Marit Knutsdatter Strand (Sp): Søking og tilsetting i midlertidige og faste vitskaplege stillingar visar at få nordmenn ynskjer seg til akademia og forsking. Få av dei norske forskerane publiserer på norsk. Khrono skreiv førre veke at berre 10 % av dei 25 000 publikasjonane frå norske forskarar i 2017 vart skrivne på norsk.
Korleis vil statsråden sikre at akademia er ein attraktiv arbeidsplass for relevante norske arbeidstakarar, og kva vil statsråden gjere for at publikasjonar på norsk ikkje forsvinn heilt?
Begrunnelse
Tilsettingar i midlertidige og faste vitskaplege stillingar lysast ut internasjonalt. Våre borgarar utgjer 0,07 % av verdas populasjon, og vi kan forvente at ein låg del av dei vitskaplege tilsette ved norske institusjonar vil vere norske i nær framtid. Skal me halde på norsk skriftkultur og norske fagtermar, og auke nyttiggjeringa av forskinga, må vi framleis ha norske publikasjonar. Aukande del av phd-studentar og postdoktorar ved institusjonane våre er utanlandske. Forsking og akademia treng internasjonalisering, men det må også vere ein balanse med norske akademikarar.