Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:939 (2011-2012)
Innlevert: 29.02.2012
Sendt: 01.03.2012
Svart på: 13.03.2012 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva meiner kunnskapsministeren må til for at tilbodet om å ta fag på høgare nivå skal nå ut til fleire elevar, og korleis vil ho gjere ordninga betre kjent blant lærarar og skuleleiarar?

Grunngiving

Aftenposten har i eit oppslag 24. februar tatt opp at tilbodet til skuleflinke elevar om å ta fag på høgare trinn ikkje når ut til alle elevar. Dette har og regjeringa påpeika, blant anna i St.meld. 22. (2010-2011), ”Motivasjon – Mestring – Muligheter”. Ordninga vart introdusert i Kunnskapsløftet og etablert som ei fast ordning gjennom ei forskrift til Opplæringslova i 2008. Fleirtalet av dei som får nytta tilbodet er elevar frå Austlandet. Men òg på Austlandet kan det variere om skulen legg vekt på å gje elevar som treng det denne inspirasjonen, eller ikkje. Eg er glad for at kunnskapsministaren nyleg har sendt på høyring eit forslag om å utvide tilbodet til å gjelde fleire fag, men ser at det er naudsynt å arbeide meir for å gjere tilbodet kjent slik at fleire motiverte og dyktige elevar kan ha glede av det.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Svar på spørsmål frå representanten Hadia Tajik om korleis ordninga med å ta fag på vidaregående nivå for elevar på ungdomstrinnet kan gjerast betre kjend.
Det er viktig at skolane har muligheiter til å gi dei elevane som treng det større faglege utfordringar. Forskrifta til opplæringslova§ 1-14 fastsett at elevar på ungdomstrinnet kan ta fag frå vidaregåande opplæring. Forskrifta gir ingen rett for elevane til å ta fag frå videregåande opplæring mens dei er elevar i grunnskolen. Skolene har heller ingen plikt til å tilby elevane eit slik tilbod. Det er altså opp til skoler og skoleeigarar om dei ønskjer å iverksette denne ordninga.
Ordninga blei innført frå skoleåret 2008/09 og er pr. i dag begrensa til faga matematikk, engelsk, framandspråk, naturfag og samfunnsfag. Det blei ved innføringa av ordninga sendt eit brev til alle fylkesmenn, fylkeskommunar, kommunar, skoler med ungdomstrinn og vidaregåande skoler om ordninga. Omtale av ordninga er også lagt inn i rundskrivet om fag- og timefordelingen frå 2008 og er omtala i alle revideringar av dette rundskrivet seinare.
Kunnskapdepartementet og Utdanningsdirektoratet følgjer med på korleis ordninga utviklar seg og det er no sendt på høyring eit forslag om å utvide ordninga til å også gjelde andre fag frå vidaregåande skole. Ei slik utviding av ordninga vil kunne tre i kraft alt frå hausten 2012. Høyringsfristen for forslaget er 22. mai 2012.
Ved å utvide ordninga til andre fag kan det stimulere til økt interesse blant elevar på ungdomstrinnet og for skoler som ikkje allerede tilbyr sine elevar dette. Formålet med endringa er å gi større fleksibilitet og vekke elevanes interesser for faga i vidaregåande skole allerede på ungdomstrinnet. Utdanningsdirektoratet har allerede fått i oppgåve å formidle gode eksempel på og informasjon om ordninga. Ved ei utviding av ordninga vil det vere naturleg å sjå på korleis vi kan bedre denne informasjonen med tanke på å spre gode erfaringar til dei det angår.