Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Akselsen, Olav (41 - 52 av 52)

  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 20.12.1990

    Svart på: 09.01.1991 av justisminister Kari Gjesteby

    "Det har i lengre tid vore uhaldbare forhold for varetektsinnsette ved arresten ved Bergen politikammer. Kva tiltak vil justisministeren setja i gang for å få til ei permanent løysing på desse problema?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 25.04.1990

    Svart på: 02.05.1990 av justisminister Else Bugge Fougner

    "Stortinget har vedteke at det skal opprettast eit fengsel for innsette med alvorlege personlegdoms-avvik. Det vart sett ned ei arbeids- gruppe for å førebu etableringa. I mandatet til denne gruppa heiter det at ein skal "særskilt utrede muligheten for å legge institusjonen utenfor Oslo- området." Står denne målsetjinga ved lag?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 25.04.1990

    Svart på: 02.05.1990 av utdannings- og forskningsminister Einar Steensnæs

    "Undersøkjingar syner at større og større del av dei som tek høgare utdanning kjem frå såkalla akademikarheimar. Kan dette ha samanheng med stadig dyrare studiefinansiering?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 30.03.1990

    Sett fram av: Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (A)

    Svart på: 04.04.1990 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "Regjeringa Harlem Brundtland sette ned eit utval til å vurdera tiltak og virkemidlar for reduksjon av avfallsmengda og etablering av retur- og gjenvinningssystem. I Danmark er kommunane gjennom lov pålagt å innføra kjeldesortering av husholdsavfall. Vil miljøvernministeren vurdera liknande lovforslag i Noreg?" (Tatt opp av Karl Eirik Schjøtt Pedersen)
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 30.03.1990

    Sett fram av: Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (A)

    Svart på: 04.04.1990 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "I "Miljøvernpolitisk redegjørelse" vert det sagt at ein tek sikte på å avgi ei erklæring på Bergenskonferansen om stabilisering av CO2-utsleppa på i989-nivå innan år 2000, slik stortingsfleirtalet vedtok forrige periode. Kva konkrete tiltak vil verta sett i verk for å nå denne målsettjinga i Noreg?" (Tatt opp av Karl Eirik Schjøtt Pedersen)
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 12.03.1990

    Svart på: 21.03.1990 av justisminister Else Bugge Fougner

    "Ved ein del større politikammer er det tilsett eigne arrest- forvaltarar. Det finst inga form for utdanning for desse. Dette til tross for at dei kan ha med svært fårlege fangar å gjera. Vil justisministeren gjera noko med dette, til dømes gje tilbod om etterutdanning som for fengselsbetjentar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.02.1990

    Svart på: 21.02.1990 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Med bakgrunn i sysselsetjingssituasjonen i Hordaland løyvde Stortinget i 1989 30 mill. kroner til framskynding av anleggsstart på ny Åkrafjordveg. Til tross for at berre 9 mill. kroner er nytta går det no mot full stans i utbyggjinga. Ifølgje media skuldast dette at resten av midlane er nytta andre stader. Korleis kan slikt skje, og kva vil samferdselsministeren gjera for at Åkrafjord-utbyggjinga skal verta fullført som planlagd?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 11.01.1990

    Svart på: 17.01.1990 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "Ved kongelig resolusjon av 28. juni 1985 vart Herdla naturreservat med tilliggjande fuglelivsfreding oppretta. Naturreservatet har ei rad verne- reglar. Mellom anna er det forbod mot motorisert ferdsel til lands, eller endring av dei naturgitte forholda. Likevel føregår det stort uttak av sand innan området. Det er på det reine at dette er i strid med føresetnaden for vern. Vil miljøvernministeren bidra til at sanduttaket snarast vert avvikla?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til justisministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 06.12.1989

    Svart på: 13.12.1989 av justisminister Else Bugge Fougner

    "Den 3. oktober 1989 hadde Adresseavisa eit oppslag om ei åtte år gamal jente som vart angripen og biten av ein hund. Som fylgje av dette vart halve øyre reve av og ho måtte sy nærare 40 sting. Forholdet vart meldt til politiet, men saka vart lagt bort. Om ein sau vert angripen, kan saueigaren forlanga hunden avliva med øyeblikkeleg verknad. Er det slik at fe har betre rettsvern enn folk?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til kommunalministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 24.11.1989

    Svart på: 29.11.1989 av kommunalminister Johan J. Jakobsen

    "Nevrologiske undersøkjingar utførte av forskarane ved Norsk Under- vannsteknologisk Center (NUTEC) i Bergen syner at over halvparten av djup- vassdykkarane har hatt trykkfallssjuke. Ein av fem synest å ha fått permanente langtidseffektar i sentralnervesystemet, mellom anna nedsett konsentrasjonsevne, svekka hugs og skjelving på henda. Kva vil sosialministeren gjera for å redusera skadeverknadane av slike dykk?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til forsvarsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 23.11.1989

    Svart på: 13.12.1989 av forsvarsminister Per Ditlev-Simonsen

    "I Troms og nordre delar av Nordland føreligg det planar om utbyggjing av militære anlegg for tilsaman 4,3 milliardar kroner i åra fram til 1993. Truleg vil dette føra til store inngrep på naturen. Kva tiltak vil Forsvarsdepartementet setja i verk for at skade- verknadane på miljøet skal verta så små som mogleg?"
  • Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Svart på: 01.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Ifølge medieoppslag føreligg det planar om å flytta sorterings- avdelinga ved Stord postkontor til ein av nabobyane. Dette vil medføra eit tap av 30 arbeidsplassar. Kan samferdselsministeren stadfesta - eventuelt avkrefta om desse oppslaga har rot i røyndomen?"