Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:294 (2003-2004)
Innlevert: 22.01.2004
Sendt: 23.01.2004
Svart på: 30.01.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Sidan 1997 har Statens vegvesen i Sogn og Fjordane hatt avtale med Alarmsentralen 110 i Florø om overvaking av dei mange tunnelane i fylket. I praksis vil det sei at alarmsentralen vert varsla med ein gong nokon anten har løfta røyret av ein naudtelefon eller fjerna brannslokkingsapparatet inne i tunnelane. No har Statens vegvesen sagt opp denne avtalen. Fleire brannsjefar fryktar at omlegginga vil gå utover tryggleiken i tunnelane.
Korleis vurderer statsråden tryggleiken i tunnelane i Sogn og Fjordane?

Grunngiving

Nokre få dagar ut i 2004 kom det melding frå Statens vegvesen i Sogn og Fjordane at dei ville seie opp avtalen om tunnelovervaking med alarmsentralen. Dette kom utan varsel både for alarmsentralen og for dei 26 brannsjefane i fylket. Statens vegvesen vil spare 350 000 kr på omlegginga, der varslinga som før gikk direkte til alarmsentralen, no skal gå til vegmeldingssentralen i Lærdal. Når avtalen blir sagt opp, vil alarmsentralen bli varsla av vegmeldingssentralen.
Dagleg leiar for alarmsentralen, Terje Brandsøy, karakteriserer omlegginga som eit tryggingsmessig tilbakesteg, og fleire brannsjefar fryktar at omlegginga kan gå utover tryggleiken, sidan det blir eit ledd meir når det skal varslast brann og ulykker i tunnelane.
Brannsjefen i Aurland seier omlegginga vil føre til seinare varsling og lenger utrykkingstid. Han er den fremste eksperten på branntryggleik i tunnelar i regionen, og viser til at det finst døme på at direktevarsling har redda liv i tunnelbrannar.
Med dei to lengste vegtunnelane i verda i kommunen, fryktar han for konsekvensane av omlegginga. I dag kan operatørane på alarmsentralen mellom anna sjå situasjonen visuelt på skjermen og dermed få nøyaktige, tekniske opplysningar som kvar i tunnelen situasjonen har oppstått og kva vindretninga er, og slik sende brannmannskapet inn frå riktig ende av tunnelen. Dette vil dei ikkje lenger ha høve til, når varslinga går til vegmeldingssentralen.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Statens vegvesen har i samarbeid med dei fleste lokale brannvesen i Noreg etablert eit prinsipp der det er laga ei arbeidsdeling mellom dei regionale vegtrafikksentralane og brannvesenet. Det går ut på at det er brannvesenet som tek imot telefonar frå personar i naud, medan det er Statens vegvesen som betener programma for styring av tunnelane. Ved ulykker er det særs viktig at ein og får stengd tunnelen for å redusere talet på dei som er involverte.
Dei aller fleste naudtelefonane kjem frå personar som har fått motortrøbbel, køyrt tom for bensin, punktert og andre vanlege hendingar. Dei blir handsama av vegtrafikksentralane som varslar bergingsbilar, gir råd til innringjaren og om naudsynt stengjer tunnelen. Det kan til dømes vera naudsynt som følgje av køyretøyet si plassering i tunnelen.
Om det kjem ein naudtelefon der det er behov for kontakt med brannvesen blir det på vegtrafikksentralen direkte kopla opp til alarmsentral for brann. Samstundes som Vegvesenet stengjer tunnelen for å hindre at fleire køyretøy kjem inn i tunnelen, startar dei og brannventilasjonen slik det er avtala med brannvesenet og nedfelt i beredskapsplanane. Dette er ei praktisk arbeidsdeling.

Spesielt om tilhøve til alarmsentralen i Florø

Avtalen mellom Statens vegvesen region vest, tidlegare Statens vegvesen Sogn og Fjordane, og Alarmsentralen Sogn og Fjordane om tunnelovervaking, blei første gong inngått i 1986. Statens vegvesen hadde på den tida ikkje døgnbemanna vaktsentralar, og tunnelane hadde mindre utstyr den gongen.
Avtalen gjekk ut på at alarmsentralen skulle overvake alle brannapparat og andre tekniske installasjonar i tunnelane.
Statens vegvesen har seinare etablert fem døgnbemanna vegtrafikksentralar. I tillegg er det etablert ein døgnbemanna vaktsentral i Lærdal.
Slik systemet no er bygd opp, går både naudtelefonane og alle signal frå brannapparat og anna teknisk utstyr i tunnelane til vegtrafikksentralane og for 62 tunnelar i Sogn og Fjordane og til vaktsentralen i Lærdal.
Statens vegvesen har installert dataskjerm på alarmsentralen i Sogn og Fjordane slik at dei tilsette har lesetilgang til systemet. På den måten kan dei til ei kvar tid vere oppdatert om situasjonen i tunnelane. Det er berre i Sogn og Fjordane at vaktoperatørane på alarmsentralen har slik lesetilgang til Statens vegvesen sitt overvakingssystem. Statens vegvesen og alarmsentralen har avtala korleis alarmar skal handsamast. Dette er nedfelt i beredskapsplanane for den einskilde tunnel.
Statens vegvesen har betalt ei årleg godtgjersle til alarmsentralen for kvar tunnel som er kopla opp til overvakingssystemet. Sidan talet på overvaka tunnelar har auka dei siste åra, har godtgjersla til alarmsentralen auka mykje.
I og med etableringa av vegtrafikksentralane og vaktsentralen i Lærdal overvakar Statens vegvesen i dag tunnelane sjølv. Det er òg vegtrafikksentralane og vaktsentralen i Lærdal som er operative einingar. Det er herfrå ein kan stengje tunnelar og styre vifter. Alarmsentralen er ikkje operativ i forhold til styring av tunnelar. Statens vegvesen har likevel ført vidare tilbodet til alarmsentralen med dataoverføring, slik at den er oppdatert om hendingar.
Det er med andre ord lagt opp til eit høgt informasjonsnivå for alarmsentralen i Sogn og Fjordane, eit høgre nivå enn det ein har elles i Region vest og i resten av landet, men Statens vegvesen er av den oppfatning at det ikkje lenger kan forsvarast å betale tilskott til alarmsentralen. Dette er bakgrunnen for at Statens vegvesen har sagt opp avtalen om økonomisk kompensasjon til alarmsentralen.
Det er såleis ikkje lagt opp til noko endring i overvaking av tunnelane eller handsaming av alarmar, men det er i Sogn og Fjordane ei anna arbeidsdeling no enn det var tidlegare. Den oppgåva alarmsentralen hadde med omsyn til overvaking av brannapparat og andre tekniske installasjonar i tunnelane er no overtatt av vegtrafikksentralane og vaktsentralen i Lærdal. Alarmsentralen kjem først inn når det blir utløyst ein alarm og tek hand om meldingane frå dei som ringjer inn.
Eg meiner derfor at tryggleiken ikkje er blitt redusert, men at det heller blir ei betring når det no er to spesialistar som jobbar saman. Det er viktig å få ned talet på trafikantar som blir involvert i hendinga i ein tunnel. Det blir gjort ved at Statens vegvesen stengjer tunnelen så raskt som råd er, samstundes som brannvesenet tek hand om meldingar frå trafikantane ved brann.