Om framlegget til politimeisteren i Sogn og Fjordane om å slå saman Sogndal og Leikanger lensmannsdistrikt, og kva svaret frå Justisdepartementet blir
Datert: 23.05.2011 Svart på: 01.06.2011 av justisminister Knut Storberget
Bjørn Lødemel (H): Den 20. juni 2010 sende politimeisteren i Sogn og Fjordane brev til Politidirektoratet med framlegg om å slå saman Sogndal og Leikanger lensmannsdistrikt. Avgjerda var teken i samråd med dei 2 lensmennene og arbeidstakarorganisasjonane. Kommunestyret i Leikanger har støtta framlegget. Den 3. august 2010 sende Politidirektoratet brev til Justisdepartementet der dei støtta politimeisteren sitt framlegg.Når får politimeisteren svar på spørsmålet om samanslåing av dei 2 lensmannsdistrikta, og kva blir svaret?