Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:661 (2014-2015)
Innlevert: 20.02.2015
Sendt: 20.02.2015
Svart på: 26.02.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Regjeringa har sett i gong ei rekkje prosessar i offentleg sektor, nokre nemnde i grunngjevinga. Fellesnemnar for dei fleste er at dei medfører strukturendringar og større einingar verkar å vere løysinga på det meste. Regionalpolitikken synest å vere sletta frå meir enn tittelen til statsråden.
Korleis vil statsråden sikre at innbyggjarane i Sogn og Fjordane får betre tenester etter at reformene er gjennomførte, og korleis vil han sikre at fylket får tilført fleire kompetansearbeidsplassar?

Grunngiving

I Sogn og Fjordane er det uro over kva som vert konsekvensane av strukturendringane regjeringa legg opp til i mange sektorar, både kommunale og statlege. Ein ser at det kan føre til tap av viktige arbeidsplassar, større avstand til tenestestad, dårlegare tenester og at det gode samarbeidet ein gjennom mange år har bygd opp mellom ulike etatar og organisasjonar i offentleg og privat sektor står i fare for å rakne. Kommunal- og moderniseringsministeren har, trass namneskiftet, likevel ansvaret for å samordne distrikts- og regionalpolitikken. Det er eit tema ein høyrer lite om i regjeringa sitt daglege arbeid. Det er difor viktig å få klårlagt korleis regjeringa vil motverke at reformene ein no gjennomfører får negative konsekvensar for distriktsfylke som Sogn og Fjordane.
Kommunar, fylkeskommunar, politi, 110-sentralar, brann og andre beredskapsetatar, AMK, sjukehus, NAV, skatteetaten, tingrettane, jordskifterettane, høgskulane; alle er døme på viktige samfunnsinstitusjonar som er i sentraliseringsprosessar. Desse institusjonane har mange viktige funksjonar kvar for seg og samla. Dei har mange kompetansearbeidsplassar og leiarfunksjonar som er mangelvare i distrikta. Regjeringa bør difor ha ein medviten strategi for korleis ein skal kompensere for dette når mange viktige arbeidsplassar forsvinn, og korleis ein skal sikre nærleik til tenestene for folk som bur i distriktskommunar - kommunar som vil bli distrikt same kor mange ein slår saman.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Eg takker representanten for spørsmålet. Regjeringa har sett i gong ei rekke reformer for å sikre innbyggjarane betre tenester der dei bur, no og i framtida. Målet er gode velferdstenester, som skaper tryggje og gode lokalsamfunn. På mange felt har velferdstenestene vakse ut av dagens organisering. Difor trengst reformer. Vi set ikkje i verk reformene for å endre Noreg, men fordi Noreg har endra seg. Kommunane har nye og større oppgåver, helsetenesta er meir spesialisert, og politiet møter andre type brotsverk i dag enn for femti år sidan. Norsk økonomi og næringsliv står framfor store utfordringar. Aktivitetane i oljesektoren vil ikkje lenger vere ein like sterk motor for økonomien som tidlegare, og andre næringar må skape arbeidsplassar og sikre velferdsordningane våre vidare. Regjeringa vil ruste Noreg for framtida, og sikre vekst og verdiskaping i heile landet. Nokre av dei viktigaste ressursane våre ligg nettopp i distrikta, og dei er godt fordelte i vårt langstrakte land. Da må vi ha ein politikk med gode rammevilkår for å skape kompetansearbeidsplassar og sterke regionar i heile landet. Difor satsar Regjeringa på vekstfremjande skattelettingar, fysisk infrastruktur og på forsking og innovasjon for framtida. Som regional utviklingsaktør har Sogn og Fjordane fylkeskommune ansvar for utviklinga i eige fylke og leggje til rette for lokalt næringsliv, som mellom anna etterspør arbeidskraft med høgare utdanning. Samstundes er god fordeling av statlege arbeidsplassar viktig for å utløyse verdiskaping over heile landet. Statlege arbeidsplassar gir meirverdi for å utløyse potensialet for vekst i regionale arbeidsmarknader. Ein høg del av statlege arbeidsplassar er kompetansearbeidsplassar. Moderniseringsarbeidet i statleg sektor skal ta hand om regjeringa sitt mål om å sikre vekstkraftige regionar i heile landet. Dette føreset at dei ulike alternativa for lokalisering blir vurdert opp mot kvarandre på eit tidleg tidspunkt i prosessane. Eit vedtak om ny lokalisering skal byggje på avveging mellom lokaliseringspolitiske mål og føremålet med endringane. Regjeringa har samstundes endra ”Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon”, der det er sett tydelegare krav om korleis prosessane skal gjennomførast. Det er mellom anna stilt krav til at fagdepartementa alltid skal ta dei avgjerande vedtaka om lokalisering (dette gjeld likevel ikkje universitet og høgskular der styra kan gjere vedtak med heimel i universitets- og høgskulelova). Den nye hovudregelen ved oppretting av ny statleg verksemd er at minst tre alternative lokaliseringsstader bør vurderast. Ved etablering av nye, eller ved omlokalisering av statlege verksemder, skal det leggjast vekt på lokalisering i regionale sentra der verksemda har størst potensial for å medverke til det lokale tilbodet av arbeidsplassar. Avgjerd om lokalisering ved store strukturendringar og nyetableringar, eller forslag om å etablere eller flytte statlege verksemder til Oslo, skal alltid leggjast fram for Regjeringa. Eg kan sjå av spørsmålet at representanten er uroa for utviklinga i Sogn og Fjordane. Tall frå Statens sentrale tjenestemannsregister (SST) syner at fylket har hatt ein vekst i statlege arbeidsplassar på same nivå som gjennomsnittet i landet dei siste 10 åra. Det siste året har fylket til og med hatt den største prosentvise auken av alle fylka i landet.