Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Sande, Erling (1 - 8 av 8)
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:2451 (2022-2023)

    Innlevert: 05.06.2023

    Sendt: 06.06.2023

    Svart på: 13.06.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    I Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2023, vert det informert om at Bane NOR SF har varsla Jernbanedirektoratet om at det vil vere nødvendig å auke kostnadsramma for prosjektet Sandbukta–Moss–Sjåstad, og at ferdigstilling vil bli ytterlegare utsatt. Kva er grunnen til at det blir ytterligare kostnadsauke og forseinkingar i prosjektet og kva vert gjort for å halde risiko og kostnadane nede?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:881 (2022-2023)

    Innlevert: 05.01.2023

    Sendt: 05.01.2023

    Svart på: 10.01.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Kva er årsaka til at Follobanen no er stengt, og kva gjer samferdselsministeren for å sikre at Follobanen kan opnast att på ein forsvarleg måte så raskt som mogeleg?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:34 (2022-2023)

    Innlevert: 05.10.2022

    Sendt: 06.10.2022

    Svart på: 17.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med bompengeselskapet Vegamot funne at det er grunnlag for lågare bompengesatsar på Nordøyvegen enn det er lagt opp til i Prop. 93 S (2021-2022). Fylkeskommunen har garantiansvar for prosjektet, ei slik løysing er derfor provenynøytralt for staten. Kan fylkeskommunen og bompengeselskapet bli samde om ei slik løsning, og kva justeringar av regelverket må eventuelt gjennomførast for at ein reduksjon av takstane på Nordøyvegen skal være mulig?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til finansministeren

    Dokument nr. 15:748 (2011-2012)

    Innlevert: 31.01.2012

    Sendt: 31.01.2012

    Svart på: 09.02.2012 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    Gjennom 2011 vart ei rekke av landet sine skattekontor nedlagt, og i 2012 er det planlagt ytterligare sentralisering av skatteetaten. Sjølv om dei lokale kontora forsvinn, er kravet om personleg oppmøte for utanlandsk arbeidskraft for ID og skattekort det same. For mange næringsdrivande som har utanlandsk arbeidskraft medfører dette ei auke i kostnader og ressursbruk, så også for arbeidstakarane. Kva vil statsråden gjere for å hindre at næringsdrivande og arbeidstakarar blir råka av sentraliseringa?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:563 (2011-2012)

    Innlevert: 05.01.2012

    Sendt: 06.01.2012

    Svart på: 16.01.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Er høyringa på konseptval for E 39 å tolke slik at departementet har konkludert på at det kun er dei to alternativa som SSV peikar på som er realistiske, eller er det såkalla S-alternativet (K4) og dei andre trasèane som ligg i høyringsdokumentet framleis aktuelle å vurdere for høyringsinnstansane, og er det automatikk i at det kjem 300 millionar til strekninga Olden-Innvik dersom indre trase vert valgt, og tidleg i perioden, eller vil dette måtte vurderast opp mot andre prosjekt langs E 39?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til miljø- og utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:1492 (2008-2009)

    Innlevert: 25.08.2009

    Sendt: 25.08.2009

    Svart på: 04.09.2009 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

    Kan statsråden garantere at biodrivstoff som vert tatt i bruk i Noreg, er framstilt på berekraftig, etisk og miljøvennlig vis, og ikkje fortrenger matproduksjon eller fører til auka matprisar i områda der drivstoffet vert produsert?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:1456 (2008-2009)

    Innlevert: 17.08.2009

    Sendt: 17.08.2009

    Svart på: 26.08.2009 av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

    Ein samla energi- og miljøkomité har peika på at det er gode grunnar til at både logistikkdelen og teknisk del av driftsorganisasjonen til Gjøafeltet bør ligge i Florø. Komiteen ba vidare operatøren på sikt vurdere om større delar av driftsorganisasjonen for Gjøafeltet kan leggast til Florø, og imøtesåg kravet frå selskapet om at driftstøttepartnaren sin landorganisasjon ville bli samlokalisert med GdF si logistikkavdeling i Florø. Kva forventningar har statsråden til at Gaz de France etterkjem Stortinget sine føringar i saka?
  • Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til justisministeren

    Dokument nr. 15:1361 (2008-2009)

    Innlevert: 15.06.2009

    Sendt: 16.06.2009

    Svart på: 23.06.2009 av justisminister Knut Storberget

    Den amerikanske ambassaden er foreslått flyttet til Husebyskogen i Oslo. Dette er et tett befolket område og ambassaden vil bli nærmeste nabo til Njårdhallen der det trener opptil 2000 barn i uka. Amerikanske ambassader er terrormål. Erfaring tilsier at ambassadepersonell er godt beskyttet ved et eventuelt angrep. Det er ambassadenes naboer som ofte blir drept og såret. Vil justisministeren ta initiativ til at nasjonal sikkerhetsmyndighet utarbeider en risikovurdering for nabolaget til ambassaden?