Skriftleg spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1837 (2023-2024)
Innlevert: 23.04.2024
Sendt: 23.04.2024
Svart på: 29.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden avklare om dei 2 nevnte prosjekta, Masfjordsambandet og Ytre Steinsund bru, også vil få forskotsvis rentekompensasjon i tråd med anmodinga for kommunepropsisjonen for 2021, samt seie noko om kva tidsrammer fylkeskommunen må forhalde seg til for å få ein forskotsvis rentekompensasjon gjennom ordninga med tanke på at det har teke lang tid å få på plass naudsynete avklaringar, både frå departement og fylkeskommune?

Grunngiving

I kommuneproposisjonen for 2021 ba Stortinget om ei ytterlegare forbetring om kompensasjon for renteutgiftene forskotsvis og ikkje berre etterskotsvis for ferjeavløysingsmidlar.
«Stortinget ber om at det legges fram en egen tilskuddsordning som kan avhjelpe rentekostnadene de første årene etter at prosjektet er ferdigstilt. Stortinget ber regjeringen om å komme tilbake med endringsforslagene i framlegget til statsbudsjett for 2021.»

Gjennom framlegginga av kommuneproposisjonen 2021 vart aktuelle prosjekt som kunne få slik starthjelp (rentekompensasjon) framover nevnt.
2 av desse prosjekta, hhv. Masfjordsambandet og Ytre Steinsund bru i Vestland fylkeskommune vart begge nevnt. Desse prosjekta fekk allereie i 2017 godkjent søknader om ferjeavløysingstilskot.
Vestland Fylkeskommune mottok tilsvar frå KMD 20.11.2020 vedrørande Ytre Steinsund bru. Der vart det vist til gjeldande retningsliner for 2017 og ikkje kompensasjon for renteutgifter, medan dei reviderte retningslinene som inkluderer rentekompensasjon var innført 7. oktober, altså 1 mnd før tilsvaret for Ytre Steinsund bru var sendt.
Først 28. mars 2023 fekk fylkeskommunen stadfestinga av det årlege ferjeavløysingstilskotet for Masfjordsambandet. Her vert heller ikkje anmodingsvedtaka i Stortinget fulgt opp. KDD viser til at søknaden vart handsama etter retningslinene i 2017 og at prosjektet dermed ikkje vil kunne få etterskotsvis rentekompensasjon som anmodningsvedtaket ba bud om. Dette til tross for at svaret først kom to og eit halvt år etter at nye anmoda retningsliner om rentekompensasjon vart innført. Også forskotsvis rentekompensasjon innan gjeldande frist i 2027 er vanskeleg å oppnå i dette prosjektet ettersom svaret først førelåg i 2023.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Den fylkeskommunale ferjeavløysingsordninga er ei god ordning som bidreg til ei stor, langvarig og føreseieleg delfinansiering av nye vegsamband langs kysten. Ferjeavløysingsordninga inneber i stort at det årlege beløpet som fylkeskommunane får til ferjesambandet via rammetilskotet, blir vidareført som årleg beløp i ferjeavløysingsmidlar når ferjesambandet blir lagt ned og fylkeskommunen ikkje får midlar til ferja lenger. Utan ferjeavløysingsordninga hadde fylkeskommunane mista desse midlane når ferja blir lagt ned. Årlege ferjeavløysingsmidlar blir meir konkret berekna på grunnlag av utslag i rammetilskotet ved å avløyse eit ferjesamband med eit nytt vegsamband. Ifølge punkt 4.2 i retningslinene for ferjeavløysingsordninga skal storleiken på ferjeavløysingsmidlane fastsettast ut frå inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir behandla.

I 2018 blei det tatt i bruk eit nytt kriterium for ferjer, som førte til at nokre ferjesamband ville utløyse eit lågare beløp i rammetilskotet frå 2018, og dermed òg i årlege ferjeavløysingsmidlar. Det gjaldt mellom anna Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru. På bakgrunn av ein merknad frå kommunal- og forvaltningskomiteen i behandlinga av kommuneproposisjonen 2018, jf. Innst. 422 S (2016–2017), er det lagt til grunn at endelege søknader som blei sendt i 2017 skal behandlast ut frå inntektssystemet og retningslinene for ferjeavløysingsordninga slik dei var i 2017.

Dåverande Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar søkte om ferjeavløysingsmidlar for høvesvis Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru i 2017. Dei årlege ferjeavløysingsmidlane for begge prosjekta er derfor basert på utslag i rammetilskotet for 2017, kor beløpet i rammetilskotet knytt til ferjesambanda på dei aktuelle strekningane var høgare enn etter 2017. Ordninga med at rentekostnadar òg kunne dekkast innanfor ferjeavløysingsordninga kom i 2020, og var ikkje ein del av ordninga med retningslinene for 2017. Ifølge retningslinene skal ikkje storleiken på ferjeavløysingsmidlar bereknast på nytt viss det seinare blir gjort endringar i inntektssystemet eller i ferjeavløysingsordninga. Det gjer at fylkeskommunane kan risikere å ikkje få del i eventuelle seinare utvidingar av ferjeavløysingsordninga, men sikrar at fylkeskommunane ikkje blir råka av eventuelle innstrammingar i ordninga, og gjer òg ordninga føreseieleg.

Det er òg slik at dei ordinære ferjeavløysingsmidlane blir finansiert innanfor rammetilskotet til fylkeskommunane. Det betyr at viss eit vegprosjekt får meir i årlege ferjeavløysingsmidlar enn reduksjonen i rammetilskot ved å leggje ned ferjesambandet, må dei andre fylkeskommunane bidra meir til ordninga.

Då Solberg-regjeringa la fram forslag om ei ekstra rentekompensasjonsordning i Kommuneproposisjonen 2022, blei det lagt grunn at ho skulle finansierast av friske midlar utanfor dei ordinære ferjeavløysingsmidlane. Ordninga skulle vidare gjelde for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdigstilte mellom 2022 og 2027. No er det berre Nordøyvegen-prosjektet i Møre og Romdal som så langt er aktuelt for eit ekstra tilskot. I statsbudsjettet for 2024 foreslo regjeringa eit ekstra tilskot til dekking av kapitalkostnadar for Nordøyvegen. Eg må kome attende til om dei to prosjekta Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru eventuelt skal få eit ekstra tilskot til å dekke kapitalkostnadar innafor denne ordninga, då det mellom anna vil avhenge av om og når prosjekta blir realiserte.