Skriftleg spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:401 (2018-2019)
Innlevert: 19.11.2018
Sendt: 19.11.2018
Svart på: 26.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): Blir en bestilling i tråd med vedtak 680 inkludert i de neste retningslinjene til fagetatene for kommende rullering av NTP, eller er regjeringen i gang med å følge opp på annen måte?

Grunngiving

Transportetatane skreiv fylgjande i grunnlagsdokumentet til Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2029

«Det er et betydelig forfall på fylkesvegnettet. Kostnaden knyttet til utbedring av kritisk infrastruktur som tunneler, bruer og ferjekaier er så omfattende at transportetatene mener det bør vurderes et eget program for fornylese av fylkesveier.»

Dette vart ikkje prioritert av stortingsfleirtalet eller regjeringa under handsaminga av NTP våren 2017.
Stortingsrepresentantene Greni, Mossleth, Odnes og Nordlund fra Senterpartiet foreslo 30. januar 2018 å opprette et statlig vedlikeholdsprogram for fylkesvegnettet som lød som følgende;

«Stortinget ber regjeringa utarbeide eit program for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering som skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.»

Gjennom komitébehandlingen la regjeringspartiene frem et alternativt forslag, som ble vedtatt av Stortinget 3. mai 2018. Vedtaket lyder: Vedtak 680

«Stortinget ber regjeringa om å utgreie ei påskjøningsordning i samband med rullering av Nasjonal transportplan, der fylkeskommunen etter ein forpliktande plan kan søkje om medfinansiering frå staten etter gitte kriterium.»

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa har kraftig auka satsinga på vedlikehald av og investering i transportinfrastruktur. Under regjeringa Solberg har vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet blitt redusert for fyrste gong på fleire tiår.
Samtidig er det eit stort vedlikehaldsetterslep på fylkesvegnettet. I Nasjonal transportplan for perioden 2014 – 2023 heiter det at det er "regjeringens vurdering at fylkeskommunene ikke vil være i stand til å ta igjen vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegnettet, uten ekstraordinær statlig finansiering". På bakgrunn av det rådde regjeringa Stoltenberg II til å styrkja rammetilskottet slik at fylkeskommunane kunne fornya og rusta opp fylkesvegnettet. Ramma for dette vart sett til 10 mrd. kr for 10-årsperioden, som ein del av dei frie midlane til fylkeskommunane. Midlane skulle fordelast etter særskilte kriterium, basert på vedlikehaldsetterslep i den enkelte fylkeskommune. 2,75 mrd. kr skulle etter framlegget i nasjonal transportplan brukast til formålet i første fireårsperiode. I tråd med dette gjorde regjeringa Stoltenberg framlegg om å setja av 500 mill. kr til fordeling i statsbudsjettet for 2014.
Solberg-regjeringa delte vurderinga av at det var behov for midlar til å fornya og å rusta opp fylkesvegane. I sitt tilleggsframlegg til statsbudsjettet for 2014 auka Solbergregjeringa summen til særskilt fordeling for 2014 frå 500 mill. kr til 780 mill. kr. Den årlege summen til fordeling til dette formålet auka årleg i fireårsperioden, til 1320 mill. kr i budsjettet for 2017. For fireårsperioden 2014 – 2017 er det løyvt om lag 4 294 mill. kr (nominelt) til fordeling til formålet. Det er vesentleg meir enn målsetjinga i nasjonal transportplan om 2 750 mill. kr. Satsinga er styrkt med ytterlegare 100 mill. kr i regjeringas forslag til budsjett for 2019.
Regjeringa vurderer oppmodingsvedtak nr. 680 (2017-2018) om ei påskjønningsordning for vedlikehald av fylkesvegnettet i samband med rullering av nasjonal transportplan.