Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:548 (2022-2023)
Innlevert: 28.11.2022
Sendt: 29.11.2022
Svart på: 08.12.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Gjeld regjeringa sitt såkalla omstillingsmål for norsk økonomi også utslepp/opptak frå LULUCF, og vil det i så fall vere mogleg å nå målet utan bruk av kvotekjøp sett i lys av NIBIO sine nye framskrivingar som viser eit mykje større utsleppsgap enn det som tidlegare er lagt til grunn?

Grunngiving

I samband med framlegginga av statsbudsjettet, presenterte regjeringa nye utrekningar for korleis Noreg ligg an med å nå klimamåla våre. For ikkje-kvotepliktig sektor sin del er det tale om eit utsleppsgap på 200.000 tonn. Dette er sjølvsagt ikkje bra, men likevelt fullt mogleg å tette med ei moderat styrking av klimapolitikken. Det er også dette gapet regjeringa konsekvent omtalar og viser til, både i offentlegheita og i presentasjonen av "grøn bok".
I den same grøne boka går det fram at det årlege netto utsleppet for skog- og arealbruk (LULUCF) no er framskrive til å vere 6,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar, utan bruk av kompensasjonsmekanismar. Dette er meir enn det dobbelte av den framskrivinga som vart lagt til grunn i Meld. St. 13 (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030.
Konsekvensane av denne kraftige oppjusteringa er vanskelege å overdrive. Dersom det ikkje vert satt inn kraftfulle virkemiddel i skog- og arealforvaltninga umiddelbart, og ein ikkje tek i bruk EUs kompensasjonsmekanisme, vil det samla utsleppsgapet frå denne sektoren i 2030 vere 67 millionar tonn. I tillegg kjem at EU har foreslått å styrke dette regelverket frå 2025, noko som kan auke den norske opptaksplikta med opptil 1,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar årleg på toppen av allereie gjeldande utsleppsgap.
Med mindre regjeringa tar i bruk kraftfulle virkemiddel som så langt ikkje er varsla, er det vanskeleg å sjå at det skal vere mogleg å tette dette utsleppsgapet utan omfattande kjøp av EU-kvoter. Dette er det rom for, både i avtalen om felles gjennomføring med EU, og som del av oppfyllinga av vårt Paris-mål. Men for gjennomføringa av regjeringa sitt "omstillingsmål" på 55 prosent reduksjon gjennom nasjonale tiltak vil ikkje dette vere mogleg. Då blir spørsmålet om regjeringa sjølv meiner at utsleppsgapet i skog- og arealsektoren som følgjer av dei nye utrekningane frå NIBIO vil vere mogleg å tette ved hjelp av nasjonale tiltak, og kva planar som finst for å gjennomføre dette.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Norges nye 2030-mål under Parisavtalen er å redusere utslippene med minst 55 prosent sammenlignet med utslippene i 1990. Regjeringen ønsker å videreføre klimasamarbeidet med EU og arbeider ut fra at vi skal oppfylle det forsterkede klimamålet under Parisavtalen i samarbeid med EU.
Som et tillegg til målet under Parisavtalen har regjeringen i Hurdalsplattformen satt et mer ambisiøst nasjonalt mål. Dette er formulert i regjeringsplattformen som et mål om å kutte norske utslipp med 55 prosent sammenlignet med 1990. Hensikten er at hele det norske næringslivet skal omstille seg i retning lavutslippssamfunnet.
Regjeringens omstillingsmål gjelder innenlandske utslipp og kan dermed ikke oppfylles gjennom bruk av kvotekjøp. Omstillingsmålet er regjeringens eget mål og har ingen direkte kobling til EUs regelverk om skog og arealbruk.