Skriftleg spørsmål fra Sofie Marhaug (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:230 (2023-2024)
Innlevert: 25.10.2023
Sendt: 26.10.2023
Svart på: 02.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Sofie Marhaug (R)

Spørsmål

Sofie Marhaug (R): Hvilke grep vil regjeringa ta for å gi produsentene mer ansvar for varighet, kvalitet og klageadgang på produkter, for å kompensere for forslaget deres om å skyve regningen over på forbrukere?

Grunngiving

Den 1. oktober gikk høringsfristen ut for endring av forbrukerklageforskriften – gebyr og verdigrenser. Departementet foreslår å innføre gebyr for forbrukere som klager på en vare til Forbrukertilsynets tvisteløsning på kr 1 500 og samtidig en verdigrense på 5 000 kroner for videre behandling Forbrukerklageutvalget. Forslaget har høstet kritikk, både fra forbrukerrådet og miljøorganisasjoner. Grunnen er at dette i praksis sender et signal til både forbrukere og produsenter om at varer til verdier under hhv. 1 500,- og 5 000,- ikke er noe poeng å klage på. For forbrukere er dette en svekking av klageretten, som særlig vil ramme forbrukere med lave inntekter. Midt i en forskjellskrise, der alt blir dyrere, kan det virke som om regjeringa ikke forstår at varer til både 1 500,- og 5 000,- kroner er dyre varer for mange mennesker. Det er trist.
Fremfor å sette verdigrenser på klageadgang, kunne regjeringa gitt produsentene mer av ansvaret for å finansiere tvisteløsninger. Det vil også gi produsentene et ekstra insentiv for å produsere varer som har god holdbarhet og lett lar seg reparere, noe som virkelig trengs i den klima- og miljøkrisen vi står midt oppe i.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av at produsentar og seljarar tek ansvar for å gjere det enkelt for forbrukarane å ta berekraftige val når dei handlar. Å kjøpe varige produkt av god kvalitet er lønnsamt for både eigen økonomi og miljøet. Som styresmakter, er det vår oppgåve å utvikle eit solid regelverk, og sørgje for eit effektivt tilsyn med marknadsføringa og produkta dei næringsdrivande tilbyr. Vi må òg sikre eit godt og effektivt tvisteløysingstilbod for dei tilfella der varen ikkje held den lova kvaliteten. Samla sett medverkar dette til å halde næringsdrivande ansvarlege dersom varene dei sel ikkje held mål.
Regjeringa følgjer opp fleire viktige rettsakter frå EU om mellom anna økodesign, rett til reparasjon, grøne påstandar, berekraftsrapportering og aktsemdsvurderingar i leverandørkjeder. Forslaga til regelverk stiller opp ei rekkje krav til produsentar og seljarar sitt ansvar for mellom anna å hindre førtidig produktsvikt, stanse villeiande marknadsføring og sikre forbrukarane relevant og påliteleg informasjon om høvet til å få produkt reparerte.
For å kunne ta gode val når vi handlar må vi kunne stole på det dei næringsdrivande seier om produkta i marknadsføringa. Eg har sørgt for å styrkje Forbrukartilsynet sin kapasitet til å drive med tilsyn, og bede dei om prioritere tilsyn med mellom anna berekraftspåstandar i marknadsføringa av produkt og tenester.
Produsentane kan òg gjere mykje på eige initiativ. For å kunne nytte det offentlege miljømerket Svana må produsentar mellom anna oppfylle strenge krav til kvalitet, levetid og å kunne reparerast. Svana er svært godt kjent blant forbrukarane og har svært høg tillit som verktøy for å velje meir berekraftige produkt.
Eg har sendt på høyring eit forslag for å styrkje den delen av forbrukarvernet som gjeld handsaminga av forbrukarklager. For meir informasjon om forslaget og det utanrettslege klagesystemet på forbrukarområdet, viser eg til svaret mitt på spørsmål nr. 231 (2023-2024) frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo. Eg er ikkje samd med representanten i at forslaget om å innføre gebyr og verdigrense er å skyve rekninga over til forbrukarane. Dei føreslåtte gebyra utgjer berre ein liten del av dei faktiske kostnadene til staten. Gebyret for mekling utgjer 2 til 3 prosent av dei reelle kostnadane, og gebyret for handsaming i Forbrukarklageutvalet rundt 10 prosent. Forslaget legg opp til at gebyret for Forbrukarklageutvalet kan krevjast tilbake frå motparten dersom ein vinn fram. Departementet har i høyringa spesielt bedt om høyringsinstansane sine innspel på forslaget om innføring av gebyr, og beløpet på ei verdigrense. No er høyringa avslutta, og vi har mottatt gode innspel frå mange høyringsinstansar, og desse vil bli grundig vurdert.
Det er produsentane og seljarane sitt ansvar å tilby haldbare produkt med høg kvalitet, og medverke til å løyse usemje med forbrukarane så tidleg som mogleg. Når partane ikkje greier å bli samde på eiga hand, må vi sørgje for at det finst eit godt og effektivt system for å handsame klager innan rimeleg tid. Det er viktig at dei næringsdrivande opplever at det er ein reell moglegheit at forbrukarane kan ta si sak vidare til tvisteløysing.