Liv Signe Navarsete (Sp): Regjeringa har sett i gong ei rekkje prosessar i offentleg sektor, nokre nemnde i grunngjevinga. Fellesnemnar for dei fleste er at dei medfører strukturendringar og større einingar verkar å vere løysinga på det meste. Regionalpolitikken synest å vere sletta frå meir enn tittelen til statsråden.
Korleis vil statsråden sikre at innbyggjarane i Sogn og Fjordane får betre tenester etter at reformene er gjennomførte, og korleis vil han sikre at fylket får tilført fleire kompetansearbeidsplassar?
Begrunnelse
I Sogn og Fjordane er det uro over kva som vert konsekvensane av strukturendringane regjeringa legg opp til i mange sektorar, både kommunale og statlege. Ein ser at det kan føre til tap av viktige arbeidsplassar, større avstand til tenestestad, dårlegare tenester og at det gode samarbeidet ein gjennom mange år har bygd opp mellom ulike etatar og organisasjonar i offentleg og privat sektor står i fare for å rakne. Kommunal- og moderniseringsministeren har, trass namneskiftet, likevel ansvaret for å samordne distrikts- og regionalpolitikken. Det er eit tema ein høyrer lite om i regjeringa sitt daglege arbeid. Det er difor viktig å få klårlagt korleis regjeringa vil motverke at reformene ein no gjennomfører får negative konsekvensar for distriktsfylke som Sogn og Fjordane.
Kommunar, fylkeskommunar, politi, 110-sentralar, brann og andre beredskapsetatar, AMK, sjukehus, NAV, skatteetaten, tingrettane, jordskifterettane, høgskulane; alle er døme på viktige samfunnsinstitusjonar som er i sentraliseringsprosessar. Desse institusjonane har mange viktige funksjonar kvar for seg og samla. Dei har mange kompetansearbeidsplassar og leiarfunksjonar som er mangelvare i distrikta. Regjeringa bør difor ha ein medviten strategi for korleis ein skal kompensere for dette når mange viktige arbeidsplassar forsvinn, og korleis ein skal sikre nærleik til tenestene for folk som bur i distriktskommunar - kommunar som vil bli distrikt same kor mange ein slår saman.