Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:92 (2023-2024)
Innlevert: 11.10.2023
Sendt: 11.10.2023
Svart på: 17.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram forventa utslepp av CO₂ i prosjektet Møreaksen, i byggjeperioden, i sjølve fjordkryssinga samt alle andre vegsystem tilknytt dette prosjektet berekna ut i fra forventa trafikk med all type trafikk slik som bil, kollektiv og tungbil målt i CO₂-utslipp pr dag, mnd. og år, også kontra dagens situasjon med ferjer?

Grunngiving

Møreaksen i Møre og Romsdal framstår for mange som eit prosjekt som er eit av landets verste prosjekt med tanke på utslipp og miljøkonsekvensar.
Prosjektet er for kun 2292 bilar i døgnet over denne fjordkryssinga mellom Vestnes og Molde, som pr i dag har nullutslippsferjer som eit stort fleirtal av befolkninga heller vil ha enn ein undersjøisk tunell ned mot 400 m under fjorden, ein gedigen omveg ut på øyane og gjennom og forbi Molde by.
Ikkje berre er fjordkryssinga med sine bratte og lange stigningar ei utfordring som vil medføre store CO₂-utslipp, men også vegen i tunellar og i dagen vil medføre større inngrep kontra dagens ferjer over fjorden eller eit betre alternativ via Romsdalsaksen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Alle store prosjekt som er aktuelle for prioritering i Nasjonal transportplan 2025-2036 får berekna samfunnsøkonomisk nytte. Dette gjeld også E39 Vik-Molde. I desse berekningane er det også anslag for klimagassutslepp.
Berekningane syner endring i utslepp i analyseperioden frå nytt vegnett samanlikna med veg- og ferjetilbod om tiltaket ikkje blir gjennomført. Berekningane gjeld ikkje berre den aktuelle vegstrekninga som blir bygd eller avløyst, men heile området som blir påverka.
For E39 Vik-Molde syner berekningar som Statens vegvesen har gjort hausten 2023 følgjande endring i klimagassutslepp, berekna i tonn CO₂-ekvivalentar:

• Direkteutslepp frå transport, drift og vedlikehald i analyseperioden: 443 137
• Direkteutslepp frå bygge- og anleggsfasen: 47 102
• Direkteutslepp frå arealbeslag: 32 556
• Sum endring i direkte utslepp i analyseperioden: 522 795
• Indirekte utslepp frå transport, drift og vedlikehald i analyseperioden: 594 227

Berekningane følgjer den forventa endringa i køyretøyparken i samsvar med føresetnadane i Prop. 1 S (2022-2023) for Samferdselsdepartementet, side 195. Analyseperioden er 75 år. Noreg har forplikta seg til måla om reduksjon av klimagassutslepp i Parisavtalen, og dette kan gi reduksjon av klimagassutslepp utover det som er lagt til grunn i desse berekningane.