Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:388 (1998-99)
Innlevert: 01.09.1999
Sendt: 03.09.1999
Svart på: 09.09.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Vil statsråden ta snarlege initiativ for å motverke at ein stor del (10-20 pst) av elevane går ut av grunnskulen utan å kunne lese skikkeleg?

Grunngiving

Over 60.000 elevar i norsk skule har små og store lese- og skrivevanskar: På bakgrunn av desse skremmande tala foreslo Høgre ved underteikna og Jan Tore Sanner hausten 1997 (Dok 8:36) at vi snarast måtte få ein handlingsplan for elevar med lese- og skrivevanskar. Vi meinte m.a. at ein slik plan måtte byggje på følgjande element:

- minstestandardar for støtteopplæring for elevar med slike vanskar
- obligatoriske lese- og skrivetestar på barnetrinnet for å oppdage problema før dei fekk vekse seg større
- at pensum i grunnskulen og vidaregåande opplæring snarast må gjerast tilgjengeleg på lydbøker
- betre opplæring for lærarane i identifisering og hjelp til desse elevane
- eit betre tilbod om meir tilpassa opplæring.

Stortinget sa nei til ein slik plan, men viste til at ein burde kome tilbake til problemstillingane i samband med andre saker som opplæringslova og stortingsmeldinga om barn, unge og vaksne med spesielle behov. Seinare har svært lite skjedd. At problema er svært aktuelle og alvorlege har vi seinare fått dokumentert gjennom granskingar som departementet har fått gjennomført. Det viser seg m.a. at 10-20 pst av elevane går ut av grunnskulen utan å kunne lese skikkeleg. Med dei krav som samfunnet stiller til lesing og skriving i dag og i framtida, er dette etter Høgre sitt syn ein heilt uakseptabel situasjon.

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Regjeringa er svært oppteken av at det i vår tid blir stilt stadig større krav til lesedugleik, og at dette kan gjere kvardagen vanskelegare for alle dei som strevar med å lese og skrive.
God kvalitet på lese- og skriveopplæringa står sentralt i den nasjonale strategien for vurdering og kvalitetsutvikling i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, jf. St.meld. nr. 28 (1998-99) Mot rikare mål. Like eins har ein hatt ein heilskapleg strategi for lese- og skriveopplæringa i heile den perioden ein har arbeidd med omstrukturering av spesialundervisninga.

I det nye læreplanverket (L97) blei norskfaget forsterka med til saman 183 timar, fordelte over det 10-årige skuleløpet. Den første opplæringa i norsk og arbeid med lese- og skrivevanskar er viktige element i ein slik samanheng.
I tillegg til læreplanane er rettleiingshefte om norskfaget og om lese- og skrivevanskar under arbeid. Slike hefte skal hjelpe til med å kvalitetsheve opplæringa, og desse tema inngår også i planen for kompetanseutvikling for lærarane.

Utprøving av obligatorisk bruk av kartleggingsprøver på 2. og 7. klassetrinn

På oppdrag frå departementet har Senter for leseforsking i Stavanger (SLF) utvikla kartleggingsprøver i lesedugleik på 2., 3., 5., 7. og 9. årstrinn. Det ligg også føre kartleggingsprøver for 1. klasse i vidaregåande opplæring. Prøvene er tilpassa slik at dei kan nyttast for døve og sterkt tunghørte, og omarbeiding av prøvene til samisk er under arbeid.
Departementet vil gjennomføre ei prøveordning med obligatorisk kartlegging av lesedugleiken på 2. og 7. klassetrinn som tiltak i kvalitetsutviklinga av grunnskulen. Arbeidet er eit ledd i oppfølginga etter stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 23 (1997-98) om særskilt tilpassa opplæring og St.meld. nr. 28 (1998-99).
Prøveordninga med obligatorisk bruk av prøvene er grunngitt med resultata frå tidlegare landsomfattande undersøkingar med bruk av kartleggingsprøvene frå SLF. Formålet med utprøvinga er i første rekkje å stimulere skular og kommunar til å ta i bruk materiellet i si systematiske vurdering, i oppfølginga av resultata og i den vidare tilrettelegginga av tilpassa leseopplæring for den enkelte eleven gjennom heile grunnskulen.

Internasjonale undersøkingar av lesedugleik

Gjennom deltaking i OECD-undersøkinga Programme for International Student Assessment, PISA, vil ein få informasjon om lesedugleiken til 15-åringar gjennom hovudstudien i 2000 og i "side-studiane" i 2003 og 2006. Resultata vil også bli tilbakeførte til skulane og kommunane, slik at dei kan inngå i den lokale vurderinga og arbeidet med forbetring og utvikling. Målet er forbetring, ikkje rangering av elevar, klassar eller skular.

Særskilde tiltak

Som ledd i omstruktureringa av spesialundervisninga tidleg på 90-talet fekk SLF i samarbeid med Bredtvet kompetansesenter eit særskilt ansvar for området lese- og skrivevanskar.

I forskingsprogrammet Spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling, som blei avslutta i år, er det blant anna gitt midlar til tre større forskingsprosjekt som omfattar lese- og skrivevanskar.

I samarbeid med Sosial- og helsedepartementet har departementet sett i verk eit prosjekt som set søkjelyset på synsrelaterte lese- og skrivevanskar. Prosjektet blir leidd frå SINTEF og vil bli avslutta i 2001.

For å gjere lydbøker tilgjengelege, arbeider Nasjonalt læremiddelsenter med produksjon av slike bøker for å gjere lydbokversjon av lærebøkene tilgjengelege når elevane treng det.

Kompetanseutviklingsprogram for PP-tenesta og skuleleiarane: SAMTAK

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 23 (1997-98) blir det sett i verk eit treårig kompetanseutviklingsprogram for PP-tenesta og skuleleiarane frå år 2000, SAMTAK. Eitt av innsatsområda i dette programmet er lese- og skrivevanskar. Senter for leseforsking har fått ansvaret for den faglege oppfølginga av denne delen av programmet - heile programmet vil bli koordinert av Senter for åtferdsforsking i Stavanger.

Lærarutdanning

Lærarutdanninga skal gi lærarstudentane god kompetanse i forhold til måla for opplæringa i skulen. Leseopplæring inngår som obligatorisk del av lærarutdanninga. Vidare legg regjeringa stor vekt på at den etter- og vidareutdanninga som blir gjennomført, skal sjåast i samanheng med og støtte opp under arbeidet elles med å auke kvaliteten på opplæringa for den enkelte eleven.
Regjeringa vil byggje vidare på ein heilskapleg strategi som ser dei ulike tiltaka i samanheng gjennom kompetanseutvikling, vurdering og utviklingsarbeid.