Interpellasjon fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Interpellasjon nr. 17 (2001-2002)
Om å bidra til nyetableringar og næringsutvikling i distrikta, og å snu utviklinga med stadig større sentralisering
Oversendt regjeringen: 13.02.2002
Svart på: 15.03.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Ein nyleg framlagd rapport frå Telemarksforsking syner ifølgje avisa Nationen at Oslo og Akershus har flest nyetableringar, høgast lønnsvekst og mest næringsutvikling. Ifølgje rapporten blir gapet berre større og større mellom sentrale strøk og distrikta, og graden av sentralisering har aldri tidlegare vore meir framståande enn no. Sjølv om rapporten i utgangspunktet handlar om austlandsfylka, er det liten grunn til å tru at denne tendensen er annleis i andre delar av landet.
Er det ei målsetjing for Regjeringa å snu denne utviklinga og bidra til at nyetableringar og næringsutvikling blir styrkte også i distrikta, og kva er i så fall strategien for å oppnå dette?

Les heile debatten