Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:586 (2013-2014)
Innlevert: 25.03.2014
Sendt: 26.03.2014
Besvart: 03.04.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden ta initiativ til retningslinjer som opnar for at Nav kan utbetale stønad etter kapittel 15 i folketrygdlova sjølv om medlemen av folketrygda er gift, når stønadsmottakar i praksis er åleineforsørgar fordi ektefellen er utenlandsk statsborgar som ikkje har fått innvilga lovleg opphald i Norge?

Begrunnelse

Det sentrale grunnlaget for stønad etter folketrygdlova kapittel 15 er åleineomsorg for barn. Etter folketrygdlova § 15-4 må medlemen vere ugift, separert eller skilt for å få rett til stønad. Stønaden fell bort frå og med den dagen mottakaren giftar seg, sjølv om stønadsmottakaren i praksis framleis er åleineforsørgar fordi ektefellen er utenlandsk statsborgar som ikkje har fått lovleg opphald i Norge. At ektepar ikkje bur saman kan ha ulike årsakar. Underteikna har vorte kontakte fleire gonger om at utlendingsstyresmaktene har utvist den eine forelderen, nokre tilfelle i opptil fem år, slik at ekteparet fysisk er separert av styresmaktene. Ein blir likvel rekna som gift med ein ektefelle som ikkje kan leve og bu i Norge, og forelderen som bur i Norge mister retten til fleire trygdeordningar, som overgangsstønad, stønad til barnetilsyn, utvida barnetrygd osv. Mange ektefeller blir utviste til land med eit lønsnivå som gjer det nesten umogleg å forsørge familien sin i Norge. Konsekvensane av dette kan bli at dersom ein er gift og har behov for stønader, noko mange einslege forsørgarar har, må ein separere eller skilje seg, noko som i sin tur vil føre til at ein blir nekta familiegjenforening, sidan forholdet er avslutta.
Etter § 15-4 kan separasjon faktisk jamførast med separasjon, og dette tyder på at lovgivar har hatt ein intensjon om at den faktiske situasjonen er avgjerande for stønad etter folketrygdlova kapittel 15, og ikkje den reint formelle statusen.
Det er eit vilkår for å få stønad etter kapittel 15 at partane ikkje lever saman i den aktuelle perioden, noko som er tilfelle for dei som er gift med ein utlending utan innvilga opphald i Norge.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: I grunngjevinga si viser stortingsrepresentant Rotevatn til § 15-4 som seier at ein åleineforsørgar må vere ugift, skild eller separert for å få rett til stønad etter kapittel 15 i folketrygdlova. Det kan vere fleire årsaker til at ektepar ikkje bur saman. I nokre høve er samlivet reelt sett opphøyrd utan at ekteskapet er oppløyst. Andre høve kan vere at den eine ektefellen sit i fengsel, eller ektefellen ikkje får innvilga opphald i Noreg. Representanten viser til situasjonar der ektefellen er utvist frå Noreg. Søknad om familiegjenforening kan og bli avslått av andre årsaker, til dømes at krav til forsørging ikkje er oppfyld.
Etter § 15-4 første ledd må ein person vere ugift, separert eller skild for å få rett til stønad. Etter andre ledd i paragrafen er faktisk samlivsbrot likestilt med separasjon, men då gjeld det tilleggsvilkår om at det er reist separasjons- eller skilsmissesak. Andre ledd punkt d) vil sjeldan vere aktuell då det ikkje i seg sjølv er spesielle forhold som gjer det vanskeleg å reisa separasjons- eller skilsmissesak når ektefellen sit i fengsel eller bur i utlandet.
Det er ingen heimel i kapittel 15 som seier at det kan gjerast unntak frå reglane om åleineforsørgaren sin sivile status. Difor er det heller ingen heimel til å gje forskrifter eller retningsliner som gjer ytterlegare unntak.
Regjeringa har i regjeringsplattforma varsla at overgangsstønaden skal leggjast om med sikte på klårare krav om aktivitet frå stønadsmottakarane. Det kan og vere eit høve til å vurdere andre delar av regelverket. Samstundes ser eg det som vanskeleg å gje ytterlegare rett til stønad knytt til tilfelle der personar ikkje har lovleg opphald i Noreg.