Interpellasjonar

Liste over interpellasjonar som representantane har framført og statsrådane svart på.

Avgrens utvalet

Finn interpellasjon etter

Widnes, Marie Lovise (1 - 3 av 3)
  • Interpellasjon fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Interpellasjon nr. 30 (1991-92)

    Datert: 12.06.1992

    Svart på på vegner av: Sosialministeren

    Svart på: 22.09.1992 av sosialminister Grete Knudsen

    "Mange FN-soldatar får problem med den psykiske helsa på grunn av påkjenningar når dei er vitne til vald og overgrep, især når dei ikkje kan gripe inn mot overgriparane. Krigssituasjonar er ei sterk påkjenning om soldatane er aldri så robuste. Ein har døme på sjølvmord og store depresjonar. Nye krisesituasjonar kan krevje større innsats frå Noreg. Fullgod krisepsykiatri, oppfylgjing og støtte, og ikkje minst økonomisk tryggleik etter enda teneste, når seinverknader kjem, ser ut til å mangle. Kva vil statsråden gjere for at vi ikkje skal få ein ny generasjon "krigssiglarar", med skadeverknader for offera og familiane deira?"
  • Interpellasjon fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Interpellasjon nr. 21 (1991-92)

    Datert: 15.11.1991

    Svart på: 14.05.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Nyare viten om fåren ved kvikksølv i menneskjekropp og miljø, gjer at ein no tek debatten om amalgam meir alvorleg enn før. Dei mange menneskje som har fått helseplager på grunn av amalgamen, har ikkje fått hjelp. Berre synlege allergiar har vore registrerte. Nyare vitskapelege metodar (Dimaval) avslører kvikksølv, kopar og tinn i spytt og urin hos amalgambrukarar, noko vanlege testar ikkje har gjort. Svært mange har vorte friske ved å skifte tannfyllingar. Helsedirektoratet åtvarar no mot å bruke gull og amalgam saman. Meiner statsråden at det er forsvarleg å halde fram med å bruke eit så giftig stoff i munnen på born og vaksne, når det er reist så mykje tvil om at det er skadeleg?"
  • Interpellasjon fra Marie Lovise Widnes (SV) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Interpellasjon nr. 13 (1990-91)

    Datert: 03.10.1990

    Svart på: 16.04.1991 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Under siste verdskrigen fekk eit stort tal born i Finnmark avbrot i undervisningstida fordi skular vart stengde for kortare eller lenger tid. Især gjekk det utover samisktalende born, fordi dei ikkje hadde noko grunnlag i norsk språk. Den tapte skulegangen gjorde at mange har vore å rekne som analfabetar, med dei handikap dette medfører. Kva kan Regjeringa gjere for å rette opp forsøminga og bøte på skadeverknader dette har ført med seg for desse menneskja?"