Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden ta initiativ til retningslinjer som opnar for at Nav kan utbetale stønad etter kapittel 15 i folketrygdlova sjølv om medlemen av folketrygda er gift, når stønadsmottakar i praksis er åleineforsørgar fordi ektefellen er utenlandsk statsborgar som ikkje har fått innvilga lovleg opphald i Norge?
Grunngiving
Det sentrale grunnlaget for stønad etter folketrygdlova kapittel 15 er åleineomsorg for barn. Etter folketrygdlova § 15-4 må medlemen vere ugift, separert eller skilt for å få rett til stønad. Stønaden fell bort frå og med den dagen mottakaren giftar seg, sjølv om stønadsmottakaren i praksis framleis er åleineforsørgar fordi ektefellen er utenlandsk statsborgar som ikkje har fått lovleg opphald i Norge. At ektepar ikkje bur saman kan ha ulike årsakar. Underteikna har vorte kontakte fleire gonger om at utlendingsstyresmaktene har utvist den eine forelderen, nokre tilfelle i opptil fem år, slik at ekteparet fysisk er separert av styresmaktene. Ein blir likvel rekna som gift med ein ektefelle som ikkje kan leve og bu i Norge, og forelderen som bur i Norge mister retten til fleire trygdeordningar, som overgangsstønad, stønad til barnetilsyn, utvida barnetrygd osv. Mange ektefeller blir utviste til land med eit lønsnivå som gjer det nesten umogleg å forsørge familien sin i Norge. Konsekvensane av dette kan bli at dersom ein er gift og har behov for stønader, noko mange einslege forsørgarar har, må ein separere eller skilje seg, noko som i sin tur vil føre til at ein blir nekta familiegjenforening, sidan forholdet er avslutta.
Etter § 15-4 kan separasjon faktisk jamførast med separasjon, og dette tyder på at lovgivar har hatt ein intensjon om at den faktiske situasjonen er avgjerande for stønad etter folketrygdlova kapittel 15, og ikkje den reint formelle statusen.
Det er eit vilkår for å få stønad etter kapittel 15 at partane ikkje lever saman i den aktuelle perioden, noko som er tilfelle for dei som er gift med ein utlending utan innvilga opphald i Norge.