Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til landbruks- og matministeren

Om det er betre med livdyrimport enn med transport av sau frå Rogaland til Hedmark, på bakgrunn av at Mattilsynet nektar ein sauebonde å hente to verar av frykt for skrapesjuke

Datert: 06.04.2005
Svart på: 13.04.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mattilsynet nektar ein sauebonde frå Hedmark å hente to texel-verar frå Rogaland. Grunngjevinga er frykt for skrapesjuke, sjølv om det ikkje er påvist skrapesjuke i Rogaland på mange år. Den nasjonale kompetansen på produksjonsdyr er ikkje rådspurt. Mattilsynet meiner at bonden i staden bør importere verar frå Danmark.
Er statsråden samd i at det er betre med livdyrimport frå Danmark enn med transport av sau frå Rogaland til Hedmark?


Les heile debatten