Mediekontakt er ein viktig del av kvardagen til stortingsrepresentantane. Her svarar Hans Fredrik Grøvan frå Kristeleg Folkeparti på spørsmål fra pressa. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Mediekontakt er ein viktig del av kvardagen til stortingsrepresentantane. Her svarar Hans Fredrik Grøvan frå Kristeleg Folkeparti på spørsmål fra pressa. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Kva gjer ein representant?

Endå det til tider kan vera få personar i stortingssalen, tyder ikkje det at stortingsrepresentantane ikkje jobbar. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte.

Vis som temaark

Å vera stortingsrepresentant er ingen vanleg jobb; mange ulike oppgåver og omsyn skal takast hand om. Det er umogleg å gjeva eit uttømande oversyn over kvardagen til stortingsrepresentantane, men vi skal her sjå på nokre viktige oppgåver:

  • Arbeid i komiteane
  • Arbeid i partigruppene
  • Debattar i stortingssalen
  • Internasjonale delegasjonar
  • Kontakt med lobbyistar
  • Kontakt med veljarar
  • Kontakt med media

Arbeidet i komiteane

Mesteparten av sakshandsaminga i Stortinget skjer i komiteane. Alle representantane – unnateke stortingspresidenten – er komitémedlemer, og dei må dermed setja seg inn i ei rekkje ulike saker og ta stode til desse. Representantane vert «spesialistar», og må lesa mange dokument, skriva merknader og halda seg generelt oppdaterte på fagfeltet. Dersom det vert gjennomført høyringar i samband med sakshandsaminga, må representantane førebu desse. Komiteane kan òg dra på reiser for å henta inn informasjon.

For kvar sak komiteen får til handsaming, vert det valt ein saksordførar. Det er saksordføraren si oppgåve å leggja saka fram for komiteen, utforma innstillinga og gjera greie for saka i Stortinget.

Dei fleste representantane opplever at komitéarbeidet er den mest tidkrevjande delen av jobben.

Arbeidet i partigruppene

I samband med komitéarbeidet må stortingsrepresentantane jamleg konsultera eigne partigrupper. Partigruppene har som regel møte kvar onsdag. Fraksjonsleiarane, som leier representantane frå same parti i ein fagkomité, har ansvar for å orientera partigruppene sine om sakene som vert handsama. På den måten får representantane frå same parti kjennskap til sakene i dei ulike komiteane. Sakene vert diskuterte, og standpunkta til partigruppene vert fastsette.

Debattar i stortingssalen

Når ein komité har ferdighandsama ei sak og kome med ei innstilling, skal saka handsamast i Stortinget. Det er fyrst og fremst medlemene i komiteen som har handsama saka, som er til stades når ho vert debattert i stortingssalen. Mange av dei andre representantane fylgjer debattane på nett-TV på eige kontor, og går inn i salen fyrst når voteringa startar.

Under debattane fortel stortingsrepresentantane kva dei meiner om sakene som er til handsaming. På førehand har dei brukt mykje tid på å planleggja og skriva innlegga sine. Det dei seier, skal vera i samsvar med standpunkta til partigruppa, og referata frå innlegga vert tekne vare på for ettertida. Det er difor viktig å uttrykkja seg klårt og presist. 

Internasjonale delegasjonar

Dei fleste stortingsrepresentantane er medlemer av éin eller fleire internasjonale delegasjonar. Desse delegasjonane deltek i til saman sju internasjonale parlamentariske forsamlingar og éin samarbeidskomité. Som delegasjonsmedlemer må representantane tidvis delta på møte og reiser.

Kontakt med lobbyistar

Det er mange som ynskjer å informera og påverka stortingsrepresentantane. Somme tek kontakt i samband med handsaminga av einskildsaker, andre pleier jamleg kontakt over tid. Lobbyistar kan vera alt frå privatpersonar til profesjonelle kommunikasjonsrådgjevarar.

Kontakt med veljarar

Stortingsrepresentantane har også ofte kontakt med veljarane sine. Mange reiser jamleg til sitt eige fylke for å treffa folk andlet til andlet, og dei får òg mange førespurnader via brev, e-post og telefon. Mange spørsmål i spørjetimen har utspring i førespurnader frå veljarane.

Kontakt med media

Stortingsrepresentantane får jamleg førespurnader frå små og store massemedium. Media og politikarane er gjensidig avhengige av kvarandre – media for å kunna laga nyhendesaker, politikarane for å kunna spreia bodskapane sine og verta lagde merke til. Difor kan mediekontakten vera tidkrevjande, anten det dreier seg om å vera med i debattprogram på TV eller å skriva lesarbrev i lokalavisa.


Sist oppdatert: 13.01.2014 14:32