Skriftleg spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:268 (2018-2019)
Innlevert: 01.11.2018
Sendt: 02.11.2018
Svart på: 09.11.2018 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Søking og tilsetting i midlertidige og faste vitskaplege stillingar visar at få nordmenn ynskjer seg til akademia og forsking. Få av dei norske forskerane publiserer på norsk. Khrono skreiv førre veke at berre 10 % av dei 25 000 publikasjonane frå norske forskarar i 2017 vart skrivne på norsk.
Korleis vil statsråden sikre at akademia er ein attraktiv arbeidsplass for relevante norske arbeidstakarar, og kva vil statsråden gjere for at publikasjonar på norsk ikkje forsvinn heilt?

Grunngiving

Tilsettingar i midlertidige og faste vitskaplege stillingar lysast ut internasjonalt. Våre borgarar utgjer 0,07 % av verdas populasjon, og vi kan forvente at ein låg del av dei vitskaplege tilsette ved norske institusjonar vil vere norske i nær framtid. Skal me halde på norsk skriftkultur og norske fagtermar, og auke nyttiggjeringa av forskinga, må vi framleis ha norske publikasjonar. Aukande del av phd-studentar og postdoktorar ved institusjonane våre er utanlandske. Forsking og akademia treng internasjonalisering, men det må også vere ein balanse med norske akademikarar.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Vi har ikkje ein samla oversikt som syner om det er svak søking blant nordmenn til stillingar i universitets- og høgskulesektoren generelt. Det vi veit er at det har vore ein auke av dei tilsette i forskarstillingar som har utanlandsk bakgrunn. NIFUs mangfaldstatistikk, som blei publisert i 2017, syner at forskarar med utanlandsk bakgrunn auka frå 17 prosent av forskarane i 2007 til 25 prosent i 2014. For befolkninga generelt auka delen med innvandrarbakgrunn frå 10 til 16 prosent i perioden. I same periode har det òg vore ein auke i det absolutte talet på tilsette i sektoren. Om det nominelt er færre forskarar med norsk bakgrunn i sektoren no enn før, veit vi ikkje. Men det kjem signal om at vi har utfordringar med å rekruttere nordmenn i nokre fagfelt.
Det er store variasjonar mellom fagområde og stillingsnivå når det gjeld tilsetting av forskarar med utanlandsk bakgrunn. I matematikk og naturvitskap var det 45 prosent med utanlandsk bakgrunn i 2014, medan talet for samfunnsvitskap var 17 prosent. I dei humanistiske faga hadde 22 prosent av forskarane utanlandsk bakgrunn. Det er grunn til å merke seg at humaniora og samfunnsvitskap, som kanskje er dei viktigaste fagområda for å ta vare på norsk språk, er dei fagområda som har lågast del av utanlandske forskarar.
I 2014 var det 49 prosent i kategorien postdoktor/forskar tilsett i prosjekt og 40 prosent i kategorien av stipendiat/vitskapeleg assistent som hadde utanlandsk bakgrunn. Blant professorar var det 23 prosent som hadde utanlandsk bakgrunn, medan talet for førsteamanuensis og førstelektor var 20 prosent.
Eg meiner spørsmålet representanten Strand stiller om tilsettingsmønstera er interessant, òg i lys av den debatten som har vore om internasjonaliseringa ute i sektoren. Internasjonalisering i forskinga er ein realitet som vi verken kan eller vil melde oss ut av, og forskarar frå andre land medverkar i høg grad til å heve kvaliteten på norsk forsking. Samstundes er det avgjerande at norske utdannings- og forskingsinstitusjonar held fast ved samfunnsoppdraget sitt, som i stor grad tek utgangspunkt i nasjonale behov. Mellom anna har institusjonane eit lovpålagt ansvar for å utvikle norsk fagspråk, og dei skal utdanne kandidatar for det norske arbeidslivet der arbeidsspråket i dei fleste tilfella er norsk.
Som grunnlag for den debatten vi må ha om balansen mellom desse ulike omsyna framover, ikkje minst i fagmiljøa ved institusjonane, ynskjer eg meir kunnskap om utviklinga. Eg har difor gitt NIFU i oppdrag å gjennomføre ei undersøking av søkemønsteret til stillingar i sektoren.
Når det gjeld publiseringsspråk, stemmer det at norskspråklege forskingspublikasjonar relativt sett har gått ned, medan engelskspråklege har gått opp. Utviklinga har gått føre seg over lang tid, og i 2017 var om lag 90 prosent av forskingspublikasjonane på engelsk, medan om lag 10 prosent var på norsk. Andre språk står for om lag 1 prosent. Som for tilsettingar, er det i realfaga at internasjonaliseringa og bruken av engelsk som arbeidsspråk er komen lengst. Men òg i til dømes humaniora har bruken av norsk gått ned i seinare år. Til dømes sank bruken av norsk i humanistiske publikasjonar på Universitetet i Oslo frå 43 prosent i 2011 til 24 prosent i 2017.
Representanten Strand spør kva eg som forskings- og høgre utdanningsminister kan gjere for at publikasjonar på norsk ikkje skal forsvinne heilt. Eit slikt utfall er lite sannsynleg. Sjølv om det relativt sett har vore ein aukande del av publikasjonane som blir skrivne på engelsk, har talet på norske publikasjonar faktisk òg auka. Dette kjem imidlertid litt i skuggen av at talet på engelskspråklege bidrag har auka enda meir.
Samstundes er eg samd med representanten i at den aukande engelskspråklege dominansen i forskinga gjer det naudsynt å reise ein debatt om korleis vi skal sikre norsk som fagspråk i tida framover. Det er derfor kulturminister Trine Skei Grande og eg i samarbeid har invitert til ein konferanse om akkurat dette temaet på Universitetet i Oslo den 13. november i år. Der vil vi få fram korleis institusjonane sjølve, men og språkpolitiske fagorgan og ekspertar på feltet, vurderer situasjonen. I tillegg vil eg i tildelingsbreva til universiteta og høgskulane for 2019 be om at institusjonane følgjer særskilt med på utviklinga for norsk som fagspråk det komande året, og be dei vurdere behov for å setje inn tiltak.
Departementet vil og følgje utviklinga nøye framover. Dersom faktagrunnlaget og det som kjem ut av debatten framover tilseier det, vil eg òg vurdere statlege tiltak.