Spørjetimespørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til sosialministeren

Om praksisen i einskilde kommunar og Kommunenes Sentralforbund med å pressa tilsette til å slutta når dei er 67 år, som kan føra til reduserte pensjonar

Datert: 08.01.1999
Svart på: 13.01.1999 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): I Arbeidsmiljølova § 60 nr. 3 blir det stadfesta at alle arbeidstakarar har vern mot oppseiing fram til dei fyller 70 år. Einskilde kommunar og Kommunenes Sentralforbund har likevel ein praksis med å presse tilsette til å slutte når dei er 67 år. For nokre, ofte kvinner med kort yrkeskarriere, kan dette føre til reduserte pensjonar. Det er lova av så vel denne Regjeringa som den før å rydde opp i dette.
Kva er gjort for å endre denne praksisen ?


Les heile debatten