Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om det er betre med livdyrimport enn med transport av sau frå Rogaland til Hedmark, på bakgrunn av at Mattilsynet nektar ein sauebonde å hente to verar av frykt for skrapesjuke
Datert: 06.04.2005 Besvart: 13.04.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mattilsynet nektar ein sauebonde frå Hedmark å hente to texel-verar frå Rogaland. Grunngjevinga er frykt for skrapesjuke, sjølv om det ikkje er påvist skrapesjuke i Rogaland på mange år. Den nasjonale kompetansen på produksjonsdyr er ikkje rådspurt. Mattilsynet meiner at bonden i staden bør importere verar frå Danmark. Er statsråden samd i at det er betre med livdyrimport frå Danmark enn med transport av sau frå Rogaland til Hedmark?