Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden avklare om dei 2 nevnte prosjekta, Masfjordsambandet og Ytre Steinsund bru, også vil få forskotsvis rentekompensasjon i tråd med anmodinga for kommuneproposisjonen for 2021, samt seie noko om kva tidsrammer fylkeskommunen må forhalde seg til for å få ein forskotsvis rentekompensasjon gjennom ordninga med tanke på at det har teke lang tid å få på plass naudsynete avklaringar, både frå departement og fylkeskommune?
Begrunnelse
I kommuneproposisjonen for 2021 ba Stortinget om ei ytterlegare forbetring om kompensasjon for renteutgiftene forskotsvis og ikkje berre etterskotsvis for ferjeavløysingsmidlar.
«Stortinget ber om at det legges fram en egen tilskuddsordning som kan avhjelpe rentekostnadene de første årene etter at prosjektet er ferdigstilt. Stortinget ber regjeringen om å komme tilbake med endringsforslagene i framlegget til statsbudsjett for 2021.»
Gjennom framlegginga av kommuneproposisjonen 2021 vart aktuelle prosjekt som kunne få slik starthjelp (rentekompensasjon) framover nevnt.
2 av desse prosjekta, hhv. Masfjordsambandet og Ytre Steinsund bru i Vestland fylkeskommune vart begge nevnt. Desse prosjekta fekk allereie i 2017 godkjent søknader om ferjeavløysingstilskot.
Vestland fylkeskommune mottok tilsvar frå KMD 20.11.2020 vedrørande Ytre Steinsund bru. Der vart det vist til gjeldande retningsliner for 2017 og ikkje kompensasjon for renteutgifter, medan dei reviderte retningslinene som inkluderer rentekompensasjon var innført 7. oktober, altså 1 mnd. før tilsvaret for Ytre Steinsund bru var sendt.
Først 28. mars 2023 fekk fylkeskommunen stadfestinga av det årlege ferjeavløysingstilskotet for Masfjordsambandet. Her vert heller ikkje anmodingsvedtaka i Stortinget fulgt opp. KDD viser til at søknaden vart handsama etter retningslinene i 2017 og at prosjektet dermed ikkje vil kunne få etterskotsvis rentekompensasjon som anmodningsvedtaket ba bud om. Dette til tross for at svaret først kom to og eit halvt år etter at nye anmoda retningsliner om rentekompensasjon vart innført. Også forskotsvis rentekompensasjon innan gjeldande frist i 2027 er vanskeleg å oppnå i dette prosjektet ettersom svaret først førelåg i 2023.