisk ekteskapsreglane.

For ekteskapsretten var eit anna område der Landslova gjorde store endringar. For med Landslova fekk kvinner for fyrste gong arverett etter sine foreldre. Inspirasjonen for denne endringa kom truleg frå Danmark, med dronning Ingeborg, som vart gift med kong Magnus i 1261. Ho var ein aktiv politikar etter at kong Magnus døydde i 1280, og det er gode grunnar til at ho òg vart involvert i arbeidet med Landslova.

Sjølv om kvinner berre fekk halv arverett av sine brør, betydde det likevel at alle kvinner – både dei som gifta seg og dei som vart verande ugifte – fekk kapital etter sine foreldre. Men annleis frå Danmark, avgjorde Landslova at kvinner over 20 år var myndige og kunne disponera eigen eigedom som dei ville. Denne retten mista norske kvinner i 1604, og fekk den ikkje igjen før på siste halvdel av 1800-talet.

Kong Magnus såg seg sjølv som ein lovgjevar i tradisjonen etter kong Olav 1. dei heilage, som skal ha gjeve ei omfattande lov, og slik stått bak ei omfattande samfunnsreform i 1024. Det som var nytt, framand og kontroversielt på byrjinga av 1000-talet var langt meir allment tankegods då Landslova kom i 1274. Det betyr ikkje at Landslova var ukontroversiell. Dette kan vi sjå med å studera variasjonane mellom dei mange Landslovsmanuskripta.

For Landslova vart formidla gjennom avskrifter gjort for hand. Til tider gjorde skrivarane feil. Andre gonger endra dei innhaldet i lova med vilje fordi dei fann innhaldet i lova for radikalt. Eit eksempel på dette er hemnretten. Landslova avskaffa retten til å hemna alvorlege krenkingar som fysisk skade, tjuveri, ærekrenking og seksuell omgang med kone eller kvinner i familien. Men i neste halvparten av dei bevarte Landslovsmanuskripta har skrivaren derimot skrive ein generell hemnrett. Det finst òg forteljande variasjonar knytt til reforma av fattigomsorg og kvinner sine rettar, og andre samfunnsreformer som var kontroversielle.

Landslova var kjernen i kong Magnus sitt store lovgjevingsprosjekt. Det pågjekk i heile hans regjeringstid, og resulterte i Landslova av 1274, Bylova av 1276, ei hoff- og administrasjonslov frå 1270-talet, og til slutt ei lovbok for Island kalla Jónsbók. Den islandske lovboka vart sendt av garde med skip våren 1280. Det store lovarbeidet var avslutta. 9. mai same året døydde kong Magnus.

Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Landslovsmarkering i 2024

Når Landslova vert markert i 2024, er det fordi Landslova for 750 år sidan sette eit slags punktum for den langsame endringa frå 1000-talet gjennom å laga rammene for den norske staten. Sidan den gong har mykje endra seg, og Noreg i dag er heilt annleis enn i 1274. Men framleis er lovgjeving eit viktig instrument for å setja politikk ut i livet og slik styra samfunnet. Framleis har norske innbyggjarane stor tillit til lov, og framleis har kompromiss og konsensus høg politisk status i Noreg. Det skuldast ikkje åleine Landslova. Men den gav eit bidrag til ei lang og komplisert historisk utvikling.

Sist oppdatert: 12.04.2024 14:16
: