Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:537 (2023-2024)
Innlevert: 27.11.2023
Sendt: 27.11.2023
Rette vedkommende: Kultur- og likestillingsministeren
Svart på: 04.12.2023 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kan statsråden stadfeste at betalingsformidlingsforbodet i pengespellova § 5 berre gjeld for digitale pengeoverføringar til og frå utanlandske pengespelselskap som opptrer i strid med norsk lov?

Grunngiving

Det har den siste tida vore reist fleire spørsmål knytt til det norske betalingsformidlingsforbodet, blant anna som følgje av at norske pokerspelarar ikkje får overført lovleg opparbeidde pengepremiar til sine norske bankkontoar. Det skjer sjølv om selskapet som pengane kjem frå ikkje opptrer i strid med norsk lov. Det er av den grunn behov for at statsråden avklarer overfor norske bankar og deira kundar kva typar pengeoverføringar som skal hindrast i medhald av betalingsformidlingsforbodet.
Overordna er det tre typar pengeoverføringar som kan gjennomførast til og frå utanlandske spelselskap:

- Fysiske pengeoverføringar til og frå utanlandske spelselskap.
- Digitale pengeoverføringar til og frå utanlandske spelselskap som ikkje rettar sitt tilbod mot den norske marknaden.
- Digitale pengeoverføringar til og frå utanlandske spelselskap som rettar sitt tilbod mot den norske marknaden.

Det er berre i det sistnemnde tilfellet at det utanlandske spelselskapet tilbyr sine tenester i strid med norsk lov. I det første og det andre tilfellet gjer verken den norske kunden eller det utanlandske selskapet noko som er i strid med den norske pengespellova. Nordmenn kan lovleg nytte seg av tenestene til utanlandske spelselskap, og utanlandske spelselskap kan lovleg akseptere norske kundar så lenge tilbodet deira ikkje er retta mot den norske marknaden.
Så lenge tilbodet er lovleg og nordmenn lovleg kan nytte seg av tilbodet, må pengeoverføringa mellom kunden og selskapet også vere lovleg. Likevel er det fleire kundar som opplever at norske bankar stansar pengeoverføringar til og frå utanlandske spelselskap som ikkje opptrer i strid med norsk lov. Då blir spørsmålet om regjeringa meiner det er greit at norske bankar hindrar fullt ut lovlege pengeoverføringar.

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Pengespellova § 5 om betalingsformidlingsforbodet slår fast at «Det er forbudt å formidle betalingstransaksjoner ved innskudd til og utbetaling fra pengespill som ikke har nødvendig tillatelse etter denne loven».
Regelen inneber at pengespel som ikkje har naudsynt løyve til å tilby pengespel i Norge, er omfatta av forbodet. Det kan være pengespel både frå norske pengespelselskap fysisk i Norge og på nett, og frå utanlandske pengespelselskap på nett.
Norske bankar skal stanse betaling til og frå pengespel på nett som ikkje har løyve. I Norge er det berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har løyve til å tilby kasino- og sportsspel på nett, ingen andre har naudsynt løyve til slike pengespel.
Bakgrunnen for kva pengespel betalingsformidlingsforbodet omfattar, er forklart i førearbeida til betalingsformidlingsforbodet når det vart innført i Norge i 2010, i Ot.prp. nr. 80 (2007-2008) Om lov om endringer i pengespill- og lotterilovgivningen (betalingsformidling m.m.) s. 19:
«Forbud mot betalingstjenester til pengespill uten norsk tillatelse vil rette seg mot alle betalingsformidlere som tilbyr sine tjenester i Norge. På lotterifeltet er det lagt til grunn at adgangen til å håndheve norsk regelverk overfor fjernspilltilbud er begrenset til de aktører/hjemmesider for pengespill som anses å ha innrettet sitt tilbud mot Norge (bruk av norsk språk, begivenheter det spilles på, særskilt tilrettelegging for norske spillere på annen måte, m.v.). Dette forutsetter en skjønnsmessig vurdering av det enkelte nettstedet. En lignende grensedragning har blitt vurdert for forbudet mot betalingsformidling. Det vil imidlertid være svært vanskelig for betalingsformidlerne å vurdere lovligheten av hver enkelt transaksjon på skjønnsmessige vilkår. Departementet viser imidlertid til at et generelt forbud mot betalingsformidling ikke vil være for vidtrekkende, da behovet for å begrense tilgjengeligheten kan være like stor ved spill som ikke har en særskilt innretting mot det norske markedet, men som like fullt aksepterer og mottar innskudd fra norske spillere.» (…) «Ut fra en helhetlig vurdering finner departementet at det ikke er grunnlag for å differensiere mellom ulike pengespill som er innrettet mot Norge eller ikke, men at forbudet får anvendelse på pengespill som har fått virkning i Norge ved at norske innbyggere har anmodet betalingsformidlere om å bistå ved gjennomføringen av spillet ved å yte betalingsformidling.»
Regelen i pengespellova av 2022 § 5 om betalingsformidlingsforbodet vidarefører det tidlegare gjeldande betalingsformidlingsforbodet som vart innført i 2010 i tidlegare gjeldande pengespellov, lotterilov og totalisatorlov. Kultur- og likestillingsdepartementet har ikkje lagt opp til ei endring av tolkinga av betalingsformidlingsforbodet i gjeldande pengespellov, ifølgje førearbeida til pengespellova ved Prop.220 L (2020-2021) Lov om pengespill (pengespilloven) s. 186.